PostHeaderIcon Gouvia,Korfu 7.april

Då er vi vel plassert ombord i Aurora.har teke ein vask utvendig,som var heilt nødvendig,men når alle manngår til puppene er det fort gjort.

På fredag var det Tollkontoret som skulle vitjast.Kapteinen hadde etter tidlegare  erfaringer sett av ein heil dag til denne papirjobben.

Første stopp var informasjon om at vi hadde gjort ein stor feil.Det var at vi ikkje hadde levert inn transittloggen når vi reiste tilbake til Norge.

Det var då å vandre ein liten kilometer vidare til sjølvaste tollsjefen.Kva hadde vi i vente? Skulle dette slunke heile lommeboka?

Vart strengt motteke av ei dame som var uinteressert i forklaringer, ville berre sjå papir.

Etter ein lang diskusjon der tre andre var innblanda, og etter å ha diskutert både hunder og katter,såg alt vel og bra ut.MEN:då var det tax vi skulle betale.Kaptein Bjarne hadde trumfkortet klart,dokumentet om at EØS registrerte båter ikkje skal bet tax.Dette heilage dokumentet var gresk og tollsjefen hadde ALDRI sett dett før! Selveste sjefen måtte då ta eit titalls telefoner,og kven sigra? Jau,det var kaptein Bjarne.Svette og med flagget til topps vart det eit par øl på nærmaste restaurant.

 

One Response to “Gouvia,Korfu 7.april”

  • Christine says:

    Hei hei

    Har akkurat ankommet Corfu, og sitter og venter på fergen over til Igoumenetsia. Ferden går så videre med buss til Preveza der vår båt står og venter vårpuss og nye eventyr. Prøver å slå i hjel litt tid, også snubler jeg over siden deres. Vi har og hatt våres med de greske myndigheter kan du si…

    Hvor lenge planlegger dere å være i området? Kanskje vi treffes…

    Hilsen
    Christine

Leave a Reply