PostHeaderIcon Besøk frå Stryn

Hei. Eg prøver febrilsk å redigere teksten på bildet av byssejenta og Anne, men får det ikkje til.Harald og Anne reiste frå Santa Pola tilbake til Norge. Vi hadde  i mellomtida ein flott segltur til Torreveja, eller Toorevikja som vi kaller det internt.Før vi drog hadde Harald interne kontakter som kunne fortelje at her var eit norsk par med stor bobil på campingplassen i Santa Pola. Vi var ikkje verre på det enn at Harald, Anne , kaptein Bjarne og Byssejenta tok ein overraskande spasertur opp til campingen (som er veldig stor, ca 500 plasser) vi fann dei og det vart ein triveleg og koseleg ettermiddag med prat om slekt og vener.

Eit par dagar seinare, etter at Harald og Anne måtte reise heim til Ekornes og kyrkja i Honndalen, dukka bobilparet opp her på hamna vår, Olav og Tove  Heggestad. Vi kosa oss , og det vart gomiddag seinare i veka med spesiell Irish coffee på kinesisk vis. Takk for eit kjempehyggeleg møte, Olav og Harald.

Olav og Tove ombord i Aurora

Leave a Reply