PostHeaderIcon Paxos,Gaios 10.april

Byssejenta alltid ute etter buss-skur.

Byssejenta alltid ute etter buss-skur.

Høgt heng dei og sure er dei, desse sitronane

Høgt heng dei og sure er dei, desse sitronane

Snakker om strategisk plass midt i sentrum

Snakker om strategisk plass midt i sentrum

Torills fantastiske blomkålsuppe

Torills fantastiske blomkålsuppe

Ankom Gaios,Paxos i går etter ein fin overfart frå Korfu.Gjekk litt tregt grunna motvind, men den bles sjelden der i vil ha den.

Her er det tidleg i sesongen. men vi har funne dei fasiliteter vi treng:supermarked like ved, stor kai,god vin ,fri internett, ikkje straum eller vatn, og heller ikkje hamneavgift:) Heilt supert.I dag har det vore synfaring med spasertur i oliventreskogen .

Byssejenta, underteikna , har fått konkurrent frå Vesterålen, sjølvaste Torill.Ho har diska opp med blomkålsuppe og grillribbe, så kaptein Bjarne er litt bekymra over magemålet sitt no:)

1. styrmann Harald er stødig avlastning for kapteinen.I dag har vi hat ca 20 grader, men no i skrivandes stund er et litt kaldt, så mr. dieselvarmer har trått til ei stund. I morgon er planen å gå til Lefkas.Desse karane om bord har no så mange facebook-vener på Langturseglalar,så dei håper på å møte nokre av desse usette venene sine. Vi byssejentene har no våre interesser 🙂

 

One Response to “Paxos,Gaios 10.april”

  • Else Jenny says:

    Dette høyres no berre heilt magisk ut! Kjekt å lese at dykk har det bra. Morsomt at mannjane er på jakt etter Facebook-vener på havet. Kos dokke så mykje, og hels einkvan! Stor klem <3

Leave a Reply