PostHeaderIcon 29.mai framleis Frankrike

Her er vi igjen. Har rett og slett hatt travle dager med vårpuss på båten. Vi reiste så tidleg fra Norge at det vart ikkje tid til båtpleie, men NO skal eg seie dykk at S/Y Aurora er så rein og blank og fin at vi blender nesten motgåande fartøy.Har hatt landligge ei stund no, men skal seie at dagane flyg avgarde.Hadde aldri trudd at i ein båt på 40 fot beveger seg frå «kjøken- toalett- veranda-kontor-soverom, som om det er i eit hus på land.Eg trudde at ein liksom går kvarandre på nervane i eit så  lite areal, men det kjennast som ein har ei stor leilighet med DEN panoramautsikta som endrar seg kvar gong ein ser ut»gluggen»

Små tips frå ei førstegangsreisdame:

Ta med eit lite leksikon då internett ikkje  alltid er på norsk nivå.Det er så mykje ein lurer på undervegs. Flagg, nasjonar, folketal, vin,planter, steiner, ja det meste.

Gå litt på av-venning før du reiser når det gjeld mengdebruk av toalettpapir.

Zalo og skikkelig grønsåpe er og kjekt å ha. Dette var litt kjedelige greier , men godt å vite som eg sa.

Her om dagen hadde vi stor-rensing av teaken. (dette er berre  båtfolk som skjønar) Vi landkrabbe-husmødre tenkjer mor si julereingjering av salongbordet med teakpolish, men dette er ikkje heilt det same såg eg.Eg ville sjølvsagt ikkje grise til ein av dei få fine shortsane eg har, så friskt i minne med aking på boss-sekker, tredde eg på meg ein svart boss-sekk.Klipte hol for armer og hals, og vips hadde eg ei super arbeidsdrakt. I slike fine hamner sømer det seg kanksje ikkje, men nokre drog på smilbandet, og tenkte HEILT sikkert: At eg ikkje har  gjort det same..

No er det slutt på all polering .Har pakka GODT ned poleringsvæska.Ja eg tenkte eg ikkje skulle finne den igjen om Bjarne spør hehe.

Ellers er vi veldig glad for å vere pdf abbonent(ekkelt ord) på lokalavisa vår Fjordingen.Ikkje så mykje å lese der no når Tingvoll-saka(lokal info) er avslutta, men vi fylgjer med kven som får born og kven som gifter seg, samt ALLE  hesteutstillinga med utdeling av sløyfer.

Ha det godt alle saman.Andre som er på havet, sjå etter  den blankaste båten, Aurora. Inni den er vi:)

5 Responses to “29.mai framleis Frankrike”

  • Else Jenny says:

    For eit koselig innlegg! Kjekt å høyre frå kvinneperspektiv dei praktiske ting som er viktige å huske på 🙂
    Eg tviler ikkje eit sekund på at båten er blank og fin! Kos dokke med skiftande utsikt, her er utsikta den samme, men no regner det. Stor klem

  • Synnøve Aaberg says:

    Ein annan ting som ein bør ha med seg på segltur når ein drar frå moder Norge er oppvaskkost frå Jordan. Dei oppvaskkostane du får i utlandet varer bare i 14 dager, medan ein kost frå Jordan varen nesten heile jorda rundt…

    • Bjarne says:

      Ja du har faktisk rett i det.Kjøpte ei ny i England, den er no utsleten.Ha ein fin tur vidare, og heim til Olden.
      mvh Henny

  • Sigbjørn Jordheim says:

    Hei på dere
    Veldig spennende og lese deres framferd og erfaringer mot middelhavet. Skal samme ruten og 2 år og er i planleggingsfasen. Forstår dere koser dere på tur sydover. Ser flere norske båter er i startfasen nå. God tur videre og med Biscaia overfarten. God seilas
    Mvh
    Sigbjørn Jordheim

    • Bjarne says:

      Hei Sigbjørn,
      Vidare seilas blir avgang Torsdag, vi har hatt en pause i Brest og tatt vårpussen over fenderlista som vi ikke fekk tid til før avreise Norge. Utstyr som vi monterte har fungert uten problem, det vi har mest problem med som alle andre seilere er nett tilgang, har montert WiFI 400 antenne som fungerer perfekt men er da avhengig av åpne nett eller få passord frå land dersom vi ligger for anker. Det er også et problem med gass, eg kjøpte 3stk 2kg primusflasker før eg reiste og tenkte dette var gjengs og få byttet men det går ikke i England eller Frankrike der er det 3kg primusflasker som må kjøpest og med 8mm slangetilkobling og anna regulator, ta med 8og10mm gasslange og med overgang slik att man kan koble sammen 8og10mm slange, regulator kjøpes under vegs for 6 pund. Planleggings fasen som de jobber med er ei spennede og utfordrende tid, det er mange valg angående utstyr som en må tenke godt igjennom. Vi holder kontakten.

      og 10mm gasslange og en overgang

Leave a Reply