Archive for juli, 2011

PostHeaderIcon 20.juli- 23.juli: Almerimar-Carbonera- Cartagena

Framleis Spania.Må seie at vi er imponert over dei spanjolane vi har møtt i alle fall, og gode mennesker møter likesinna, seies det.

Almerimar var ei fin hamn.Vi låg fint i mooring, og det var berre sov-i ro dønninger.Capteineriet,hamnekontoret, som det heiter der vi må melde oss med pass, forsikring og dokumentasjon på båten,som eg sikkert har nemnd før, likna på Tobias sitt tårn i Kardemommeby.Ja, det er no ein ting med dette kapteineriet. DET er høgtidelig.Det er nesten som om vi skal vere glad over at vi slepp gjenn ein opphaldstoilatelse for ein dag. DIFOR pynter eg meg. Har rosa sløyfe i håret, god parfyme, og så legg eg i veg saman med kapteinen.Dette verkar veldig bra. Ein innfjording frå Norge med eit lite glimt i auga for desse politi-karane som står der med kølla si, kven kan bli morske på det? I tillegg har kapeinen ALLE papir i kategorisk rekkjefølgje, så det er ikkje myke å spørje om. Kanskje eit spørsmål: Kva farge har båten ? ja , då ligg den då utanfor og skin i sin kvite prakt rett utanfor døra deira.Jaja.

Vi har som sagt nytt crew ombord, Else Jenny og Stian.Det må seiast at for to som omtrent aldri har vore i båt, imponerte oss spesielt då vi la ut frå Almerimar med destinasjon Cartagena. Været såg greit ut, men som alltid vert det litt meir enn det er meldt. Likevel, desse to. Else Jenny og Stian, baska seg fram på do, slappa av i cockpiten mellom bølgene, og vi høyrer endå Else Jenny: OHoi, der kjem ei store ei (bølge)

Med motvind og stamping etter 7-8 timar, anbefalte kapteinen å ta inn til hamna Carbonera. I fylgje pilotbøkene var der ingen ting av fasiliteter.Ei uroleg reinbarka fiskerihamn. Vi tok sjansen vi, og vart gledeleg overraska.Aurora fekk ligge å kanskje ein av to ledige plassar, så fint bak ein fiskebåt. Ein koseleg plass med fine badestrender og lokalbefolkninga var å sjå. Ikkje nokon charterplass.

Vi var klar for neste hamn, Cartagena.Var i så god trening med mannskapet no at dei tok både ror, fendarar og tau.Det triste var at det var siste plassen dei skulle innom før turen skulle gå tilbake til Norge, Cartagena var også ei fin hamn, Godt avlåst,ingen kort eller nøkler. Toalettforholda kunne vore betre, men men, Vi kosa oss i byen. Var på byrunde og såg på alle dei utrulege fine bygningane heilt frå romertida.

Mannskapet reiste med buss til Malaga, ca 5 timer, og tilbakemeldingane var at det var ein fin reisemåte.

Neste dag fekk vi besøk av kapteinen sin son, Frank m/fa.m Det er då Nina,hans søte kone, pluss 3 kjekke born, Nicklas, Sofie og vesle vimsemann Chrisander.

Vi har i skrivandes stund akkurat ete middag ombord etter ein flott strandtur, Ei badestrand uten finsand og seljarar. Herleg temperatur i vatnet. No er det en liten byrunde, for så å dra vidare nordover. Vi snakkast kjære lesarar-

PostHeaderIcon Gjesteinnlegg

Her har mamma hengt opp det nye flagget

Hiv og Hoi! Else Jenny Staalnacke på tråden her. Eg har lova mamma å skrive eit gjesteinnlegg i deira nokså moderne gjestebok. Kor skal eg begynne? Vårt 12-dagers eventyr er over for denne gong, og eg har ikkje ord for kor kjekt det har vore å være på seilas med kapteinen og fruen. Vi starta med ein velkomst i Malaga som var ein konge verdig, kor mamma spretta champagnen. Sidan champagnekorken fauk, har kvar dag vore eit nytt eventyr her ute på havet. Vi har sett og opplevd veldig mykje, og dagane har gått så altfor fort! Det er noko eget med å være ute på havet, og berre det å få oppleve fem havner på denne korte tida, er no heilt over all forventning!

Overfartane har vore gode, og underteikna har lært seg å lage mat, gå på do ++ på bølgande grunn. Bølgene slår, men vi består! Angånde overfartane, er eg og mamma enige i at det er nesten som å være på spa. Bølgene bysser oss i søvn, mens sola steiker og vinden kjøler ned. Heilt magisk!

