PostHeaderIcon 25.mai Albania

Kaptein Bjarne med Velferd-og Forpleiningssjef 600 moh i Serande, Albania

Kaptein Bjarne med Velferd-og Forpleiningssjef 600 moh i Serande, Albania

Ikkje berre fattigdom i Albanaia. Nokon har penger.

Ikkje berre fattigdom i Albanaia. Nokon har penger.

Det Albanske flagget til topps. Raudt med ein merkeleg svart fugleskapning i.

Det Albanske flagget til topps. Raudt med ein merkeleg svart fugleskapning i.

Flott utsikt frå "fjelltoppen" i Albania

Flott utsikt frå «fjelltoppen» i Albania

Posten ska fram i Albania og

Posten ska fram i Albania og

Her ligg vi til kai i Serande

Her ligg vi til kai i Serande

Kaster loss, nydelig ver. Har planer ,noko som sjøfolk sjelden har, om å ta ei kort etappe nordover.

Plutselig var denne strekninga veldig kort, så vi oppdaga at vi hadde segla forbi dit vi hadde tenkt oss.

Eit bittelite rådslag om bord, og destinasjonen vart Albania, hamna Serande.Her var det kun kaptein Bjarne som hadde vore her før..

Vi kontakta agenten frå 2012 og han stod parat på kaia  med ei søt lita dame med namn Leila.Dei ordna alle papir og vi vart klarert for dette landet.

Eg, byssejanta , som no har avansert til forpleinings-og velderds-sjef, har aldri fått så masse penger for kr 1000. Fekk 20.000, ! Myneinheita her heiter Leke.Ein kan trygt seie at det var eit rimeleg land å opphalde seg i.Serande er ei fin hamn.Der er svært mykje ferjetrafikk og når vi var der held dei på med  ei 180 m kai for desse, så maskinentrepenørane der hadde same arbeisdstruktur som elles i verda, utan omsyn til naboar og helligdager. For de som har tenkt dykk dit, avtal med agent om plass og  innsjekking, for det er ikkje  så mange kaiplasser for slike som oss.

Vil og anbefale  å ta ein taxi til ein 600 m fjelltopp .Der er eit gammalt «castle» som er omgjort til ein fin reaturant. Ei utsikt som nesten tok pusten frå oss. Såg  innlandet av Albania, og det var eit frodigt og fint landskap.

Sum og sumarium:Albania er absolutt eit land vi gjerne fer tilbake til.

 

Leave a Reply