PostHeaderIcon Holyhead- Neyland: vi forlater snart Scotland

Hei. hei her er vi igjen kjære famile slekt, venner og andre som følger med på vår reise.

Der har gått mange dager siden sist,

5. mai vart det feiring av Tor Viggos 50 års dag. Vi laga bursdagskrone på godt barnehagevis(man tager det man har), stor sigarføring og en liten knert. En koselig og laaaang kveld i Holyhead.

6. mai var det «landlov»Vi spiste middag på den einaste restauranten vi fann, og det var ein kinesisk .Enkel med lys lilla vegger og julepynt. Kjempegod mat. I UK får ein ikkje m at før etter kl. 18.00. Før den tid er det berre pub.

7. mai tusla vi vidare, ja tusla og tusla, Må no seie at det ofte kan vere vanskelig med eit dobesøk. Du må «spikre» deg fast til vegg og dørk, og håpe på å treffe skåla. Berre det å kle på seg kan vere ein lang prosess.Kom inn til Aberystwyth i 22-tida, trøtte og vel forsynte med sjøgang.

8.mai ankra vi opp i Fishguard , rett og slett på grunn av at straum og vind ikkje var på vår side.Der vart vi liggande i 2,5 døgn for anker.Der var ikkje muleg å gå i land, så no fekk vi teste tålmod.Det einaste som hopa seg litt opp var søppelet, og det er no ikkje noko stor sak, Vi styrte på med ymse, sov litt. eg teikna litt. småreparasjonar og sjelegjennomgang. Vi fann ut at psyken vår var ganske bra.Var også høgtidleg stemt sidan det var vår freigjeringsdag.

9.mai: Feiring av Tingvoll. Feiring at heimen vår no er verna av Riksantikvaren .Ein kamp vi har kjempa i 2,5 år mor dei store.Då veit vi at Tingvoll ikkje vert rive.

10.mai, Vi hever ankeret og er VELDIG klar for havet. To berykta sund, Jack sone og Ramsey sone skulle overvinnast.Grunnen til at vi låg i Fishguard så lenge var akkurat pga av desse sunda.Eg er innfjording og har ikkje forstand på bølgehøgder, men for meg var det STORE fjell.Håret var så ramsalt at vi alle såg ut som små pønkere hehe.

Kvelden kom vi inn til Neyland Marina. Ei super havn.Fredelig med alle fasiliteter.

Lurte først på om vi var komne til Solgården, da gjennomsnittsalderen var 75, men ikkje vondt meint, her var SÅ godt å vere. Kjempehyggelige menneske.

Det vart dusjing og skifting av sengtøy. No var vi klare for landlov.Skulle handle på «coopen» Eg hadde ikkje hatt fast grunn under føtene på mange dager. så eg følte at eg møtte støtte opp alle matreolane.Ein blir litt hjulbeinte etter kvart.

Denne hamna vil vi anbefale. Her er ca 400 båter som ligg her, men det er private, og her er alt av utstyr til motor etc.PS. Sjekk gassflaske før du fer.Det er 3-liter som gjeld, og 8mm slanger (ja eg læerer litt etter kvart).Eit anna tips.Ta med eit ekstra norsk flagg. Slitasjen er enorm i vind og vær.  Har allereie måtta sy med ei spinkel synål.Ja, er ein designer, så er ein designer.

No er det siste kvelden med nett. I morgon tidleg dreg vi kl. 06.00 med hovedsaklig planer om å dra til Brest. 2,5 døgn i sjøen. Vi har handla inn rikelig med melk.Dess to karane ombord, Bjarne og Tor Viggo er  melkomaner, men eg, underteikna slær eit slag for juicen og hvitvin,

Ha  ein fin 17. mai alle kjære. Vi skal stryke bunadane våre i Brest.

One Response to “Holyhead- Neyland: vi forlater snart Scotland”

  • Else Jenny says:

    Herlig lesestoff denne bloggen! Gleder meg til å sjå ei lita kunstutstilling over teikningar laga på havet når du kjem heim 🙂
    Og ja- heilt enig. Melk er ikkje noko særs. 😉

    Klem

Leave a Reply for Else Jenny