Vi har også lært mykje på turen. Blant anna at : ”tre tørk er nok”, eit halvstikk er så enkelt å knyte at det  nesten er komplisert, og at ankerdram ikkje er for pyser.  Men eg trur kapteinen er fornøgd. I går fekk dei unge lovande kvar sin ”kaptein-caps” i utmerkelse av ”arbeidet” om bord. Då vart vi bra stolte. Eg er utmerka fenderjente, og Stian har vore dekksgut med knuter og diverse andre ting som eg ikkje er dreven nok til å hugse navnet på. Dei har no opparbeida seg eit eige språk, desse seglarane. For å seie det enkelt sov eg mellom to uteliggarar i natt(!) (dykk båtfolk skjøner kva eg meiner, men dei som ikkje gjer det, får kome seg ut på sjøen og oppleve og lære seg språket til dei innfødte)

Ellers kunne eg no ha skreve i hundre år om alle havner vi har vore innom, for det har vore så utrulig mykje å oppleve. Eg var litt misunnelig på mamma og Bjarne når eg las bloggen deira heimanifrå i Norge.Men no som eg har vore her, må eg berre få sagt at eg er så utrulig mykje meir misunnelig at det smerter mi sjel å måtte dra her i frå. Eg vil ikkje være ei landkrabbe, eg vil tilbake til byssa og dørken og sjarken og børken og styrbord og babord og mamma! Men når det er sagt, må eg berre meddele til bloggens lesarar at dykk ikkje skal være bekymra for mamma og Bjarne. Dei har det som plommen i egget i ei dyne av silke på ei vannseng. Eg blir overraska om dei i det heile tatt kjem heim faktisk!

Med desse ord avslutter eg loggbloggen, og takker så mykje for Stian og meg! Vi kjem til å følge med på billige flybillettar framover, og har ein snikplan om å kome på endå eit besøk så snart sjansen byr seg. 

Over og ut, sjøsprut!

Else Jenny og Stian.

PostHeaderIcon 16.-20 juli:Benalmadena-Del Este-Almerimar: Spania

Heihei. Då har kapteinen kjeme med teknisk info, noko som kjem til god nytte for alle dokke som også drøymer om ein kaptein,hehe

Estepona, ein vakker plass er lagt bak oss, og neste vakre destinasjon, Benalmadena stod for tur. Ein spesiell destinasjon då vi skulle møte Else Jenny(ei av døtrene)og samboer Stian som skulle kome «flygandes» frå Norge.Møtestad var som sagt Benalmadena, som egentlig ligg i Malaga.Å du, som vi gledde oss. Båt og  lugar vart vaska, og champagnen var sjølvsagt klar. Vi har alltid ein slik i bakhand om noko stort skal skje, og DET  var absolutt tida for denslags.Gjestene hadde innbygd radar, så dei fann fine, kvite, vakre Aurora veldig fort.

Trur dei var overraska over varmen, men kaptein har som tidligare nemnd løyst dette på ein flott måte.Vi kosa oss med middag «ute», fekk heimbaka brød frå Kongsvik som var innpakka i VG,samt Kvikk Lunsj, som også var supert.Tusen takk skal dokke ha. Utruleg kor lite som skal til for å glede i eit så lite samfunn som i ein båt.Ellers var det gåver frå mor og far,fin skål til mine peanøtter, fine ord og ukeblad.Else Jenny hadde no med to peanøttkubber(gubber) til ho mor. Det er min yndlingssjokolade. Ein god nr. 2 er norsk kokesjokolade frå Freia.Ja . då veit dokke det.

Ellers hadde dei med kaviar og majones.Stor forbruksvare her ombord. Nok om mat..

Hamna her har 1100 båtplasser, men IKKJE internett og vaskeri.Ja, dei skjønner vel behovet etter kvart som her kjem meir nord-boarar som nesten er vekkskjemnde med internett.Prisen her var høg, 61 euro pr. døgn, men ein fin plass skal seiast.Alle plasser er berre finare og finare, så neste desinasjon var Marina del Este.Ei naturhamn med få gjesteplassar, så ring på førehand! Byssejenta la no inn eit godt ord i telefonen,norwegian sailingboat want VERY much to visit your nice marina for the first time….,vips, plass fekk vi rett i trappa for ein restaurant. Vi ba berre om menykartet ombord.Vart liksom mascoter for dei som sat og spiste.

Tok ein tur på stranda første kvleden, og DER vart kapteinen introdusert for ein ny drink, Mojito.Ja, det var det. Vi vart hekta kan du tru. Sitronmelisse-blad som var ihjelklempe,lime og rom, med nogot ekstra.Som byssejente må eg seie det var godt ein varm sommerdag.

