PostHeaderIcon Vi seglar mot Valensia

Tannlege-Einar var med oss frå Santa Pola.Hadde ein finfin seglas på 8,5. Kjempebra.Han gjekk i land i Altea, der Honndals-Oddhild møtte oss med deilig etterlengta brød.  Dei skulle heim til Norge no .

Det var på tide å kome seg vidare på reisa.La ut tidlig sidan været såg litt grufsete ut utpå dagen.Ja de kan de tru. I godt sig ser vi etter kvart at det svartner på himmelen, og etter nokre timar lyste det og tordna rundt oss, Ikkje ei så god kjensle på havet med mastra til værs.(forhåpentlegvis) Kapteinen beslutta å snu til ei hamn vi akkurat for forbi, ei god beslutning. Ho ”Tora” sprang etter oss, men vi vann innspurten denne gongen. I det vi la inn til kai, var det som om himmelen opna seg og var full av F-16 fly!

Veit de ,kjære lesarar ,at dette var det FØRSTE stor-regnet vi har hatt sidan vi drog frå Norge i april. Jaja, eg veit de har hatt rikelig av den slags..

Ei anna beslutning vi no har teke, jaja, det tek på med slike avgjerdsle, er at vinterhamna vår blir i Santa Pola.Der skal Aurora ligge trygt og godt .

28.september:

Ligg i Moraira. Fin plass med feriehus langt over middels klasse. Fekk i dag beskjed om at vi får vitjing frå Norge 15.oktober. Det er to av  dei  tre som var med oss frå Norge- Shetland og mønstra av i Isle of Man, Anne og Harald. Det blir no kjekt.

Vi, kapteinen og Byssejenta kan ikkje skjøne kvar alle dagar og månader har blitt av. Nokon snakkar om at 14 dagers ferie er jammen nok! Ka e det for slags tull! Vi alle treng å kople frå det daglege, og det gjer ein ikkje på 14 dager.På den tida rekk ein knappast å pakke opp bagasjen og få system i den. Deretter er det haudet som skal omkoplast og DET tek lenger tid.

Har vore på ein lang spsertur i dag og oppdaga for ein vakker plass Moraira er. Skal seiast at standarden på husa er noko Beverly Hills, men vakkert å sjå på.Det tordnar og lyner framleis. Får sjå om vi fer vidare i morgon.

1.oktober:

Ein merkedag for seglarar som skal i hamn, Hamneavifta går frå og med i dag ned til low-price, dvs, ca 30% billegare.

Kaptein Bjarne hadde i dag telf.kontakt med Colin Archer-skuta, Constante, som ligg i nærområdet .Vi skal sjå om vi kan møtast til ein ordentlig kaptein -og byssejente-pratJ

Leave a Reply