PostHeaderIcon 21.-28.juni Lagos-Gibraltar-Spania igjen

Kom til Lagos 21.06 ca 21.00 Flott hamn som ligg i elveutløpet((ponto de Pieadado).Har status som European Flag Marina.Ei dyr hamn, 40E pr. natt.God tilgang til fuel, men kun kontant betaling.Av kort var det American Express som var godtatt.Ja det henge vel igjen frå gammalt av.Dette er ein typisk turistdestinasjon på Algarvekysten.Litt travel hamn då veit du..Underteikna var kun på land med boss.

Tor Viggo, navigatøren, var på desperat jakt etter sigarettpapir når vi ankom hamna, men der var stengt.Stengjer tidleg slike sjapper heile vegen.Heldigvis fann han nokre attgløymde  i lugaren sin.

22.juni var det avreise kl.10.00.Destinasjonen var siste hamn i Portugal før vi kryssa grensa til Spania igjen.Hamna heitte Villa Real de Santo Antonio.Havet var flatt som dei seier på fagspråket. Nydelig sol .Ja sola oss VEL mykje.Når eg seier vi ,meiner eg dei mannlege mannskapet som ikkje skal bruke solkrem.Det gjekk bra. Huda er godt salta og bra solbestandig.

Det dukka plutselig opp nord-sør-aust-vest lateralmerkje som ikkje var å sjå på kartbrikke frå 2011. Obs obs. Det som var mellom desse fire var eit stort oppdrettanlegg.Ingen draum å vikle seg inn i dette ei fin mørk sommernatt på havet. Med oss gjekk det greit, for med seks årvakne auge er det ikkje mykje som går forbi.

Det som er veldig mykje av langs denne kysten , er fiskepinner, som eg kaller det. Det er nokre flagg som er på ei bøye der fiskarane har ett eller anna i.Kom til hamn i 20.00 tida.Åt nydelig steikt fisk undervegs, Ja skal seie at dokke kan hyre meg som superkokke som får mykje ut av ingenting, og karane er vel nøgde.Ja dei veit ikkje alt godt eg har bunkra med meg i den hemmelege lagringsbenken. Der er det berre eg som har tilgong, makrell i tomat, leverpostei, fiskeboller, sopp, erter ,skinke, bønner , pulvermelk og nogot attåtdet igjen.

23.juni. Destinasjon Cadiz-Flott overfart med delfiner og sol. Flau vind. ja, veldig flau.Det var trass alt midtsommernatt, eller jonsokafta, som vi på vestlandet kaller det.Var framme i 22-tida. Underteikna hadde spart eit rosa duftelys i høve denne kvelden.Bål ombord er lite populært.Tok fram norsk flaggduk, den sedvanlige Europris blomsten i fin blomsterpotte, og vips hadde vi jonsokstemning.Kosa oss i dei absolutte seine nattetimer med varme på 28 grader., så difor vart avreisetida flytta til 09.30 med kurs for Gibraltar, det siste nålauget før Middelhavet.

Ja, no må dokke lesarar fylgje med.Det var stille og fint vær. Kaptein Bjarne og navigatør hadde sjekke været og det var heilt ok for vikingar frå Noerge, Ja, det VAR heilt ok også for byssejenta.

Vi møtte stor motvind etter omtrent etter ein liten time.Denne kallar ein Laventer. Den auka på og den auka på. Godt og vel til det dubbelte, dvs liten storm. Stakkars Aurora, banka seg i veg til ned i 1,8knop.Vindmålararen viste 48. så eit besøk på toalettet måtte ein berre gløyme.Her var det berre å knipe igjen. Det mest berykta området av denne første strekninga vi var i, er Cape Trafalgar, der Lord Nelson av UK stod i slag mot Spania, så mange har nok kjempa der FØR oss.Vi søkte ly i Barbate, som er ei vanleg -søkje-ly-hamn før Gibraltar.Fekke høyre der at båtar ikkje ville igjennom Gibraltar denne dagen, så det var eit lurt valg av oss.

Låg i Barbate, ein kjempefin plass med yrande liv, ja litt for yrande av og til, Hamna ligg noko tilbake for sentrum. men i gangavstand for vikingar.Møtte flere som venta på været, og den som venter, venter på noko godt . heiter det, så det  vil eg anfale seglarar.

Med oss vart det avreise 27.06 for Gibraltar.Der er «kneiken » Tarifa, men i motsetning til Cape Trafalgar var dette grei sak.

Ankom Gibraltar i 17 tida. Tok føre oss serverdigheter, m.a. Winston Churchill sine apekatter som er utplassert i fjellet, The Rock, som Gibraltar eigentleg heitte,Tok gondolbane til dette fjellet og møtte andre apekatter enn oss, hehe

Grei hamn å gå inn i. Husk og fjern det spanske flagget før du kjem inn, Ha opp U.K flagget!Grei hamnepris, men du må bet. for vatn og straum om du skal ha det. Var turister der ein dag. Heiter at der er tax-free, men legg du på prisane ca 20-30% og slår av tax, så vips er det faktisk vanlig pris. Kanskje du finn noko, men vi var ikkje på så stor shoppingmodus. Uansett var det ei fin oppleving, men ein travel tettpakka plass.Trass alt den sørligaste del av europa.

28.06. Er i Spania igjen, Esteponia, ikkje langt frå Gibraltar.I går mønstra Tor Viggo av.Skulle m.a. heim til Norge for å gifte bort ein av sønene sine.Snille Lill kom og henta han med bil til flyplassen.Lykke til med den store dagen,Tor Viggo m/fam. forresten! Skal no seie at vi saknar deg., men er no kjempeglade for at vi har fått melding frå Norge at Else Jenny og Stian mønstrer på i Malaga.Her er det faktisk det andre beste internett sidan vi la ut frå Florø. og det var den 17. april.

No er det vel fellesferie snart heime. Er de langs Spaniakysten,Marbella- Malaga-Alicante, så sjå etter havets flottaste og beste båt, Aurora.Kom gjerne ombord for ein kaffi.

One Response to “21.-28.juni Lagos-Gibraltar-Spania igjen”

  • Else Jenny says:

    «Underteikna hadde spart eit rosa duftelys i høve denne kvelden.» HA, ha…. du er no søt! Godt at dei har ei dame om bord, ellers hadde det vel berre blitt ein pappkopp med whisky til feiringa. Vi gleder oss stort til å komme på besøk, det blir fantastisk rett og slett! 🙂 Klem

Leave a Reply