PostHeaderIcon Gjesteblogging: Mafia, forstoppelse & Speedo

Heisann kjære landsmenn!
Sidan byssejenta og Kapteinen er opptatt med slike båtlige
syssler, har eg; gjesteblogger, lettmatros og miljøgartner, Hanne Sofie teke
over bloggen.
28. Juli. Noko som viste seg å vere eit godt val.  Tannlege Einar og vår favoritt-nordlennding
Tor-Viggo, hadde pent seilt Aurora i blæst og motvind til Calgari, Sardinia der
eg, Kapteinen og ho mor (Byssejenta) mønstra på 28. Juli for å få eit lite
avbrekk frå den heildundrandes suuuumaren  i Noreg.
Personlig  skal eg ikkje skryte på meg at eg er ein erfaren seiler, då det viser seg at mi einaste
erfaring med båt er tulleseiling i Nordfjoren og at eg har sett mine bein på
Christian Radich (då den låg til hamn under Tall ship Races i Måløy….). Men det
skal seiast, eg har klart meg bra hittil! Om det kan ha noko med at vi kun har
køyrt motor veit eg ikkje…
På grunn av mine manglande sjøbein, har eg derfor teke på meg rolla som tolk og
språklig ansvarleg. Noko som muligeins har vore litt til hjelp då italienarane
er meget konservative når det kjem til språk. Engelsk? Neh… kva er det for noko?
Italiensk er jo eit verdensspråk! (trur dei)
Ja, også litt om turen. Fyrste hamna vi var på i Calgari
kunne lett minne om ei sleta brygge i Lofoten og hamnkontoret like rotete som ein
ungkarsbolig på Blakset. Men, vikingane klarte seg fint og hadde ein fantastisk
opplevelse (mykje takka vere Hennessy og Jameson).
Vidare dro vi til Capo San Vito
på Nord-Aust kysten av Sicilia. Det tok jo godt og vel eit døgn, men
med ein bade-stopp undervegs var den utolmodige ungdommen (eg) vel nøgd. I Capo San Vito
var det andre boller! Strand rett ved hamna og høg turistfaktor. Vi
spotta til og med opptil fleire party-svenskar og salami-danskar i havet
(symjande på stranda, vel og merke…). Underhaldningsfaktoren var også svært høg
på kaia, for vi hadde nemleg ein heller overvektig kakse iført Speedo som
nærmaste nabo. Litt av eit syn. Når sant skal seiast trur ikkje eg han var så
altfor begeistra for oss og vårt gode humør, for han flytta nemleg båten sin….
Eigentlig like greit…
I Capo San Vito fekk vi også ein liten smakebit på det vi likar å tru var
siciliansk mafia.Ikkje berre fordi favoritt-nordlenndingen kjøpte seg
mafia-hatt, men også fordi dei krevde kopi av visa kortet for at vi skulle få
tilgang på Wi Fi. Det er litt mystisk, er det ikkje?
I frå San Vito bar turen til Palermo, hovudstaden på
Sicilia. Mitvegs fekk Aurora litt forstoppelse så Rørleggeren frå Nord måtte ta
sugekoppen fatt og hoppe i havet. Alt fiksa seg og Aurora vart frisk.
Heldigvis.
Her i Palermo er det forresten superfint og noget spessielt sidan
mafiaen har gjort sitt inntog. Ja, til og med handlevognene er svarte! Taxiar
har vi også benytta oss av, men ingen av dei har hatt skilt? Merkelig… Elles
finn eg det òg lit merkelig at 70% av alle menn går i svart dress, trass 40
grader og sol? Hmmm…
Oi! Må nesten nemne tiiiiidenes «drosje-tur». Vi var nemleg
så utruleg heldige å hooke tak i ein god gammal travar med hest og vogn. (sjå øverste bilde)
Nu skal vi snart vidare, kor veit eg ikkje, men dykk skal få
full rapport om vi klarar å  hackar oss
tak i O’heilage WiFi igjen!
Rørleggeren frå Nord
ikkje alle har teke til seg sol like godt....
SHIP O’HOI
– Hanne Sofie

Leave a Reply