Archive for juni, 2012

PostHeaderIcon Aurora i drift igjen!

Heihei

No er vi tilbake. Ankom Santa Pola i forgårs, 28. juni. 36 grader og berre velstand.Kapteinen har fått plassert alle sine dikkedarier , frå pakninger til kork, ja, eg veit berre at det er «kjekt å ha» når det knipe. Sist gjekk brødfjøla med då vi mangla ein trestubb!

Eg, byssejenta , har plassert mine makrell i tomat, leverpostei, kaviar og majones , i alle mine hemmelige reserverom.Jemmen er det kjekt å vere tilbake. No vert det 2 månader med slaraffenliv.I morgen går turen til Torrevieja(vanskelig å uttale). Der skal Aurora på land  for å kvitte seg med alle vennane ho har fått i kjølen.Vi, foreldra til S/Y Aurora, må då bo på  land mens denne rensinga foregår.

Etter då, går vi mot Ibiza, Mallorca, Secilia…

Kjem etter kvart med bilde når fotoapparatet vert opplada. Ha ein fortryllande dag du også!

Byssejenta