PostHeaderIcon 10.juli Spania

Jammen er det hett!! 32 grader i «stova» er bra, så kapteinen insisterte på at vi no i første omgong set inn vifter i alle rom.Ja, ein kjøletekniker veit råd, så det er vel ikkje lenge før aircondition er på plass.Sit i denne stund framfor ei av desse, og  livet er virkelig ein svalegang

Når ein er  ute på eit slikt eventyr, som det eigentlig er,lurer nok mange på kva ein brukar denne tida til.Då kan vi seie at tida går så fort, at det er nesten synd. Det er så mykje å lære, så mykje å oppdage, så mykje å erfare.Kapteinen og eg, har lært både om å styre etter stjernehimmelen, sjølv om vi kanskje då hadde hamna i Antarktis skulle vi fylgje polarstjerna, men då måtte viftene bytast ut med «ullbrokja».Vi har hatt ein fantastisk navigatør ombord, med namnet Tor Viggo Mikalsen. så er  det noko de lurer på i ukjende farvatn, så kontakt han

Ein triveleg kar med beina godt planta i båten.

No ligg vi ved hamn, ventar på ny kabel til vindmålar.Synte seg at når dei frå starten av hadde montert denne greia i mastra når båten var ny,og vel fornøgde med arbeidet, så har dei ikkje tatt bryet med å tette, så kabelen(ane) har då svelgt vatn, og det er ikkje bra for tekniske saker.:)Likevel koser vi oss mellom kabler og justering av plotter.De som ikkje veit kva det er , så er det ein datainnstallasjon vi navigerer etter for å finne fram i «mylderet» på havet.

I helga har vi fått opplevd «spanske dager» Jenter og guter heilspanske kledde med dans og song, 4 dager tilendes.

Ein annan viktig innstallasjon i desse heite farvatn, er «soltak».Vi har vanlig  sprayhood,dvs ei kalesje, ikkje hårlakk, men dette blir for varmt og tett, så  vi skal til seglmaker og høyre om han har eit tak vi kan feste over  verandaen (cockpiten )vår.Tor Viggo Mikalsen sa at eg måtte slutte med det verandagreia for det er ikkje båtspråk. Jaja, dokke veit no i alle fall DÅ kva eg meiner.

Etter det eg ser, har Kaptein Bjarne tenkt på alt som ein kan trenge. Fleire koplingar for vatn, straum,data,vass-slange i tekstil(flat) , kan verkeleg anbefalast,tar ingen plass, for her er sjelden slanger på hamnene.Kanskje like greit, for ein veit no ikkje kvar dei har vore nedi.Ja eg har ikkje hugs for alt vi har hatt bruk for, men som vi har ombord.

Kjøleboksen fekk for mykje jobb i varmen, men Kapteinen hadde ekstradel.Snart kjem det som sagt nytt crew ombord  om  3 dager. Else Jenny , dotter mi, og samboer Stian. Vi skal hente dei i Malaga, og då blir det jenteprat!

Leave a Reply