Archive for juli, 2012

PostHeaderIcon Aurora har fått full forpleiing

I ei veke no har Aurora stått på land der alle eksperter har pleia ho så fint. Ny botnsmorning, polering,rensing av propeller, ja ho har det så fint no og glir som ei svane i  vatnet.

Vi ligg no i Santa Pola. Vår seglkamerat frå i fjor, Tor Viggo, er komen ombord, og i morgon kjem Kurt, eit nytt mannskap.Bauen peikar no etter kvart mot Italia, Albania og Korfu.

Kapteinen og byssejenta reiser til Norge i morgon, og blir ei veke grunna bergravelse til kapteinens mor.

Aurora rusler sakte og sikkert vidare med Tor Viggo  ved roret., og vi mønstrer på undervegs.

Ellers kan eg no fortelje at varmen er intens her no. Takka vere ein kuldetekniker ombord , har vi vifter som surrer den varme lufta litt rundt.Prøver å kviskre eit stikkord i øyret hans(aircondition)jaja , vi får sjå kor mange «kviskr» eg må ta.

I går var vi på kinesisk restaurant saman med kapteinens bror, Rune, som har leigd seg ei flott ferieleilighet i nærleiken her saman med familien.Vi åt  i 3 timer, så no har vi smakt på ALT som finns  av kinesisk gourmetmat. Vi er mette endå… Hadde ein superfin kveld.

Då seier byssejenta god kveld, og vi snakkast  når vi kjem ombord att.Eg har lova fleire bilde, og det skal eg halde.