PostHeaderIcon 16.april Preveza,Hellas

heihei

Her er vi igjen, supermannskapet på Aurora S/Y, Kaptein Bjarne, byssejenta Henny, chief Harald og miljøgartner Torill.

Etter ein «lang» seilas frå Vathi,med med-og motvind frå alle kanter og godt miljø ombord, er vi no i Preveza.Ligg lang-ships med alle tamper på plass, har vaska klede og boltra oss i heitevatn og dusj ombord. No sit vi på internettkafe, som  og seg sjølv er ei oppleving for byssejenta og Torill, for greske damer er tydlegvis ikkje på slikt fanteri som internett.

For våre fylgjarar på bloggen skal eg seie dykk at det var litt av ein overfart i dag.Etter å ha venta  40 min på en brua som skulle opne seg i kanalen i Lefkas skal eg seie det vart action. Nesten ute av denne elva, og med åtvaringer frå Caspara at det var ein stor betongblokk, ei usynleg ei, i leia, hadde vi for syne meg ein tysk båt framfor oss. Han låg fint i leia, men plutselig var han nok litt for mykje til styrbord(byssejenta har lært seg slikt etter kvart), og der sa det pang for tysekertane igjen, Dei gjekk rett på denne betongklossen! Ka trur de som hende då? Jau,  dei for vidarare i full fart som ein pelikan med skada vinger, og rett til havs.

Vi ombord i Aurora vi tenkjer sitt: Ein redningsaksjon  i dei seinare timer er nok på gong.

Ellers går no dagan ombord, med 7 liters dusj og to tørk papir.I morgon går ferda til sørspissen  av Korfu. De veit der ute at det er ikkje lett å hugse hverken dag eller stad, men vi er veldig glade for at hamnene har dukar med kart og posisjon, så vi finn nok fram:)

Prøv å ha ein slik finfin dag som vi har.

Masse klemmer frå byssejenta og resten av det fantastiske mannskapet !

Dysseleksiiien får det berre ta med i innlegga:)

One Response to “16.april Preveza,Hellas”

  • Else Jenny says:

    Ønsker deg en fin dag også! Pass dokke for betongklossar, det hørtes skummelt ut! Her koser vi oss på det nye badet, og i dag skal vi male eine veggen i stova. Det blir kjekt. Kos dokke så mykje ute på bøljan blå! Stor klem

Leave a Reply