PostHeaderIcon 23.august – 3.september: Le Campello – Villajoyosa – Calpe

 

Før vi forlet Santa Pola med piratøya Tabarca som nabo, oppdaga vi ein Islandsk seglbåt. Om bord fann vi Einar, ein trivelig kar som hadde segla frå Croatia og overvintra i Middelhavet.

Le Campello

vart neste hamn.Ei noko uroleg fiskhamn .Vi vart gynga kraftig i sømn kvar kveld.Og ikkje minst, ei veldig dyr hamn, og ikkje  så mykje tilrettelagt for gjestebåter. Ikkje EITT ord engelsk  er å spore i marina-kontoret.Det var varmt ,veldig varmt så vi tok oss en spasertur og oppdaga ei fantastisk klippe der det også var arkeologiske utgravninger, som Spanjolane er bedre til  enn Stryningane.Her tek dei VIRKELIG vare på spor  i kulturhistoria.Vi har som oftast badekle på lur.Tok eit fantastisk laaangt bad slik at kroppen kom under kokepunktet. Herlig!

 Neste dag vart det vidare rundt neste nes, igjen..Som de forstår, ein lite interessant plass ,for oss då.

Ja , kvar ”hamna” vi då? Jau,

Villajoyosa:

Fantastisk plass IGJEN.Kom dit den 24.august om ettermiddagen.

No skal de høyre: Nokre  marinaer(det er der vi ligg i hamn, hehe) er oppbygd av medlemskap, ein nautisk klubb.Der er ting på stell skal eg seie dokke. Mahogny og teak på veggar, golv og tak. (regnskogen, jaja),blankpussa messing, og alltid engelsktalande tilsette.Har sagt det før, og seier det igjen, som coop-medlem skjønar eg at vi treng ei oppgradering.Men uansett, som ikkje –medlem har dei nokre plasser for oss langvegsfarande fant, og vi blir godt mottekne. Dette vart igjen ei koseleg hamn.Møtte igjen Island-Einar, og over ein øl på Club Nautico kom vi i kontakt med Arne Olav frå Storbritannia  med svensk flagg på skuta si som var bygd i teak /mahogny og eik og ho var  53 år.

Arne sa alltid HO når han snakka om båten sin. Ein sprek 70 åring som  er evig seglar etter at han slutta med Formel 1. og bygde bil til Pink Floyd.Vi hadde fleire trivelige kvelder med diskusjoner ut i sommarnatta.Byssejenta hengde no så godt med ho kunne, frå alle desse hestane i motorane til framtidige energiproduksjonar.DEN diskusjonenhøyrer ikkje heime her , for vi har vårt solcellepanel og vindmølle og greier oss med det.

Her var flotte badeplasser og strender. Vi går og bader når spanjolane har siesta, slik i 15-tida. Då tek vi med oss spekemat, vatn og litt vin .Der sit no då vi to, ja vi er nok ikkje åleine., for spanjolane er også varme, så der finns no nokre hundre att på stranda..

29.august  kasta vi loss for ein plass som heiter Calpe.

Reil Club Nautico og greier. Ringte, som vi bruker å gjere, på førhand og spurte om plass. Dei hadde ledig, og det er ikkje sjølvsagt då desse er mest for ”medlemar”. Du og du for eein flott plass. Masse natur med fjell og stier. Ja, er vi byrja å sakne den norske ville naturen ?hm.

Kjære barka seglarar som les denne bloggen, les her:

 

De saknar sikkert teknisk fakta, reparasjoner, tips , og ikkje minst vind og vær, store og små bragder på havet.Då kan Byssejenta med ein gong seie at det får kapteinen kome med. Eg, ja  begge vi to er på tur for å oppleve land og folk, lære om kultur og virkelig sjå  og kjenne ein del av verda. Hav er hav. Blått i alle varianter, og levande og til tider farlig, men det veit vi når 96% av planeten jorda består av saltvatn.

Calpe I dag 3.september;

Vi er framleis i denne sjarmerande marinaen. I går var byssejenta og fiksa på sin lumbagorygg, ein opplevelse i seg sjølv, ja, eg vart frisk av heile greia. Hamna først på feil plass, akutten i byen, ein garasjeinngang med sykebiler, bårer , brotne foter og BERRe elende , som naturleg er. Eg ante uråd då taxisjåføren sleppte meg av der , og for. Køa gjekk omtrent heilt opp til riksveien.Kom meg omsider til skranken , spurte etter fysioterapi på spansk, det skjøna dei) Fekk beskjed om å gå til siste dør i ein endelaus korridor. Såg ut som ein fiskeforedlingsfabrikk.Vart henvist til eit rom med STORE bokstaver, REHABILITERING. Rommet var fylt med mange ”rariieteter” av menneske , mest frå 80 og oppover. Nokon stod å skulle prøve å skrue, andre trente med store kjoler og mange kilo. Hm, tenkte eg. Skal eg hit? Eg sa dei hadde ringt fra Marinaen, for det hadde dei gjort.Brukte Strynsk spansk. Oh, ja det var i går, han henta ein journal som hadde fornamnet Marina.Oj,Oj, tenkte eg, no tek dei vel eine foten min..Ante uråd, leita fram eit kart og sa Privado klinikk.ÅÅÅÅ, det var  100 m lenger nede, og der enda historia godt med god pleie og supert resultat til 30 euro.Snipp. Fortalte på den private klinikken kvar eg hadde vore, og skal seie dei lo godt. Eg slapp til og med å betale for ei Voltaren-sprøyte dei sette i hofta.

I går hadde vi vind i hamna på 30 knop,dvs 15m/sek.(alt de får lære her), og med den sanden som fylgjer med vart det spyling i dag, og ein liten do-reparasjon. Dette får kapteien  fortelje om seinare.

I kveld ser det ut til at det er fest på klubbhuset. Blå løper er lagt ut, for her brukar dei ikkje raud løpar når flott blod skal vere blått har eg høyrt.Det kan no du lesar kome med ei fornuftig forklaring på.

Har planar om å dra ein kort stubb vidare på søndag, men det vil vise seg.

Ha  ein fin haust vidare. Her har graden gått litt ned , så 26-28 er heilt greit no, og 20 om natta.

 

Kapteinen og Byssejenta

 Skal tru kor det går med kakkerlakken og sandalen? De skal de få vite seinare…

 

Leave a Reply