PostHeaderIcon Banavie/Wales

Det har vore ein  rar opplevelse å gå i kanalen 34 m.o.h. Vi følte at vi  var Brødrene Dahl som smaug seg gjennom smale «elver» mellom kyr, sauer og fuglekvitter, og DÅ i ein seglbåt.

Nedstiginga i dei 8 siste slusene var 19.5 m   i ei lengde på 450 m.Vi kom då ut i Bonavie.Lagde oss  ei skikkelig Canalgryte ombord, og for så vidare.

Vi ankom Oban på ettermiddagen.    La  til i sentrum ved siden av ein gammal koselig både båt og mann. Besøkte Obans whiskydestilleri, og fekk sjølvsagt med oss ein suvenir, ein flytandes.Whisky og turister var hovednæringa her, og  DET har vi skjønt.

29.04. var de den store bryllupsdagen. Såg ikkje ut til at skottane var så veldig opptatt av det, men eg kjøpte meg i alle fall eit kongelig krus for å glede Dronning Elizabeth,.

Avreise fra Oban samme dag, og for å korte litt på  Irskesjøen tok vi ei ny kanalreise, Crinian- kanalen.Vi kom nesten gjennom heile kanalen denne dagen før den stengte. Det spesielle med denne kanalen, som er kalla Juvelen, er at den er «hand-dreven». Den er så gammel at bruer sveivast for hand , og vi måtte sjølv hjelpe til med å opne slusene. Anne og Harald tok seg nesten sommerjobb her.

30/04. drog vi vidare  og kom oss gjennom siste del av kanalen, og ut igjen i Irskesjøen. Vi stampa i strum, og hadde på det meste 41 knop vindstyrke,Litt svinn med briller, og litt blåkuler, men det høyrer med .

Vi bestemte å gå i ly i Campeltown.Laga oss ein velfortent middag og køya tidlegg .

Vi låg over her neste dag sidan det var 1. mai, arbeidernes nasjonaldag,he, Nydelig vær , 18grader, og ved siden av oss låg eit skotsk par med ein båt som heitte Nordlys. Dei ville ha eit norsk namn på skuta, sa dei. Artig då at vi hadde Aurora  ved siden av  som og tyder nordlys.

Vi besøkte og minneparken til Linda Mc Cartney.

2. mai drar vi videre med tanke på Patrick havn. Der var det så grunt at «halen» vår kom i sanden. Vi fylte diesel fra kannene vi hadde og sette kurs for Isle of Man.

Ankom der kl. 23.00 i Peel.

3. mai. Ekskursjonsdag . Var på museum, gjekk i vikingane  og kelterane  sine spor, og fann ut at vikinghistoria her er eldre enn vår. Kontakte Inger Johanne Lunde frå Stryn som bor i Castletown, ca 20 min kjøring fra Peel. Ho var så elskverdig og tok oss med på sightseeing til Tingvall, lokale puber, ja, vi var og heim til ho og Robert.

Ho ga oss ein fantastisk dag.

4. mai, ein litt trist dag då Anne og Harald for tilbake til Norge, men vi håper at dei mønstrer på seinare på eventyrreisa vår.

Vi  seglar no vidare, mannskap på 3, Henny, Bjarne og Tor Viggo.

Ankom Wales, Holyhead i 23-tida og kl. 24.00 gjekk startskotet for Tor Viggos 50 års dag, og den varte til langt på natt med høg sigarføring .

5.mai. Vi ligg i Holyhead marina og i morgen segler vi vidare…

Vi har VELDIG sjelden nettforbindelse, så kjære lesarar: De må ha tolmod til å vente på nye oppdateringer, men dei kjem, og då med bilde, No tar det ein halv dag å laste opp eit bilde, så det skjønar,

4 Responses to “Banavie/Wales”

  • Hei. Leser siden deres med stor interesse.Nå er det bare 3 uker til vi drar avgårde samme veien. God tur videre.

    Hilsen Torill og Harald

  • Sigbjørn Jordheim says:

    Hei Bjarne
    Følger deres ferd sydover. Dette går jo riktig unna dette her. Forstår det er magert med nett tilgang ? Hvordan fungerer båt og det ny monterte utstyret synes dere ? Hva med flo/fjære og strøm forhold ?
    Vi skal jo også til middelhavet litt fremi tid. Vurderer kilekanalen eller samme som dere. Vær forsiktig og god seilas videre.

    MVH
    Sigbjørn Jordheim

  • Borgny Brørvik says:

    Gratulerer med riksantikvarens avgjerdsle og god tur vidare!

  • Else Jenny says:

    Godt med eit litt lenger blogginnlegg, mamma. 🙂
    Det var kjempeartig å lese! Kos dokke vidare 🙂

    Stor klem

Leave a Reply