PostHeaderIcon 16.-20 juli:Benalmadena-Del Este-Almerimar: Spania

Heihei. Då har kapteinen kjeme med teknisk info, noko som kjem til god nytte for alle dokke som også drøymer om ein kaptein,hehe

Estepona, ein vakker plass er lagt bak oss, og neste vakre destinasjon, Benalmadena stod for tur. Ein spesiell destinasjon då vi skulle møte Else Jenny(ei av døtrene)og samboer Stian som skulle kome «flygandes» frå Norge.Møtestad var som sagt Benalmadena, som egentlig ligg i Malaga.Å du, som vi gledde oss. Båt og  lugar vart vaska, og champagnen var sjølvsagt klar. Vi har alltid ein slik i bakhand om noko stort skal skje, og DET  var absolutt tida for denslags.Gjestene hadde innbygd radar, så dei fann fine, kvite, vakre Aurora veldig fort.

Trur dei var overraska over varmen, men kaptein har som tidligare nemnd løyst dette på ein flott måte.Vi kosa oss med middag «ute», fekk heimbaka brød frå Kongsvik som var innpakka i VG,samt Kvikk Lunsj, som også var supert.Tusen takk skal dokke ha. Utruleg kor lite som skal til for å glede i eit så lite samfunn som i ein båt.Ellers var det gåver frå mor og far,fin skål til mine peanøtter, fine ord og ukeblad.Else Jenny hadde no med to peanøttkubber(gubber) til ho mor. Det er min yndlingssjokolade. Ein god nr. 2 er norsk kokesjokolade frå Freia.Ja . då veit dokke det.

Ellers hadde dei med kaviar og majones.Stor forbruksvare her ombord. Nok om mat..

Hamna her har 1100 båtplasser, men IKKJE internett og vaskeri.Ja, dei skjønner vel behovet etter kvart som her kjem meir nord-boarar som nesten er vekkskjemnde med internett.Prisen her var høg, 61 euro pr. døgn, men ein fin plass skal seiast.Alle plasser er berre finare og finare, så neste desinasjon var Marina del Este.Ei naturhamn med få gjesteplassar, så ring på førehand! Byssejenta la no inn eit godt ord i telefonen,norwegian sailingboat want VERY much to visit your nice marina for the first time….,vips, plass fekk vi rett i trappa for ein restaurant. Vi ba berre om menykartet ombord.Vart liksom mascoter for dei som sat og spiste.

Tok ein tur på stranda første kvleden, og DER vart kapteinen introdusert for ein ny drink, Mojito.Ja, det var det. Vi vart hekta kan du tru. Sitronmelisse-blad som var ihjelklempe,lime og rom, med nogot ekstra.Som byssejente må eg seie det var godt ein varm sommerdag.

Når ein blir «litt» eldre er det av og til vanskelig med denne hard-disken som skal fungere, så Moskito vart egentlig namnet på dette «vidunderet».

Neste dag var det strand-dag. Vi  2 kvinner ombord(å du så godt det er med  jenteprat), kjøpte oss sjal på stranda der du kan lage 170 varianter til kjole, så no treng vi alltid berre eit tøystykke. Festskjole, shorts/topp, skjørt , teppe, eller rett og slett ein fin duk om du er «i beit».

Tok også ein taxitur til Herradura.Skulle tru der berre budde sinte mannfolk, men ei rolig stad, der vi oppdaga sentrum rett før vi tok taxi tilbake,. ja, det tar litt tid i hard-disken , som tidligare nemnd, men byssejenta fann seg i alle fall sigarer,selfølgelig etter denne siestaen dei må ha midt på dagen.

Dag 2 var det meldt ruskete ver, så med hensyn til gjestene, valgde vi å stå over ein dag til.DEN dagen brukte vi til å dra til Nerja, ein av verdens største grotte-attraksjoner, cueva de Nerja. Å du for ei oppleving!Såg føre meg Moods-show langt der inne i fjellet! Tenk Simen og Peder med «shake hands «etter eit fantastisk show med DEN mystiske  stemninga.

No ligg vi i Almerimar, og  du kan tru denne hamna  er  kjempefantastisk. Kjem attende med meir gla. nytt. Kos dokke alle i ferien!

Men, vi må kome oss vidare..

Leave a Reply