PostHeaderIcon 4.-25. september:Moraira-Altea-Santa Pola

 

Heihei igjen. Skriv litt i rykk og napp, og no er det altfor lenge sidan de har fått høyrt frå oss.Skriv ikkje så mykje om hav og vind. Det får dokke snakke med kapteinen om.Byssejenta er i god form,solbrun og godt humør(som vanleg hehe)

4.september:

Ankomst Moraira i 14-tida. Kort overfart og nydelig ver for byssejenta. Låg ”longside” som var gjesteplasser. Dyrt og uten internett, men sjølvsagt internett-kafeer. Møtte på vår ven ,Island-Einar ,som hadde vore så uheldig å bli påkøyrd, ja det kan skje på  sjøen og. Han låg i hamn, og medan han var i land hadde ein utleigebåt teke sikte på bauen hans, så ankeropplegget kom i ulage. Ja, dette vart ei laaaang forsikringssak, Gjerningsmannen forsvant, men årvakne vitne  hadde merka seg identitet.Sum og sumarium enda saka nok greit. Båten er fiksa no.Moraira var ein fin plass som består av 100.-vis retauranter. Skjønar ikkje at der var munnar nok til å mette, men ”byen” såg ut til å vere for societeten når ein såg kva butikkar som var der.

Eg tenkte ein dag eg skulle ta ein liten test på dette. Eg ser ikkje ut som ei rikmannsdame, er heller ikkje det, så eg vandra inn på ein klesbutikk med ryggsekk, men Marc Jacobs flippers, og uten gull og glitter på ALLE fingrane. Dei var travelt opptekne med å lage ny utstilling, og brette varer fint i hyllene.  Såg meg ut ei kåpe. Kika på prislappen, 6000 nok, Ja, eg gjorde meg interessert i denne, var bort til dette vidunderet av klesplagg opptil 4 gonger, men ingen respons frå betjeninga.

Obs. Dette var ein test, for eg kjøper ikkje ei kåpe til 6000.

DÅ tenkte eg, ingen er for liten, ingen er for stor som kunde. , så arbeider du lesande i service,  så må du ikkje la deg blinde av korleis kunden ser ut. For tenk om eg var ei forkledd Madonna? Neste triks eg skal prøve er å kjøpe ein haug med smykker (1 kilo), og vandre inn, med  1 euro i ”pondjen”.Då SER eg rik ut og får sikkert ei fantastisk behandling.

Dette var eit sidespor i seglermiljø, men byssejenta må gjere litt jenteting inn i mellom skjønar de vel!

7.september:

Fantastisk beskjed frå Norge,Maria, eldstedotter mi og gudmor til båten, vesle Aurora på 8 år kjem på besøk! Då fer vi sjølvsagt  sørover for å møte dei nærmare flyplassen i Alicante. I mellomtida fekk vi mail frå delvis fastbuande i Albir, som hadde fylgt oss på bloggen,.Det var Oddhild og Einar, kombinasjon Hornindal/Oslo.Han  er tannlege i Albir, og eg som akkurat hadde missta siste stykket av tanna mi! Perfekt! Vi vart einige om å møtast  omgåande, så  vi hadde ein fin dag i Calpe før Maria og Aurora kom.

10.september.

STOR norsk dag. Maria og Aurora kom med taxi frå flyplassen til Real Club Nautico i Calpe, ei hamn vi har skreve om før.Litt dyrt, men ein fantastikk plass(igjen)

Velkomst med  Cava og  flybore Mors flatbrød,Dronning kokesjokolade og litteratur om Spania.

Masse bading, picnik på stranda, museum, aquarium og mykje varme.

13.sept.

Klar for Altea.

Fin hamn, men ikkje badestrender. Jau, der er det, men god gammeldags steinstrand men med kvite steinar. Store bylgje som fyller badebuksa med steun, så det er ei tung bør å gå tilbake til båten.Var på besøk i Oddhild og Einars residens. KJEMPEKOSELIG! Byssejenta fekk også  ein tur innom tannlegekontoret .

Vi tok ein taxitur, underteikna, kapteinen , Maria og Aurora til Terra Natura som var berre  10 min avstand. Absolutt verdt eit besøk. Vi var der ein heil dag og menga oss med pantere og geiter, slanger, elefanter, ørner etc, , og enda til slutt opp i eit badeland i same området. Godt tips for utflukt til dokke som er i området.

16.september, Villajoysa

Ei  litt dyr hamn, men vakker by. Var t.o.m  vist inn i ein privat heim. Det skuldas  ei mistyding då vi spurte etter eit castle, og bysejenta sa casa, som betyr hus. Intressant oppleving.Kom endelig til dette castle, og der var det bryllup, så vi fekk med oss litt av det og.

18.septembe:r

No var det innpå tida med våre gjester, så vi bestemte Santa Pola som endehamn i forhold til flyplass.

Marina Miramar. Rimelig og bra.Interssant museum, og der hamna vi no inn i ein dåp i ei kirke vi nysgjerrige nordmen titta inn .Trist at våre kjære måtte tilbake til skule og jobb, men vi alle hadde ei fantastisk tid saman. Takk for besøket!! No har gudmora Aurora sett at båten er i trygge hender, sjølv om ho fekk litt for mange moskitosbit.Verken Maria eller Aurora viste teikn til sjøsjuke.

I skrivandes stund er vi framleis i Santa Pola. Her vil Island-Einar forlate oss. Han fer sør og vi fer nordover til Valenzia.Har i dag kjøpt vodafone, så no skal ikkje internett bli noko problem vidare(trur vi)I morgon får vi besøk av tannlege-Einar og Honndals-Oddhild.

Helsing kaptein Bjarne og  byssejenta, lille havfrue.

Leave a Reply