Archive for juni, 2013

PostHeaderIcon 24.juni 2013 – 3 månader om bord i S/Y Aurora

else j og stian 2013 lefkas-plattaria (52)

Kapteinen nyter ein dag på stranda.

Vi ankom Hellas dei første dagane i april i år.Heilt utruleg kor fort denne tida har gått.Førstkomande søndag er det heimreise til Norge. Vi gjer båten klar , tek ned forseglet, vasker, polerer, smører litt her og der, og tek vask innvendig. Det blir og eit besøk på Port Authority for å levere inn transittloggen. Vi  få som ikkje er med i EU har våre regler å forhalde oss til, men det går heilt greit etter kvart som vi skjønar «gangen» i detJ

Planen er at vi kjem att i starten av september.I oktober skal S/Y Aurora på land for vinterlagring i Gouvia marina. For øvrig ein fantastisk marina.

 

Siste 14 dagane har vi saman med Else Jenny og Stian segla innom mange vakre plasser.Har nemnd dei tidlegare i bloggen.

Klar for avreise tilbake til Norge

Klar for avreise tilbake til Norge

Vi hadde og tidlegare  i år flotte seglas med Harald og  Torill frå Vesterålen, samt med Glenn og Britt frå Vågsøy.Alle  vi har trivdes godt i lag og hatt mykje moro. Takk for gode minner J

Har og  møtt  mange langseglarar  som vi håper vi ser att ein gong m.a:

Bergensbåtane Spurs og Morgengry,Carmen med mannskapet Stian og Christine og pappa Rolf, Gudmund og Karin, Svein,Luigi, Angelica og Reiner, ja eit lite samfunn i ei stor verd.

Dette høyres no ut som om vi skal avslutte heilt, men fortvil ikkje, bloggen og S/Y Aurora består, samt VFA-sjefen og kaptein Bjarne,

Vi skal surfe vidare på bøljan blå.  Fer rett og slett heimatt i juli og august grunna varmen.Sjølv om vi har Svalhild(aircondition), vindmølla Bjørg, motoren Nils og  småviftefamilien Duracraft, uttala Solbjørg, så blir det for varmt .Ellers er det no godt å få ein smak av sommer heime i Norge saman med familie og vener, og ikkjeminst ta litt vare på hus og hage.

Fekk beskjed no at plenen heime er 40 cm ,så  det er  berre å setje i gong med a lage rundballer!

 

Skjelltenner finn ein på stranda, så kvifor koste på seg dyre tenner heime:)

Skjelltenner finn ein på stranda, så kvifor koste på seg dyre tenner heime:)

Favorittplasser vi har vitja hittil i Hellas , og det er berre starten på ei oppdagingsreise,er:

Vathi, ein sjarmerande liten plass.Grei hamn, ikkje vatn eller straum.Fint å gå tur i olivenskogen, eller ein 15 min gange til ein liten landsby.

Plattaria. Bitteliten plass men ei forholdsvis stor hamn teke i betraktning at der er ca 1000innb.Flott badestrand rett ved hamna. Heller ikkje vatn og straum

Lefkas:  Flott hamn. Halvparten så stor som Gouvia. Omtrent same hamneleige på langtid. Kjempefin by. Gå på nordsida av byen.Det er DER det finast. Også ei fin oppleving å gå gjennom kanalen med svingbru som opnar kvar heile time.

Ormiskos Valtou, nord for Igomenitza, er ei fin bukt for ankring. Flott å bade, men mykje mygg, så ha med mygglys og myggstift! Ei fredfull oppleving med fuglesong og fiskesprettJ

Parga.Fantastisk plass, men dessverre har dei ikkje tenkt båtfolk ,mest charterturister. Skal du legge til der må du ha lang landgang. Kaia er beregna på større lasteskip enn oss, så vi måtte feste tau på land for å kome oss opp  landgagen.

Ein tur opp til castle er også å anbefale. Masse trapper men der er «leskestasjonar» undervegsJ

Lakka var også fint.

Felles for dei fleste plassane er at der ikkje er vatn og straum. Ein kan få tilgong til ei kran via ein restaurant, men når ein har bra med vanntanker og ein god batteribank, solcellepanel Vigdis, og vindmølle Bjørg og han Nils, så  greier ein seg kjempefint.Det aller finaste er no at  vi nesten ikkje har betalt hamneavgift nokon plass. Kun i Preveza. Lefkas høyrer til vår «kjede» så der betaler vi ikkje noko, Vi kan ligge der og i 3 andre hamner opptil ein månad gratis.

Dette vart altfor mykje å skrive om. Der er mange, mange fleire fine plasser vi har vore, men sanneleg er det vanskelig å hugse kva alle heiter, ja, de andre som er ute og seglar har vel  opplevd mang ein gong at ein har gløymd kvar ein var i gårJ

Kapteinen tek ei pause

Kapteinen tek ei pause

Heldigvis er kapteinen nøye med å føre loggbok.

