Archive for oktober, 2011

PostHeaderIcon Besøk frå Hornindal

Gledeleg gjensyn med varme Middelhavet

Så kom  2 av vårt mannskap ombord igjen i Snata Pola. Hadde ikkje sett dei sidan mars, så vi gledde oss alle saman.

Det vart ein tur til Tabarca, sjørøverøya.

Einaste biler på øa som for første gong har 2 Norsdfjord-jenter ombord.

PostHeaderIcon Litt glabilder

Kaptein Bjarne: Er dette noko for byssejenta når ho skal handle på Bunnpris?

Vi feirer Spanias Nasjonaldag, 12. oktober (den einaste markeringa på hamna)

Torill og Byssejenta i godt lag.
Kaptein Harald med sin Torill ombord i Konstanse
Selveste Sheriffen! Kaptein og byssejente på Harley-treff. Tru det eller ei!

PostHeaderIcon Gandia-Calpe-Santa Pola-Torreveja-Santa Pola : 10.-26.oktober

Herleg fårikålmiddag ombord i Konstanse

Hei igjen.No er det lenge sidan sist dokke har høyrt frå oss.

Vi drog frå Gandia og til Calpe saman med Konstanse. Eit verkeleg hyggelig reisefylgje.

Calpe har vi vore fleire gonger, og det er no eit «vindhol» som kaptein Harald seier ombord i Konstanse.Vi var der ein dag og segla vidare til Santa Pola med våre gode vener på Konstanse til Santa Pola.Vi var der eit par dager og kosa oss, men så skulle dei vidare til si vinterhamn Cartagena. Vi tok eit trist farvel med dei i Sata Pola då vi skulle ta i mot nye gjester frå Norge, Harald og Anne Honningsvåg frå tjukkaste Honndalen. Dei var med oss første strekket då vi reiste frå Norge i april.

PostHeaderIcon Valencia – Gandia 3.-8.okt

Her ligg Konstanse og Aurora ved hamn i Valencia.

Ja slik går no dagan i Gandia.

Kasta loss frå Moraira kl. 08.00 og ankom Valencia kl. 16.30.Heilt stilt på havet,så ikkje segl den dagen.Han»Nils» motor fekk heller ta jobben.

Valencia er ei kjempestor hamn,Vi la til på Real Club Nautico sidan Torill og Harald låg der med skøyta Konstanse, som er det rette namnet på dette smykke av ein Colin Archer.Kapteinen her har hatt kontakt med Konstanse,båten altså, i lengre tid, så endelig fekk Aurora møte sin båtveninne, ja dei fekk til og med ligge ved siden av kvarandre uten å ha ein uteliggar mellom seg.Det vart ankerdram ombord i Konstanse.Var seinare på byen og kosa oss.Åt T-bone steik, og takka vere tannlege-Einar greidde vi å bite frå oss.

Valencia er den 3. største byen i Spania med 807.396  innb.Trur der kom nokre ekstra i løpet av sommaren, men har ikkje fått tala.

PS! Vi er altså no i Gandia, og ikkje Gambia.

Valencias kulturmonument

Kulturmonument med "innhald"

Kapteinen fann endelig wienerbrødet

PostHeaderIcon Litt meir bilde

Aurora og mammaen storkoser seg

Kaptein Bjarne og Formel 1 Arne i Villajoysa

Einar og Oddhild på besøk.

Henny med det kjente fjellet i Cape i bakgrunnen

Ein forholdsvis farlig kar vi møtte i Terra Natura i nærleiken av Benidorm

PostHeaderIcon Vi seglar mot Valensia

Tannlege-Einar var med oss frå Santa Pola.Hadde ein finfin seglas på 8,5. Kjempebra.Han gjekk i land i Altea, der Honndals-Oddhild møtte oss med deilig etterlengta brød.  Dei skulle heim til Norge no .

Det var på tide å kome seg vidare på reisa.La ut tidlig sidan været såg litt grufsete ut utpå dagen.Ja de kan de tru. I godt sig ser vi etter kvart at det svartner på himmelen, og etter nokre timar lyste det og tordna rundt oss, Ikkje ei så god kjensle på havet med mastra til værs.(forhåpentlegvis) Kapteinen beslutta å snu til ei hamn vi akkurat for forbi, ei god beslutning. Ho ”Tora” sprang etter oss, men vi vann innspurten denne gongen. I det vi la inn til kai, var det som om himmelen opna seg og var full av F-16 fly!

Veit de ,kjære lesarar ,at dette var det FØRSTE stor-regnet vi har hatt sidan vi drog frå Norge i april. Jaja, eg veit de har hatt rikelig av den slags..

Ei anna beslutning vi no har teke, jaja, det tek på med slike avgjerdsle, er at vinterhamna vår blir i Santa Pola.Der skal Aurora ligge trygt og godt .

28.september:

Ligg i Moraira. Fin plass med feriehus langt over middels klasse. Fekk i dag beskjed om at vi får vitjing frå Norge 15.oktober. Det er to av  dei  tre som var med oss frå Norge- Shetland og mønstra av i Isle of Man, Anne og Harald. Det blir no kjekt.

Vi, kapteinen og Byssejenta kan ikkje skjøne kvar alle dagar og månader har blitt av. Nokon snakkar om at 14 dagers ferie er jammen nok! Ka e det for slags tull! Vi alle treng å kople frå det daglege, og det gjer ein ikkje på 14 dager.På den tida rekk ein knappast å pakke opp bagasjen og få system i den. Deretter er det haudet som skal omkoplast og DET tek lenger tid.

Har vore på ein lang spsertur i dag og oppdaga for ein vakker plass Moraira er. Skal seiast at standarden på husa er noko Beverly Hills, men vakkert å sjå på.Det tordnar og lyner framleis. Får sjå om vi fer vidare i morgon.

1.oktober:

Ein merkedag for seglarar som skal i hamn, Hamneavifta går frå og med i dag ned til low-price, dvs, ca 30% billegare.

Kaptein Bjarne hadde i dag telf.kontakt med Colin Archer-skuta, Constante, som ligg i nærområdet .Vi skal sjå om vi kan møtast til ein ordentlig kaptein -og byssejente-pratJ

PostHeaderIcon Litt bilde

Oddhild i farta.

Island-Einar-Kapteinen- Tannlege -Einar
Kapeinen, Byssejenta og Island-Einar
Besøk i ei kjempegrotte da Else Jenny og Stian var ombord i juli.
Godt for kapteinen å sleppe og speide på havet.Litt Torres-time gjer godt.
Å, trist med avreise. Her med god hjelp frå Island-Einar.
Gledelege kosttilskot frå Maria og Aurora,nam,nam..
Aurora og Maria i tidenes godis-butikk.