PostHeaderIcon 4.juli Estepona

Vi ligg ved hamn endå. <no tar vi det rolig. hadde tenkt å gå vidare i dag, men kloke av Grib-fil varsel. så unngjekk vi Mistral-vinden som lurer seg ned mellom Sierra Nevada fjellkjeda. Vi har merka den godt i hamna i dag. Båten er full av sand, og som fortøyninga ofte er her på desse kanter. mooring, så er det ikkje det same som å ligge ved ein uteliggar. Eg meiner då ikkje ein vandrandes fant,hehe, men ein platting du fortøyer til(byssejenta uttaler seg) kaptein Bjarne  har kontroll på dette.Vi har hatt «fendervakt» i heile dag. Bra her er godt nett, så vi kan surfe litt, som eg gjer no.

I går var vi på badestranda. Ja, det blir litt varmt når du i båten har 32 grader. Vi kjøpte ei vifte som fekk sving på lufta.For ein kuldeteknikker er dette berre ei kriseløysing, så aircondition er nok snart på plass.

Strandturen enda med at eg, byssejenta, forbrende 5 cm på føtene, Eit uaktsomt augeblikk, slumra litt, og vips hadde eg raude knestrømper. Då er det godt å ha branngele.

Syns dokke det er kjedelig med all tekst, så sei i frå.

Ha ei fin veke, siste veka før  fellesferie heime. :)I morgon løyer nok vinden, og det blir spyling av båt.

2 Responses to “4.juli Estepona”

  • Else Jenny says:

    Det er ikkje kjedelig med masse tekst, når du skriver så artig! Stå på, eg er sikker på at du har fleire faste lesarar. Har til og med lagt sida dokkas som ein eigen «tab» på internett oppe hos familien kongsvik. Så det er mange som følgjer med. No er det berre 8 dagar til vi er der med dokke. Klem

Leave a Reply