PostHeaderIcon 28.mai Plataria

Kven er dette?

Kven er dette?

Oj oj for ein varm dag, sjølv på havet.Vi kjende oss , slik eg trur det kan vere, å  vere soltomat  i saus med kokeplata på 4 og tett lokk.

Vi la til i ei nydeleg hamn med reaturanter  rett ved stovedøra vår. Tydlegvis eit nytt turistmål.

Temperaturen kom etter kvart opp i 36 grader.Var nydeleg lang badestrand rett ved hamna.

Møtte på ein svensk familie med 3 bord som hadde segla i 14 månader og var på veg tilbake til heimlandet. I pilotboka, dvs naf-boka til sjøs, stod der at der var straum og vatn.Vi ombord i S/Y Aurora eg godt sjølvforsynt med straum, og vi held hygene nivået på våtservietter og bading.

Han hadde spurt etter straum og vatn, skjøner det med 3 små unger, og svaret var at hamnesjefen kom om ein månads tid.Det viser seg då at same svaret vart gjeve for 3 år sidan! Noko i det at ting er «heilt gresk?» 🙂

Vi anbefaler likevel denne hamna.

2 Responses to “28.mai Plataria”

Leave a Reply