Når ein blir «litt» eldre er det av og til vanskelig med denne hard-disken som skal fungere, så Moskito vart egentlig namnet på dette «vidunderet».

Neste dag var det strand-dag. Vi  2 kvinner ombord(å du så godt det er med  jenteprat), kjøpte oss sjal på stranda der du kan lage 170 varianter til kjole, så no treng vi alltid berre eit tøystykke. Festskjole, shorts/topp, skjørt , teppe, eller rett og slett ein fin duk om du er «i beit».

Tok også ein taxitur til Herradura.Skulle tru der berre budde sinte mannfolk, men ei rolig stad, der vi oppdaga sentrum rett før vi tok taxi tilbake,. ja, det tar litt tid i hard-disken , som tidligare nemnd, men byssejenta fann seg i alle fall sigarer,selfølgelig etter denne siestaen dei må ha midt på dagen.

Dag 2 var det meldt ruskete ver, så med hensyn til gjestene, valgde vi å stå over ein dag til.DEN dagen brukte vi til å dra til Nerja, ein av verdens største grotte-attraksjoner, cueva de Nerja. Å du for ei oppleving!Såg føre meg Moods-show langt der inne i fjellet! Tenk Simen og Peder med «shake hands «etter eit fantastisk show med DEN mystiske  stemninga.

No ligg vi i Almerimar, og  du kan tru denne hamna  er  kjempefantastisk. Kjem attende med meir gla. nytt. Kos dokke alle i ferien!

Men, vi må kome oss vidare..

PostHeaderIcon Teknisk info frå kapteinen

Det har vært lite info frå min side men ikkje så rart når Henny tar seg av det meste på heimesida. Først vil eg nemne det som har med gass å gjere, før avreise kjøpte eg inn 3stk 2kg primusflasker som eg rekna med var enkelt å bytte men der tok eg feil, når vi har seilt frå Norge til Spania på Middelhavs sida har det vært 3kg primusflasker som blir brukt dermed var det iikje noko valg 3stk 3kg primusflasker vart kjøpt inn i scotland og som ikkje har vært problem og få byttet undervegs, men vær obs på dersom dere har 10mm slange blir det problem for regulatorene som blir brukt på 3kg flasker har 8mm slangetilkobling. 

Vi har fått et problem med rorlagerene, i sterk sidesjø med stor belasting på roret blir det et sterkt smell i rorsystemet, var i kontakt med Lunde Båt som importerer Bavaria båter, der var det ingen hjelp å få og kan nå i ettertid forsatt ikkje forstå att et firma av denne størrelse ikkje følger opp sine kunder. Derfor tok eg kontakt med Jefa Marine i Dannmark som har rullelager som passer i dei orginale lagerhusene og der var det berre snakk om 24 timer før pakken var levert, en slik service set vi langturseglare prius på.

Neste problem vi fekk var elektronikken til Raymarine, VHF fungerte dårlig (RAY 54E) Vindex,en vart ute av drift og vi hadde problem med kartplotterene (E80) det var derfor til stor glede når vi kom til Estepona og oppdaget en raymarine servicemann som ville ordnet dette for oss, firmaet har navnet GPS Electronics Yachts og mannen heiter Rafael Cazallas og har mobil nr 626467422 dette er en mann eg kan anbefale på det varmesteste og virkelig en pliktoppfyllende mann. Først problemet med VHF,en det viste seg att koblingsstykket på antenna i toppen av mastra ikkje var tettet med det resultat att det har trekt fuktigheit i kabelen og den og antenne måtte skiftes, VHF,en har aldrig vært bedre enn nå.

Vindex,en hadde same problem koblingspunktet i toppen av mastra var ikkje tettet nok og der var også fuktigheit, koblingsstykket og kabelen i mastra vart skiftet og alt fungerern no perfekt.

Kartplotterene (2stk) var problem med dei målte ikkje rett avstand og mange parameter var ikkje justert rett, etter en reset av begge plotterene og alle parameter justert fungerer alt heilt perfekt.

Det neste problemet vi fekk var varmen, her måtte det til et soltak som beskyttet oss mot sola, en kveld vi var på en kveldstur ser vi døra til en seilmaker står åpen og Henny insisterte på att vi tar oss en tur inn til han og legg fram problemet, etter litt fram og tilbakesnakk vart vi enige om att han tar seg en tur ombord på kvelden for vi hadde lita tid og hadde planer om og segle vidare i overmorgon, på kvelden kom han ombord med tegnepapir og meter, vi diskuterte løysinger og varty enige om mål og utforming, neste kveld kjem han ombord med ferdig sydd soltak og den kom fort opp, alt stemte og vi set berre og koser oss under soltaket i skyggen svalt og godt. Seilmakaren,s firma heiter Magnusson Sails og seilmakaren heiter Antonio Rodrique  Carrasco og har mobil nr 635982026 en fantastisk mann som kan sitt yrke.

