PostHeaderIcon Gjesteinnlegg

Her har mamma hengt opp det nye flagget

Hiv og Hoi! Else Jenny Staalnacke på tråden her. Eg har lova mamma å skrive eit gjesteinnlegg i deira nokså moderne gjestebok. Kor skal eg begynne? Vårt 12-dagers eventyr er over for denne gong, og eg har ikkje ord for kor kjekt det har vore å være på seilas med kapteinen og fruen. Vi starta med ein velkomst i Malaga som var ein konge verdig, kor mamma spretta champagnen. Sidan champagnekorken fauk, har kvar dag vore eit nytt eventyr her ute på havet. Vi har sett og opplevd veldig mykje, og dagane har gått så altfor fort! Det er noko eget med å være ute på havet, og berre det å få oppleve fem havner på denne korte tida, er no heilt over all forventning!

Overfartane har vore gode, og underteikna har lært seg å lage mat, gå på do ++ på bølgande grunn. Bølgene slår, men vi består! Angånde overfartane, er eg og mamma enige i at det er nesten som å være på spa. Bølgene bysser oss i søvn, mens sola steiker og vinden kjøler ned. Heilt magisk!

Vi har også lært mykje på turen. Blant anna at : ”tre tørk er nok”, eit halvstikk er så enkelt å knyte at det  nesten er komplisert, og at ankerdram ikkje er for pyser.  Men eg trur kapteinen er fornøgd. I går fekk dei unge lovande kvar sin ”kaptein-caps” i utmerkelse av ”arbeidet” om bord. Då vart vi bra stolte. Eg er utmerka fenderjente, og Stian har vore dekksgut med knuter og diverse andre ting som eg ikkje er dreven nok til å hugse navnet på. Dei har no opparbeida seg eit eige språk, desse seglarane. For å seie det enkelt sov eg mellom to uteliggarar i natt(!) (dykk båtfolk skjøner kva eg meiner, men dei som ikkje gjer det, får kome seg ut på sjøen og oppleve og lære seg språket til dei innfødte)

Ellers kunne eg no ha skreve i hundre år om alle havner vi har vore innom, for det har vore så utrulig mykje å oppleve. Eg var litt misunnelig på mamma og Bjarne når eg las bloggen deira heimanifrå i Norge.Men no som eg har vore her, må eg berre få sagt at eg er så utrulig mykje meir misunnelig at det smerter mi sjel å måtte dra her i frå. Eg vil ikkje være ei landkrabbe, eg vil tilbake til byssa og dørken og sjarken og børken og styrbord og babord og mamma! Men når det er sagt, må eg berre meddele til bloggens lesarar at dykk ikkje skal være bekymra for mamma og Bjarne. Dei har det som plommen i egget i ei dyne av silke på ei vannseng. Eg blir overraska om dei i det heile tatt kjem heim faktisk!

Med desse ord avslutter eg loggbloggen, og takker så mykje for Stian og meg! Vi kjem til å følge med på billige flybillettar framover, og har ein snikplan om å kome på endå eit besøk så snart sjansen byr seg. 

Over og ut, sjøsprut!

Else Jenny og Stian.

Leave a Reply