Archive for august, 2011

PostHeaderIcon 29.juli-14.august:La Manga-Torrevieja-Santa Pola

Godt med ei is-pause 

Kom  til La Manga 29.juli.Hamna heitte Thomas Mastre.Atter ei fin hamn.Sidan vi hadde  3 born om bord, var bading tema.Dette er ei heilt spesiell hamn som faktisk ligg i ein innsjø.Der er  svingbru , så du kjem deg inn i hamna kvar 3dje time.Når det gjaldt bading, kunne du på eine sida velje Middelhavet, eller  100m gange til innsjøen. Vatnet var så varmt at det kjendes ikkje ut som nokon avkjøling når gradestokken på land viste 36.

Ein ting vi ombord funderte over: Kvifor var der så mange trøndarar? Har nokon svar, så send gjerne det til oss.Det er i alle fall der  mange  er å finne om sommaren, om du leitar etter ein inntrønder.

Det var no rett koselig å ha besøk igjen.Dei greidde seg fint på sjøen, sjølv om dei  vart like bleike av og til på bøljan blå, men det gjekk betre og betre, så flinke var dei.Ungane fekk ”ekte” moodstatovering på armen som bevis på godt sjømannskap.Mamma Nina song seg gjennom overfartane.Det hjelpte på  ”kvalmebalansen”.Pappa Frank hadde godt grunnlag som liten med kaptein Bjarne sine turar rundt Stadten.

2.august

 Det var på tide å kaste loss igjen, og då med destinasjon Torrevieja, ei lita strekning, men  langt nok for ein glad gjeng.Der skulle vi møte Ninas foreldre, Oddvin og Ragnhild, som hadde teke seg inn på hotell der.

For dokke som ein gong har tenkt båt til Torrevieja, som hamna heiter, så er der innan hamna 3 alternativ. Dette var litt frustrerande då vi kom inn. Ja vi hadde som alltid ringt og bestilt plass på førehand.Kom då til Marina Torrevieja Internasjonal.Ei sur dame , faktisk ein av dei få  sure vi har møtt på eit hamnekontor.Ja alle der var sure.Ka kan dei vere sure for? At vi ser så blide ut? Feil sambuar, dårleg sjølvbilete-eller rett og slett ein kjempesur sjef? Eg, byssejenta , missta eit stort stykke av ei tann første kvelden der, og eg tenkte at eg skulle gå på hamnekontoret og spørje om dei visste om ein tannlege. Dette er ein by på over 100.000 innb.Vil du vite svaret eg fekk?

Sitat: Du fekk et  bykart i går kveld når du kom, så det er berre å gå inn i byen og sjå.sitat slutt(ho sa det sjølvsagt ikkje på norsk, men på ein engelsk som ho TRUDDE var kjempebra.

Då var det nok.Vi  ordna dette sjølv, og dagen etterpå flytta vi 50 m til ein annan marina som vi hadde sjekka ut på førehand, REAL Club NAUTICA.Suuuper service, eget badebasseng og gode priser.

Den tredje  marinaen der heiter SALINA.

Her var aktive medlemar såg det ut til, frå 20 til 80 år. Dei sistnemnde koste seg der med å sjå på båten sin som eingong var  deira vakre skute.Eg for min del kjende det nesten som når eg får spørsmål på coopen i Stryn om eg er medlem, og då kan dra fram dette fordelaktige kortet.

Her på Real Nautica tok vi også båten på land for å skifte ror-lager.det gjekk kjempefint.

Vi hadde mange koslige kvelder  med dansing ,trylling og gode historier.Det var tid for å seie farvel til Ninas foreldre,og vi skulle vidare til Santa Pola, der mannskapet vårt skulle mønstre av.

10.august

Avreise til Santa Pola. Litt om og men ihnt  vind, men mannskapet ville teste seg nok ein  gong på ”bøljan blå” Denne distansen var også kort, og turen gjekk veldig greit.Sjøsjuketablettar var innteke, så dei tok utfordringa på strak styrbord.

Flott hamn(igjen)Mest faste plassar for  spanjoler, men ei veldig moderne hamn med alle fasilitetar.Nydelig parkområde.Gjestene fekk ein halv dag her før dei tok drosje til Alicante flyplass som ligg 8,5 km unna.

Så no sit vi her, vi to. Har vaska sengtøy og skal vaske båten utanpå i morgon.I går tok vi catamaran(må støtte slike motorgreier også) til ei øy som heiter Tabarco, ei tidlegare piratøy. Var der heile dagen, bada i eit fantastisk natur-reservat.

Eg skriv at vi SIT her. Nei, dokke skal vite at vi trimmar fleire kilometer pr. dag!Varmen er framleis på pluss 30-sida.Vindstille, så no sit eg framfor dette vidunderet av ei vifte og skriv.Vi har ny matte på ”verandaen” i dag, så no er det blitt terrasse.DET   likar ikkje Tor Viggo å høyre.

Kapteinen har no berre EIN sandal stakkars. Han kjøpte seg nye, fine skinnsandaler i sør-Spania etter oppfordring av byssejenta, og trur du ikkje han har sjøsett den eine!Det hadde seg slik at ein dag vi skulle gå om bord i båten att, var der ein stor kakerlakk på bryggja, og kakerlakker liker ikkje båtfolket.Kapteinen ville då hindre at denne karen skulle gå om bord, så han ville sjøsette den, og vips, så for kakerlakken og sandalen i skjønn forening, og har ingen sett sandalkakerlakkbåten  , så seglar den nok langt ute på havet, vel fornøgd og med livet i behald.

Då snakkast vi rundt neste nes. Ha fortsatt ein fin seinsommar.

Byssejenta