1.november- Eventyret vårt slutter…..
Oj. oj. Her sit no byssejenta, kapteinen hat klargjort båten for vinteren med uteteneste, og byssejenta har teke seg av indreteneste. Det er vanskeleg å uttrykkje kva vi kjenner inn i oss.Nesten 7 månader ombord i denne fantastisk skuta, Aurora, som har ført oss denne lange reisa, og det HEILT perfekt. Tusen takk Aurora! Vil takke Tor Viggo Mikalsen for den tida vi var ombord frå Florø til Estepona.Ein fantastisk navigatør å ha ombord!
Det blir sjølvsagt koseleg og kjekt å kome heim att til familie, slekt og vener, men vi må seie at dette har vore eit farleg godt liv. Balsam for sjela, og verkeleg til anbefaling for andre.
Vil takke alle dokke som har følgt oss på bloggen, og alle kjempegode vener vi har fått undervegs. Dokke har alle gjort sitt til at vårt eventyr vart endå rikare.
No skal Aurora ligge trygt og godt i hamn i Santa Pola, og ho skal få pleie og ettersyn av tannlege-Einar og Oddhild. To flotte personar som bur delvis i Albir.
I morgon tidleg går flyet til Norge. Byssejenta hoppar av i Oslo då ho er invitert av kjære Simen saman med døtrene Maria og Else Jenny til å vitje minstejenta Hanne Sofie i Australia.
Ja, byssejenta er heldig ho. Fortsetter litt ekstra med sitt eventyr, medan kapteinen må heim til Stryn for å få ved i hus, og ikkje minst restarte på sin kuldeteknikk-jobb.
Men… det kjem eit år til 2012. Ja, då ligg Aurora her og ventar på sitt mannskap. Kor ferda går då, er det ingen seglar som veit.
Igjen, takk alle som har fylgt oss på reisa gjennom bloggen.
Byssejenta og kaptein blur aldri ferdig med å takke..- Altså du Glenn i Vågsvåg gjorde ein kjempejobb for oss medan båten låg i Poljen.Takk, takk.
Må også takke våre kjære familier som har gleda seg i saman med oss for at vi skulle få oppleve dette !
Som eit aller siste sitat frå byssejenta til ALLE våre vener undervegs og heime: STORE HJERTER KOMMER OFTE I SMÅ FORPAKNINGER !
Ha det godt og grip dagen..
Besøk frå Stryn
Hei. Eg prøver febrilsk å redigere teksten på bildet av byssejenta og Anne, men får det ikkje til.Harald og Anne reiste frå Santa Pola tilbake til Norge. Vi hadde i mellomtida ein flott segltur til Torreveja, eller Toorevikja som vi kaller det internt.Før vi drog hadde Harald interne kontakter som kunne fortelje at her var eit norsk par med stor bobil på campingplassen i Santa Pola. Vi var ikkje verre på det enn at Harald, Anne , kaptein Bjarne og Byssejenta tok ein overraskande spasertur opp til campingen (som er veldig stor, ca 500 plasser) vi fann dei og det vart ein triveleg og koseleg ettermiddag med prat om slekt og vener.
Eit par dagar seinare, etter at Harald og Anne måtte reise heim til Ekornes og kyrkja i Honndalen, dukka bobilparet opp her på hamna vår, Olav og Tove Heggestad. Vi kosa oss , og det vart gomiddag seinare i veka med spesiell Irish coffee på kinesisk vis. Takk for eit kjempehyggeleg møte, Olav og Harald.
Gandia-Calpe-Santa Pola-Torreveja-Santa Pola : 10.-26.oktober
Hei igjen.No er det lenge sidan sist dokke har høyrt frå oss.
Vi drog frå Gandia og til Calpe saman med Konstanse. Eit verkeleg hyggelig reisefylgje.
Calpe har vi vore fleire gonger, og det er no eit “vindhol” som kaptein Harald seier ombord i Konstanse.Vi var der ein dag og segla vidare til Santa Pola med våre gode vener på Konstanse til Santa Pola.Vi var der eit par dager og kosa oss, men så skulle dei vidare til si vinterhamn Cartagena. Vi tok eit trist farvel med dei i Sata Pola då vi skulle ta i mot nye gjester frå Norge, Harald og Anne Honningsvåg frå tjukkaste Honndalen. Dei var med oss første strekket då vi reiste frå Norge i april.
Valencia – Gandia 3.-8.okt
Kasta loss frå Moraira kl. 08.00 og ankom Valencia kl. 16.30.Heilt stilt på havet,så ikkje segl den dagen.Han”Nils” motor fekk heller ta jobben.
