PostHeaderIcon 13.april Nedri

11.april ankom vi Nidri etter ein fantastisk overfart frå Paxos.Med raud nase og svidde skuldrar gjekk vi gjennom kanalen. Vi hadde høyrt gjetord om at både Gudmund og Kari, samt Svein hadde lagt  seg i Nidri.Vi crusa rundt og såg ingen teikn til norske flagg.Plutselig dukka  det opp ein båt i bukta med norsk flagg.Det var Svein.Etter å ha ankra kom han med si superjolle ombord, og vi fekk oppdatering om diverse, også at Gudmund og Karin låg inne ved hamna. Det vart gjenforening med usette facebookvener og ein trivelig kveld på land. I går fekk vi plass inne ved hamna, så pass at vi fekk vatn, og det er godt å ha litt «vaskevatn» starum produserer vi sjølv, og som gode Vesterålinger og Nordfjordinger vi er, legg vi varme i kvar ei setning. I dag har vi vore på synfaring i hagane til folk, og fått både jasmin og rettleiing til waterfalla som er ein beskjeden sildrebekk i Norge. Om de trur eg har dysleksi, så er denne touch greia på ipad så ømfindtleg, så de får lese dokke til det mest sansynlege.I morgen går ferda til selveste Onassis-området.Ja de hugser vel han der rike karen som gifta seg med selveste Jaqoline Kennedy.Prisen for denne øya var 100 mill dollar.Ja, ja kjekt å  Ha noko å bruke pengane på

One Response to “13.april Nedri”

  • Else Jenny says:

    Kjære mamma, her er instuksjonar (nok ein gong) til korleis du skrur av ordboka på tastaturet til iPaden:

    1. trykk på ikonet «Innstillinger»
    2. Trykk på «generelt», og bla deg ned til der det står «tastatur».
    3. Trykk på «tastatur», og merk deg linja der det står «autokorrigering». Skru av denne.

    Då skal vi sjå at ikkje byssemora får orden på tastaturet sitt også, slik at du slepp å skrive alle mann til puppene igjen 😉 haha.

    Klem

Leave a Reply