Det var den dagen vi IKKJE hadde bestilt spa-time

Det var den dagen vi IKKJE hadde bestilt spa-time

 

Kan ein ha det betre?

Kan ein ha det betre?

 

Ingen ting er som ein god middag ombord i S/Y Aurora.Kokk:ElseJ

Ingen ting er som ein god middag ombord i S/Y Aurora.Kokk:ElseJ

 

Kanskje vår neste jobb?Egne line ? Lefkas

Kanskje vår neste jobb?Egne line ?
Lefkas

 

Ein trivelig kar, men taus..

Ein trivelig kar, men taus..

Dette vart noe eit litt kjedeleg innlegg, men litt fakta kan no vere greit.

Eg får «sprite» det opp med litt bildeJ

Mvh

VFA- sjefen

 

PostHeaderIcon Mini -genakker

«Hvem kan segla forutan vind..

Det er Else Jenny. Her i modell genakker med ankermønster. Fåes kjøpt på HM- Norge.

I monetringsfasen

I monetringsfasen

Storflau vind.:)

Storflau vind.:)

Eller kanskje like greit ?

Eller kanskje like greit ?

PostHeaderIcon 18.juni Mygg eller vifte !

Det er inegen ting å seie på den temperaturen som no er .40 grader kan vere hardt for barka nordboarar, så derfor fekk vi jentene ,VFA-sjefen og lettmatronesse Else Jenny, valget mellom mygg eller vifte .

Tidlegare har dei fleste av oss, unnateke underteikna som har ein anna blodtype, eventuelt av den blå sorten, vore raudmønstra på kroppen, med tilsvarande kløe.

No når varmen har teke oss har vi lete mygg vere mygg. Vi har gjeve denne underlege lettbeinte  helikopterrakkaren fri tilgong. Han får berre  forsyne seg ! Her er det luft og kulde som gjeld.:)

Her inne heøldt i det minste myggen fred. Parga

Her inne heøldt i det minste myggen fred. Parga

PostHeaderIcon Gjesteblogg frå Lefkas

 

Slik ligg ein på svai har eg lært.

Slik ligg ein på svai har eg lært.

Kalispera, alle bloggens lesarar til lands og til havs!

Då var det endeleg på tide med ein ny gjesteblogg frå Stian og underteikna. Forrige gong var i Spania i 2011, og i år var vi ikkje verre enn at vi hengde oss på til Hellas. På sjøen, i eit Internettlaust landskap, er det lett at ein gløymer både tid og stad. Difor blir det nok ikkje enkelt då ein skal fortelje om alle desse eventyra og havnene ein er innom. Men som mormor brukar å seie : «Så kom dykk dit, og…?»

Jau, så kom vi dit. Vi landa i Korfu den 9.juni, og tok taxi til marianen, der Aurora (båten), Byssejenta (mamma) og Kapteinen ( Bjarne) venta på oss med champagne!

Etter dette har det gått kast i kast – solfaktor 30 og kvitvin har ikkje blitt spart på sidan vi slapp siste foten frå land. Vi har også hatt litt av eit drama, som i etterkant kan beteiknast som ein øvelse for heile mannskapet. Det som skjedde var at underteikna skulle børste håret sitt etter ein dusj (det er langt mellom slike laugardagar på sjøen, så når det først skal børstast, så gjer ein seg flid.) I iverens stund klarte eg å miste børsta på sjøen. Kapteinen foreslo med eitt at eg skulle hoppe uti og redde den, byssejenta hoppa av gammal vane på land for å få oversikt over situasjonen – medan eg kommanderte Stian med ein gong: hent håven på venstre sida i lugaren vår. Stian var snar (sjølv om det i panikkens øyeblikk virka som det tok ei evigheit å oppdrive den der håven) og plutselig hadde vi fått børsta om bord i båten igjen. Då kom det frå kapteinen: «No veit eg korleis du reagerer i ein nødsituasjon, og det er fint for meg som kaptein». For ei som etter eit titalls repetisjonar på både speider og Røde Kors-kurs framleis ikkje husker korleis ein gir hjarte og -lungeredning, så var dette ein bragd. Eg klarte å redde ei hårbørste frå den grusomme død på havet.

Ellers har livet på sjøen vore ganske så udramatisk. Vi har ete mykje deilig gresk mat (som er ein DRAUM i forhold til den spanske maten (eg klarte aldri heilt å legge min elsk på dei svette pølsene i Spania og det mygla brødet, men det er ei anna historie.)

Som det seg hør og bør på ein båt utan nettforbindelse og anna, så utviklar ein sine eigne små kvardagsprosjekt (noko eg kallar ein perfekt ferie der ein tek kvar dag som den kjem). Blant anna kan vi nevne at mamma og eg har vore på myggnett-shopping i eit desperat forsøk på å bli kvitt desse blodtørstige greske fuglane. Vi traff blink med ei gardin som sikkert hadde sett sine betre dager, men som gjorde ein nydelig jobb som myggnetting. Ho vi kjøpte det av selde også ei T-skjorte som fort vart ein favoritt blant mannskapet, med påfølgande tekst: «I am not a plastic bag, this is the dream of every woman.»

