PostHeaderIcon 21.juni Lagos

Fra Cascais drog vi 20.juni med destinasjon Sines , framleis Portugal.Vinden ville ikkje henge med oss, så det vart mest motordrift, men vi slengde opp dukane då vi nærma oss Sines, vart det nordisk mesterskap i lite vind segling, ein svenske, ein finne og norske Aurora.Vi kom på ein suveren bronseplass.

Sines var ei ny og flott hamn. Marinapersonalet stod på brygga og gelda oss fint på plass. Portugal skal  ha stort pluss for engelsken og humøret. Alltid hjelpsomme.Kaptein Bjarne sjekka oss trygt inn med pass, båtpapir og tonnasje.

Eit gjennomgåande tema i alle hamner er å finne nærmaste kolonial,Med nærmaste meiner vi under 2 km.

I Sines greidde vi det på ein liten kilometer. Tok oss et glas portvin på returen,og då vart turen berre 200m.Det var dusjedag ombord, så vi skura oss og kosa oss på «verandaen» til dei absolutt for seine nattetimer.

Likevel va vi friske og opplagde til nytt seilas med kurs for Lagos, 75 sjømil.Skulle fylle diesel på Sines før vi drog, men dei  opna ikkje før kl 09.30 så der kom igjen reservekannene  til kaptein Bjarne til unnsetning. Løysinga vi har på plassering og feste på dekk er  ein Honningsvåg-patent. Fleire har spurt oss kvar ein før kjøpt ei slik fantastisk anordning.

Framleis fin sjø og lite vind,Ikkje akkurat for seglarar, men akkurat dette kan vi ikkje styre,og skal vi framover så må vi trykkje på startknappen.

Delfinane er framleis med oss. Kjem opp til skutesida og spør om vi har det like fint som dei. Vi er no berre gjester i deira store hage, I dette høvet, Atlanterhavet.

Byssejenta  steikte nydelige fiskefileter til mannskapet  i dag. Ein mellomting mellom sei og tosrk, Godt med lauk, nypoteter frå Portugal og RIKELIG ned smør. Eit verkeleg herrmåltid. Som navigatøren Tor Viggo sa: Med slikt i magen kan eg segle til Afrika.

Ei storhende vart det då vi ca kl. 17.00 passerte det sør-vestligaste punktet i Europa.37grader N-9grader vest,

Eit flott fyr med store bygningar. Tydelgevis ein turistattraksjon.Vi såg mange  busser som kom til og frå, men vi var heldigast som fekk sjå det frå havet.

I skrivande stund har vi sjekka inn. Kapteinen har gjort sitt papirarbeid. Vi er litt opp i ei elv .Måtte passere ei «opningsbru»,  og  vart tilvist fin plass på  fingerpantoon.

I morgen luffer vi vidare .Dokke skal få høyre frå oss og delfinane våre.

One Response to “21.juni Lagos”

  • Else Jenny says:

    Du er så god å skrive! Kjekt å lese! Vi sakner byssejenta sine heimelaga
    Horn her heime! Hels delfinane og mannskapet 🙂 stor klem

Leave a Reply