Dette var litt teknisk info frå kateinen som kan være til hytte for andre langturseglara.

PostHeaderIcon 10.juli Spania

Jammen er det hett!! 32 grader i «stova» er bra, så kapteinen insisterte på at vi no i første omgong set inn vifter i alle rom.Ja, ein kjøletekniker veit råd, så det er vel ikkje lenge før aircondition er på plass.Sit i denne stund framfor ei av desse, og  livet er virkelig ein svalegang

Når ein er  ute på eit slikt eventyr, som det eigentlig er,lurer nok mange på kva ein brukar denne tida til.Då kan vi seie at tida går så fort, at det er nesten synd. Det er så mykje å lære, så mykje å oppdage, så mykje å erfare.Kapteinen og eg, har lært både om å styre etter stjernehimmelen, sjølv om vi kanskje då hadde hamna i Antarktis skulle vi fylgje polarstjerna, men då måtte viftene bytast ut med «ullbrokja».Vi har hatt ein fantastisk navigatør ombord, med namnet Tor Viggo Mikalsen. så er  det noko de lurer på i ukjende farvatn, så kontakt han

Ein triveleg kar med beina godt planta i båten.

No ligg vi ved hamn, ventar på ny kabel til vindmålar.Synte seg at når dei frå starten av hadde montert denne greia i mastra når båten var ny,og vel fornøgde med arbeidet, så har dei ikkje tatt bryet med å tette, så kabelen(ane) har då svelgt vatn, og det er ikkje bra for tekniske saker.:)Likevel koser vi oss mellom kabler og justering av plotter.De som ikkje veit kva det er , så er det ein datainnstallasjon vi navigerer etter for å finne fram i «mylderet» på havet.

I helga har vi fått opplevd «spanske dager» Jenter og guter heilspanske kledde med dans og song, 4 dager tilendes.

Ein annan viktig innstallasjon i desse heite farvatn, er «soltak».Vi har vanlig  sprayhood,dvs ei kalesje, ikkje hårlakk, men dette blir for varmt og tett, så  vi skal til seglmaker og høyre om han har eit tak vi kan feste over  verandaen (cockpiten )vår.Tor Viggo Mikalsen sa at eg måtte slutte med det verandagreia for det er ikkje båtspråk. Jaja, dokke veit no i alle fall DÅ kva eg meiner.

Etter det eg ser, har Kaptein Bjarne tenkt på alt som ein kan trenge. Fleire koplingar for vatn, straum,data,vass-slange i tekstil(flat) , kan verkeleg anbefalast,tar ingen plass, for her er sjelden slanger på hamnene.Kanskje like greit, for ein veit no ikkje kvar dei har vore nedi.Ja eg har ikkje hugs for alt vi har hatt bruk for, men som vi har ombord.

Kjøleboksen fekk for mykje jobb i varmen, men Kapteinen hadde ekstradel.Snart kjem det som sagt nytt crew ombord  om  3 dager. Else Jenny , dotter mi, og samboer Stian. Vi skal hente dei i Malaga, og då blir det jenteprat!

PostHeaderIcon

PostHeaderIcon 4.juli Estepona

Vi ligg ved hamn endå. <no tar vi det rolig. hadde tenkt å gå vidare i dag, men kloke av Grib-fil varsel. så unngjekk vi Mistral-vinden som lurer seg ned mellom Sierra Nevada fjellkjeda. Vi har merka den godt i hamna i dag. Båten er full av sand, og som fortøyninga ofte er her på desse kanter. mooring, så er det ikkje det same som å ligge ved ein uteliggar. Eg meiner då ikkje ein vandrandes fant,hehe, men ein platting du fortøyer til(byssejenta uttaler seg) kaptein Bjarne  har kontroll på dette.Vi har hatt «fendervakt» i heile dag. Bra her er godt nett, så vi kan surfe litt, som eg gjer no.

I går var vi på badestranda. Ja, det blir litt varmt når du i båten har 32 grader. Vi kjøpte ei vifte som fekk sving på lufta.For ein kuldeteknikker er dette berre ei kriseløysing, så aircondition er nok snart på plass.

Strandturen enda med at eg, byssejenta, forbrende 5 cm på føtene, Eit uaktsomt augeblikk, slumra litt, og vips hadde eg raude knestrømper. Då er det godt å ha branngele.

Syns dokke det er kjedelig med all tekst, så sei i frå.

Ha ei fin veke, siste veka før  fellesferie heime. :)I morgon løyer nok vinden, og det blir spyling av båt.