Valencia er ei kjempestor hamn,Vi la til på Real Club Nautico sidan Torill og Harald låg der med skøyta Konstanse, som er det rette namnet på dette smykke av ein Colin Archer.Kapteinen her har hatt kontakt med Konstanse,båten altså, i lengre tid, så endelig fekk Aurora møte sin båtveninne, ja dei fekk til og med ligge ved siden av kvarandre uten å ha ein uteliggar mellom seg.Det vart ankerdram ombord i Konstanse.Var seinare på byen og kosa oss.Åt T-bone steik, og takka vere tannlege-Einar greidde vi å bite frå oss.
Valencia er den 3. største byen i Spania med 807.396 innb.Trur der kom nokre ekstra i løpet av sommaren, men har ikkje fått tala.
PS! Vi er altså no i Gandia, og ikkje Gambia.
Vi seglar mot Valensia
Tannlege-Einar var med oss frå Santa Pola.Hadde ein finfin seglas på 8,5. Kjempebra.Han gjekk i land i Altea, der Honndals-Oddhild møtte oss med deilig etterlengta brød. Dei skulle heim til Norge no .
Det var på tide å kome seg vidare på reisa.La ut tidlig sidan været såg litt grufsete ut utpå dagen.Ja de kan de tru. I godt sig ser vi etter kvart at det svartner på himmelen, og etter nokre timar lyste det og tordna rundt oss, Ikkje ei så god kjensle på havet med mastra til værs.(forhåpentlegvis) Kapteinen beslutta å snu til ei hamn vi akkurat for forbi, ei god beslutning. Ho ”Tora” sprang etter oss, men vi vann innspurten denne gongen. I det vi la inn til kai, var det som om himmelen opna seg og var full av F-16 fly!
Veit de ,kjære lesarar ,at dette var det FØRSTE stor-regnet vi har hatt sidan vi drog frå Norge i april. Jaja, eg veit de har hatt rikelig av den slags..
Ei anna beslutning vi no har teke, jaja, det tek på med slike avgjerdsle, er at vinterhamna vår blir i Santa Pola.Der skal Aurora ligge trygt og godt .
28.september:
Ligg i Moraira. Fin plass med feriehus langt over middels klasse. Fekk i dag beskjed om at vi får vitjing frå Norge 15.oktober. Det er to av dei tre som var med oss frå Norge- Shetland og mønstra av i Isle of Man, Anne og Harald. Det blir no kjekt.
Vi, kapteinen og Byssejenta kan ikkje skjøne kvar alle dagar og månader har blitt av. Nokon snakkar om at 14 dagers ferie er jammen nok! Ka e det for slags tull! Vi alle treng å kople frå det daglege, og det gjer ein ikkje på 14 dager.På den tida rekk ein knappast å pakke opp bagasjen og få system i den. Deretter er det haudet som skal omkoplast og DET tek lenger tid.
Har vore på ein lang spsertur i dag og oppdaga for ein vakker plass Moraira er. Skal seiast at standarden på husa er noko Beverly Hills, men vakkert å sjå på.Det tordnar og lyner framleis. Får sjå om vi fer vidare i morgon.
1.oktober:
Ein merkedag for seglarar som skal i hamn, Hamneavifta går frå og med i dag ned til low-price, dvs, ca 30% billegare.
Kaptein Bjarne hadde i dag telf.kontakt med Colin Archer-skuta, Constante, som ligg i nærområdet .Vi skal sjå om vi kan møtast til ein ordentlig kaptein -og byssejente-pratJ
4.-25. september:Moraira-Altea-Santa Pola
Heihei igjen. Skriv litt i rykk og napp, og no er det altfor lenge sidan de har fått høyrt frå oss.Skriv ikkje så mykje om hav og vind. Det får dokke snakke med kapteinen om.Byssejenta er i god form,solbrun og godt humør(som vanleg hehe)
4.september:
Ankomst Moraira i 14-tida. Kort overfart og nydelig ver for byssejenta. Låg ”longside” som var gjesteplasser. Dyrt og uten internett, men sjølvsagt internett-kafeer. Møtte på vår ven ,Island-Einar ,som hadde vore så uheldig å bli påkøyrd, ja det kan skje på sjøen og. Han låg i hamn, og medan han var i land hadde ein utleigebåt teke sikte på bauen hans, så ankeropplegget kom i ulage. Ja, dette vart ei laaaang forsikringssak, Gjerningsmannen forsvant, men årvakne vitne hadde merka seg identitet.Sum og sumarium enda saka nok greit. Båten er fiksa no.Moraira var ein fin plass som består av 100.-vis retauranter. Skjønar ikkje at der var munnar nok til å mette, men ”byen” såg ut til å vere for societeten når ein såg kva butikkar som var der.
