PostHeaderIcon Hvem kan seile for uten vind, hvem kan kommunisere med en italiener?

Oh no! då er vi komne til siste stopp I sicilia for byssejenta og den nye lettmatrosen…

I går dro vi frå Portorosa, ei mildt sagt gidigen hamn der vi låg pent sammen med 699 andre båtar. Eg og ho mor ville sjølvsagt utforske staden og estemte oss for å gå ein liten svipp tur på ein liten bar. Baren låg på hi sida av hamna, så vi tusla av gårde med godt mot og keen as a bean på ein mojito eller to. Det vi ikkje visste var at det var litt fleire krinkar å krokar på den tullehamna enn kva vi hadde trudd. 45 svette og kjedelige minutt seinare var vi framme, forbanna som ein ferjebilletør. Kvifor skulle det vere så langt? Hadde ærlig talt gjort seg med ei bru…?! Nok om Portorosa… No er vi nemleg i Messina, ein relativt stor og fin by. Hamna er også alletiders!

Nyskjerrige som vi er, dro eg og ho mor ut på nok ein ekskursjon for å finne busstasjonen som i følgje våre kjære italienarar ligge «rett borti der»… det gjor den ikkje. Etter å ha snusa oss fram til eit turistkontor som låg like sentralt som Shetland, vart det endelig fart på sakene! For der møtte vi på ein kar som ville vise oss rundt i bygninga der dette svært komersielle turistkontoret låg. som dei fleste pastaetarar snakka han ikkje engelsk, men med god gestikulering kom vi fram til at vi var i sicilias svar på stortinget! Tøffe greier… Der fekk vi sjå «presidenten» sitt kontor men gullbelagt tak og shvææære møtesalar! Etter å dagens politiske dose var planenen å finne busstasjonen, men slik gjekk det sjølvsagt ikkje. vi fann ein grumsomt stor katedral vi! og ein skobutikk… og ein klesbutikk… og ein butikk med både klede og sko… og ein cafè med verdens beste is.. og enda ein skobutikk… også kom vi til busstasjonen, kjøpte billettar, og i morgon tidleg drar vi til Catania og tek fly derifrå tilbake til vårt kjære heimland.

til opplysning er her også 32 grader kl 23:17. Fryse du, eller?

 

 

Vart ikkje bading på oss, båta som fiska sverdfisk i sikte!

 

takk for meg!

Til dei seilinterreserte kan eg opplyse om at vi kun har gått på motor heile vegen og at herr Øen er solbrendt på ryggen. ( her er då naturlig nok ikkje vind, derav motor. hvem kan segla for utan vind?)

SHIP O’HOI!

Leave a Reply