PostHeaderIcon 5.juni Spania

Har vore vel 2 døgn på havet(Biscaya-bukta)Lite vind men STORE bølger.Skulle visst vere veldig bra vær i forhold til det normale i denne bukta.Vi la ut frå Pornichet i Frankrike.

Kom inn til Gijon i Spania i dei seine nattetimane .Har i dag vore på  «Captaineriet» og vist pass, forsikringspapir  og båtreg. papir, så no er vo godkjende.

Det vart 2 middager ombord kokt på ein bevegelig ovn og eit  godt fotfeste. Ved bordet kjem krydderboksane sendane til tallerken automatisk,Ja, slik er visst sjølivet. Etter ein slik overfart kjenner ein seg som ein lettsalta hyse. Håret er tørt,  og saltet ligg som eit belegg både på kropp og båt.

Turen går no vidare i dag til Ribadeo, men mål  La Coruna, der vi skal vere eit par dagar.

Leave a Reply