Eg tenkte ein dag eg skulle ta ein liten test på dette. Eg ser ikkje ut som ei rikmannsdame, er heller ikkje det, så eg vandra inn på ein klesbutikk med ryggsekk, men Marc Jacobs flippers, og uten gull og glitter på ALLE fingrane. Dei var travelt opptekne med å lage ny utstilling, og brette varer fint i hyllene. Såg meg ut ei kåpe. Kika på prislappen, 6000 nok, Ja, eg gjorde meg interessert i denne, var bort til dette vidunderet av klesplagg opptil 4 gonger, men ingen respons frå betjeninga.
Obs. Dette var ein test, for eg kjøper ikkje ei kåpe til 6000.
DÅ tenkte eg, ingen er for liten, ingen er for stor som kunde. , så arbeider du lesande i service, så må du ikkje la deg blinde av korleis kunden ser ut. For tenk om eg var ei forkledd Madonna? Neste triks eg skal prøve er å kjøpe ein haug med smykker (1 kilo), og vandre inn, med 1 euro i ”pondjen”.Då SER eg rik ut og får sikkert ei fantastisk behandling.
Dette var eit sidespor i seglermiljø, men byssejenta må gjere litt jenteting inn i mellom skjønar de vel!
7.september:
Fantastisk beskjed frå Norge,Maria, eldstedotter mi og gudmor til båten, vesle Aurora på 8 år kjem på besøk! Då fer vi sjølvsagt sørover for å møte dei nærmare flyplassen i Alicante. I mellomtida fekk vi mail frå delvis fastbuande i Albir, som hadde fylgt oss på bloggen,.Det var Oddhild og Einar, kombinasjon Hornindal/Oslo.Han er tannlege i Albir, og eg som akkurat hadde missta siste stykket av tanna mi! Perfekt! Vi vart einige om å møtast omgåande, så vi hadde ein fin dag i Calpe før Maria og Aurora kom.
10.september.
STOR norsk dag. Maria og Aurora kom med taxi frå flyplassen til Real Club Nautico i Calpe, ei hamn vi har skreve om før.Litt dyrt, men ein fantastikk plass(igjen)
Velkomst med Cava og flybore Mors flatbrød,Dronning kokesjokolade og litteratur om Spania.
Masse bading, picnik på stranda, museum, aquarium og mykje varme.
13.sept.
Klar for Altea.
Fin hamn, men ikkje badestrender. Jau, der er det, men god gammeldags steinstrand men med kvite steinar. Store bylgje som fyller badebuksa med steun, så det er ei tung bør å gå tilbake til båten.Var på besøk i Oddhild og Einars residens. KJEMPEKOSELIG! Byssejenta fekk også ein tur innom tannlegekontoret .
Vi tok ein taxitur, underteikna, kapteinen , Maria og Aurora til Terra Natura som var berre 10 min avstand. Absolutt verdt eit besøk. Vi var der ein heil dag og menga oss med pantere og geiter, slanger, elefanter, ørner etc, , og enda til slutt opp i eit badeland i same området. Godt tips for utflukt til dokke som er i området.
16.september, Villajoysa
Ei litt dyr hamn, men vakker by. Var t.o.m vist inn i ein privat heim. Det skuldas ei mistyding då vi spurte etter eit castle, og bysejenta sa casa, som betyr hus. Intressant oppleving.Kom endelig til dette castle, og der var det bryllup, så vi fekk med oss litt av det og.
18.septembe:r
No var det innpå tida med våre gjester, så vi bestemte Santa Pola som endehamn i forhold til flyplass.
Marina Miramar. Rimelig og bra.Interssant museum, og der hamna vi no inn i ein dåp i ei kirke vi nysgjerrige nordmen titta inn .Trist at våre kjære måtte tilbake til skule og jobb, men vi alle hadde ei fantastisk tid saman. Takk for besøket!! No har gudmora Aurora sett at båten er i trygge hender, sjølv om ho fekk litt for mange moskitosbit.Verken Maria eller Aurora viste teikn til sjøsjuke.
I skrivandes stund er vi framleis i Santa Pola. Her vil Island-Einar forlate oss. Han fer sør og vi fer nordover til Valenzia.Har i dag kjøpt vodafone, så no skal ikkje internett bli noko problem vidare(trur vi)I morgon får vi besøk av tannlege-Einar og Honndals-Oddhild.
Helsing kaptein Bjarne og byssejenta, lille havfrue.


























