PostHeaderIcon 15.mai Stryn

Lurer du på kvar flaskekosten kjem frå? Den veks på tre i Hellas!

Lurer du på kvar flaskekosten kjem frå? Den veks på tre i Hellas!

 

Paneldebatt ombord i Carmen

Paneldebatt ombord i Carmen

 

Byssejenta koser seg.Tøff caps, eller?

Byssejenta koser seg.Tøff caps, eller?

Hei, i morgon er det nasjonaldagen vår , hipp,hipp.

Vi har vore heime i ca 14 dager grunna konfirmasjon og diverse gjeremål.

Laurdag 18. mai går ferda tilbake til S/Y Aurora som venter med lengsel på oss, og som no har lysst til å «ta laust» for å sjå fleire øyar og møte nye båter.

Den 23. mai»  påmønstrer» Glenn , ein dreven båtkar frå Måløy og hans samboer Britt.  Det blir nok nokre trivelege dager ombord.

Dokke som les litt i bloggen vår lurer vel på korleis vi får tida til å gå. Mange har i alle fall spurt meg, byssejenta, innfjording og fjellgeit:)

Då skal eg berre fortelje dokke at ei veke er som ei lita helg. Ein månad er som mange sin 7 dagers sydenferie, 2 månader er som ein-3 mnd, 4 månader er som ein månad , og der slutter tidsbegrepet:)..Ja dette var ikkje enkelt for deg å forstå! Dagane flyg avgarde, og kvar lita båtoppgåve, som vask, reparasjon og matshopping, tek tid med herlige pauser og sjølvsagt utan klokke.Plutselig er det kveld, og då er det tid for diskusjoner og samtaler med andre båtfolk der vi løyser mange nasjonale og internasjonale problem, kanskje ikkje alle DEN kvelden.Nokre spørsmål  har ikkje fått svar, men då fortsetter vi neste kveld,

og slik går no dagan..

Vi snakkast i Hellas når vi har fått opp igjen vårt internettabbonnement som går ut kvar månad. Det heiter Vodafone og er ein raud liten plugg som fester seg til laptoppen:) Ein  fin dings som prater med heile verda.

God 17. mai og la det norske flagget svaie i

 

Leave a Reply