Archive for november, 2011

PostHeaderIcon 1.november- Eventyret vårt slutter…..

Oj. oj. Her sit no byssejenta, kapteinen hat klargjort båten for vinteren med uteteneste, og  byssejenta har teke seg av indreteneste. Det er vanskeleg å uttrykkje kva vi kjenner inn i oss.Nesten 7 månader ombord i denne fantastisk skuta, Aurora, som har ført oss denne lange reisa, og det HEILT perfekt. Tusen takk Aurora! Vil takke Tor Viggo Mikalsen for den tida vi var ombord frå Florø til Estepona.Ein fantastisk navigatør å ha ombord!

Det blir sjølvsagt koseleg og kjekt å kome heim att til familie, slekt og vener, men vi må seie at dette har vore eit farleg godt liv. Balsam for sjela, og verkeleg til anbefaling for andre.

Vil takke alle dokke som har følgt oss på bloggen, og alle  kjempegode vener vi har fått undervegs. Dokke har alle gjort sitt til at vårt eventyr vart  endå rikare.

No skal Aurora ligge trygt og godt i hamn i Santa Pola, og ho skal få pleie og ettersyn av tannlege-Einar og Oddhild. To flotte personar som bur delvis i Albir.

I morgon tidleg går flyet til Norge. Byssejenta hoppar av i Oslo då ho er invitert av kjære Simen saman med døtrene Maria og Else Jenny til å vitje minstejenta Hanne Sofie i Australia.

Ja, byssejenta er heldig ho. Fortsetter litt ekstra med sitt eventyr, medan kapteinen må heim til Stryn for å få ved i hus, og ikkje minst restarte på sin kuldeteknikk-jobb.

Men… det kjem eit år til 2012. Ja, då ligg Aurora her og ventar på sitt mannskap. Kor ferda går då, er det ingen seglar som veit.

Igjen, takk alle som har fylgt oss på reisa gjennom bloggen.

Byssejenta og kaptein blur aldri ferdig med å takke..- Altså du Glenn i Vågsvåg gjorde ein kjempejobb for oss medan båten låg i Poljen.Takk, takk.

Må også takke våre kjære familier som  har gleda seg i saman med oss for at vi skulle få oppleve dette !

Som eit aller siste sitat frå byssejenta til ALLE våre vener undervegs og heime: STORE HJERTER KOMMER OFTE I SMÅ FORPAKNINGER !

Ha det godt og grip dagen..

PostHeaderIcon Besøk frå Stryn

Hei. Eg prøver febrilsk å redigere teksten på bildet av byssejenta og Anne, men får det ikkje til.Harald og Anne reiste frå Santa Pola tilbake til Norge. Vi hadde  i mellomtida ein flott segltur til Torreveja, eller Toorevikja som vi kaller det internt.Før vi drog hadde Harald interne kontakter som kunne fortelje at her var eit norsk par med stor bobil på campingplassen i Santa Pola. Vi var ikkje verre på det enn at Harald, Anne , kaptein Bjarne og Byssejenta tok ein overraskande spasertur opp til campingen (som er veldig stor, ca 500 plasser) vi fann dei og det vart ein triveleg og koseleg ettermiddag med prat om slekt og vener.

Eit par dagar seinare, etter at Harald og Anne måtte reise heim til Ekornes og kyrkja i Honndalen, dukka bobilparet opp her på hamna vår, Olav og Tove  Heggestad. Vi kosa oss , og det vart gomiddag seinare i veka med spesiell Irish coffee på kinesisk vis. Takk for eit kjempehyggeleg møte, Olav og Harald.

Olav og Tove ombord i Aurora