PostHeaderIcon 15-17.mai

Då  baska vi oss gjennom straumer frå Neyland for så å møte Altanterhavet igjen.No var desitnasjon Brest, Frankrike.

Undervegs hadde vi 2 storbesøk av delfiner. Å. så herlige dyr. Det er som «Flipper» er tilbake igjen. Som ein engel som finns i det store havet, ein fortruleg kamerat som ein berre har lysst til å snakke med.Det er ikkje det at eg har problem med det, men eg syns delfiner er rett og slett nokre fantastiske dyr i dette store mektige havet. Dei nøytraliserer på ein måte dette farlige, skumle.Nok om det, som far min bruker å seie.

Vi ankom Brest  23.30, Det var nesten fullmåne , så den lyste og geleda oss fint i hamn.16. mai  er vanlegvis ein dag der vi mammaer har meir enn nok med bunadsskjorte og flagg. Vi var trøytte etter masse frisk luft, så det vart tidleg kveld.

Eg hadde ein plan for morgendagen. Stod «forholdsvis» tidleg opp. Hadde eitt egg igjen, så ei vaffelrøre vart laga.Ei av mine kjære veninner(Eli må ikkje bli fornærma, for du er nr, 1)hadde gjeve meg ein 17. mai duk før eg reiste.Den vart lagt på bordet. 17. mai sløyfer var medbragt, så ein flott frokost vart det.

På Tingvoll. den fantastiske freda heimen, hadde kjære svoger Tor heist flagg. Ja , i år kunne vi virkelig heise det med stoltheit.Tusen takk Tor.

No ligg vi ved hamn nokre dager.Litt greit i forhold til ein del lange overfarter.

Det er berre Bjarne og eg ombord no.Vi koser oss like mykje åleine som i kollektiv. Begge deler er berre supert.

Tenkte på det i dag, DU så heldig eg er som får oppleve dette.Sjølvsagt er det litt leit å ikkje ha borna her, men så lenge dei har det bra, har eg det bra.

Ein gong i tida hadde eg fransk på gymnaset. No er det litt artig , etter 40 år, at faktisk sit nokre få gloser fast i hard-disken(det fanst ikkje hard-disk då)men ein plass må dei ha vore i mellomtida.

Bjarne er no blitt så brun at eg lurer på om eg får han inn igjen til Norge når vi ein gong skal heim.Får søkje på spesielt grunnlag.

Det er endå lite bilde, men som antidatanerd har vi litt vanskelig med  å få til alle tastingane, men det kjem vel etter kvart.

Ellers får Bjarne kome med meir tekniske fakta for de som er seglarar. Eg er berre ein miljøgartner og stuert ombord. Eg skal slutte å kalle cockpiten for veranda, for det er ikkje båtspråk.

Ha det nesten like fint som oss alle vener, famile og tilfeldig passerande:)

Leave a Reply