PostHeaderIcon 26.mai Paxos

Så fine kvelder har vi om bord i S/Y Aurora

Så fine kvelder har vi om bord i S/Y Aurora

Vi forlater Lakka

Vi forlater Lakka

Kjekt å kome i kontakt med dei lokale

Kjekt å kome i kontakt med dei lokale

Når ein ligg oppankra i bukta, som her i Lakka, er det godt å ha Jollymen

Når ein ligg oppankra i bukta, som her i Lakka, er det godt å ha Jollymen

Destinasjon Paxos.Ca 45 mil. Fin overfart .Ankra opp i ei bukt i nord, Lakka.

Vi var 21 båter  der.Jolla oss inn til hamna og åt midag, ein ganske dyr plass når det gjeld mat. Vi vart fanga av ei innkasterske i det vi stod og las  ein meny som ho sa ikkje heilt stemnde.Kapteinen og Velferds-og Forpleiningssjefen, tok signalet då vi før har gått i ei slik felle. Vi vart vidareført til ein kelner som igjen førte oss inn på kjøkkenet, og han hadde ein usynleg powerpoint i hovudet, der det rasa ut alle hovedrettar og starters.Vi vart såre i øyrene, og då vi spurte kva eit kyllingspyd med  poteter  og litt grønnsaker kosta, vart hen heilt forundra. Jaja, maten var god og alt enda godt.Eit tips til dokke kelnarar der ute:Kjekt med  service, men  ver deg sjølv  og hald ein balanse mellom deg og kunden.

Då  vi jolla tilbake til Aurora hadde det forsyne meg hadde lagt seg ein «tyskert» ganske nær oss. Vi sat heldigvis oppe ei lita stund, for vinden dreia, og det gjorde «tyskerten» og. Plutselig kom han mot og rundt oss.Vi avverga ein crash, prøvde å vekkje denne karen, men han sov  som ein stein. Omsider jolla kaptein Bjarne seg bort til han og banka på skroget mange gonger og der vakna «tyskerten» og han flytta seg og alt enda vel  og vi sov  med halvopne øyre og auge.

 

Leave a Reply