PostHeaderIcon 20.juli- 23.juli: Almerimar-Carbonera- Cartagena

Framleis Spania.Må seie at vi er imponert over dei spanjolane vi har møtt i alle fall, og gode mennesker møter likesinna, seies det.

Almerimar var ei fin hamn.Vi låg fint i mooring, og det var berre sov-i ro dønninger.Capteineriet,hamnekontoret, som det heiter der vi må melde oss med pass, forsikring og dokumentasjon på båten,som eg sikkert har nemnd før, likna på Tobias sitt tårn i Kardemommeby.Ja, det er no ein ting med dette kapteineriet. DET er høgtidelig.Det er nesten som om vi skal vere glad over at vi slepp gjenn ein opphaldstoilatelse for ein dag. DIFOR pynter eg meg. Har rosa sløyfe i håret, god parfyme, og så legg eg i veg saman med kapteinen.Dette verkar veldig bra. Ein innfjording frå Norge med eit lite glimt i auga for desse politi-karane som står der med kølla si, kven kan bli morske på det? I tillegg har kapeinen ALLE papir i kategorisk rekkjefølgje, så det er ikkje myke å spørje om. Kanskje eit spørsmål: Kva farge har båten ? ja , då ligg den då utanfor og skin i sin kvite prakt rett utanfor døra deira.Jaja.

Vi har som sagt nytt crew ombord, Else Jenny og Stian.Det må seiast at for to som omtrent aldri har vore i båt, imponerte oss spesielt då vi la ut frå Almerimar med destinasjon Cartagena. Været såg greit ut, men som alltid vert det litt meir enn det er meldt. Likevel, desse to. Else Jenny og Stian, baska seg fram på do, slappa av i cockpiten mellom bølgene, og vi høyrer endå Else Jenny: OHoi, der kjem ei store ei (bølge)

Med motvind og stamping etter 7-8 timar, anbefalte kapteinen å ta inn til hamna Carbonera. I fylgje pilotbøkene var der ingen ting av fasiliteter.Ei uroleg reinbarka fiskerihamn. Vi tok sjansen vi, og vart gledeleg overraska.Aurora fekk ligge å kanskje ein av to ledige plassar, så fint bak ein fiskebåt. Ein koseleg plass med fine badestrender og lokalbefolkninga var å sjå. Ikkje nokon charterplass.

Vi var klar for neste hamn, Cartagena.Var i så god trening med mannskapet no at dei tok både ror, fendarar og tau.Det triste var at det var siste plassen dei skulle innom før turen skulle gå tilbake til Norge, Cartagena var også ei fin hamn, Godt avlåst,ingen kort eller nøkler. Toalettforholda kunne vore betre, men men, Vi kosa oss i byen. Var på byrunde og såg på alle dei utrulege fine bygningane heilt frå romertida.

Mannskapet reiste med buss til Malaga, ca 5 timer, og tilbakemeldingane var at det var ein fin reisemåte.

Neste dag fekk vi besøk av kapteinen sin son, Frank m/fa.m Det er då Nina,hans søte kone, pluss 3 kjekke born, Nicklas, Sofie og vesle vimsemann Chrisander.

Vi har i skrivandes stund akkurat ete middag ombord etter ein flott strandtur, Ei badestrand uten finsand og seljarar. Herleg temperatur i vatnet. No er det en liten byrunde, for så å dra vidare nordover. Vi snakkast kjære lesarar-

One Response to “20.juli- 23.juli: Almerimar-Carbonera- Cartagena”

  • Else Jenny says:

    Og som vi saknar dokke! Vi vurderer å anskaffe oss hengekøe på soverommet, for beire søvn enn i ein seglebåt skal ein leite lenge etter! Sakner også byssejenta sin fantastiske mat! Stor klem frå fenderjenta og dekksguten 🙂

Leave a Reply