Vi maser oss til å segle, sjølv når det går for 2 knop.

Vi maser oss til å segle, sjølv når det går for 2 knop.

Ellers skal det også nevnast at vi følger nøye med på arbeiderpartiets forslag til innføring av dukskatt. Kvifor skal vi skatte på dukar, når dette er eit kvardagsprodukt med eit større potensiale enn berre bordflater (som skjerf, handkle og myggnetting). Vi ventar i spenning, og kjem til å stemme NEI til dukskatt om anledninga byr seg.

Overfartene veit Kapteinen er ein favoritt for oss landkrabbene, så vi har ikkje vore så lenge i kvar havn. Til no har vi vore innom : Ormiskos Valtou, Mourtos, Parga, Preveza og no ligg vi i Lefkada. Fem havner er ikkje dårleg på åtte dagar, og i morgon gleder vi oss til ei lang overfart på heile sju timar! Endå har vi heile seks dagar igjen av denne sommarens segler-eventyr, så følg med oss vidare når mamma blogger frå bøljan blå.

Ship O’hoi, over og ut, Kari og Knut. Sjøsprut.

Ankerdram-skål frå Else Jenny og Stian.

 

Trur ikkje vi kvalifiserer til VM i konebæring, men det ligg faktisk mykje kjærleik i dette biletet.

Trur ikkje vi kvalifiserer til VM i konebæring, men det ligg faktisk mykje kjærleik i dette biletet.

PostHeaderIcon 12.juni 2013 Parga

Med vårt fantastiske mannskep ombord, Else Jenny og Stian, fann vi ut at vi skulle taein tur til Parga. Leste det tilfeldigvis i eit Ukeblad, nærmare bestemt KK som låg her ombord.Det skulle vere Hellas  sitt mest romatiske reisemål. Dette måtte vi prøve! Ankom hamna i forhodsvis god tid mnht. til helg. Ja, reprtasjen var nok meir meint for folk som kom dit med bil, fly eller buss.

Hamna er ikkje ofra noko på til anna enn hobbyfiskarar, og kanskje tidlegare stortrålarar. Kaia er så høg i forhold til våre båter at vi måtte  ta eit tarzantriks for å kome oss til land.

Mne, Parga var ein nydelig plass.Masse skandinavier, ja ka

Høgt heng dei og kvasse er dei, kaktusane!

Høgt heng dei og kvasse er dei, kaktusane!

 

Parga sett frå hamna. Her er ikkje hvreken starum eller vatn å få til båten.

Parga sett frå hamna. Her er ikkje hvreken starum eller vatn å få til båten.

 

Utsikt frå borga

Utsikt frå borga

 

parga og preveza (23)n ikkje seie at det er første «prior » når vi legg til med  båt, men,men. Nydelig badestrand og eit fantastisk kloster på ein fjelltopp, som for øvrig berre var god trim for slappe muskler.

PostHeaderIcon 10.juni 2013 Naturhamn

Else Jenny navigerer

Else Jenny navigerer

 

Ormiskos Valtou naturhamn.Bading frå båten.

Ormiskos Valtou naturhamn.Bading frå båten.

 

Forfriskninger på Diamond Spa

Forfriskninger på Diamond Spa

10. juni ankra vi opp Ormiskos Valtou, ei vakker naturhamn. Vi var den einaste båten som låg ankra i denne bukta, Det vart herlig Middelhavsbad, og etter kvart som skumringstimane kom, høyrde vi fugler og fisker,og ikkje eitt einaste lys var i sikte,Det er sånne tider ein verkeleg kjenner kor liten ein er i eit stort univers.

Neste dag vakna vi til igjen ein nydelig morgon og etter ein fantastisk god sømn.

Etter eit rådslag på dekk vart vi einige om å luffe til ei ukjend hamn,Mourtous.Ei lita hman med  begrensa båtplasser, så vi var heldige å finne oss ein fin plass då vi var tidleg ute. Kosta heller ingen ting å ligge der. Vatn og straum må visst vi kontakte «Vannmannen» for å få, men vi som er så sjølvforsynt med solpanelet Rolf, og vindmølla Bjørg, så greier vi oss fint.

Har i skrivandes dag, 13. juni .vore på badestranda ,lauga oss, for det trengs av og til når dusjkapasiteten er begrensa.

I morgon er planen at vi går til Parga.Det har vore litt smårusk i veret, så derfor har vi avventa.

V-og F sjefen.

 

PostHeaderIcon 9.juni Norgesbesøk

Slik kan det vere ein fin sommermorgen

Slik kan det vere ein fin sommermorgen

God frokost, og no ser dokke kor fint det er om bord i S/Y Aurora

God frokost, og no ser dokke kor fint det er om bord i S/Y Aurora

I dag kom Else Jenny og Stian om bord, Strålande ver, 30 grader.

Velkomst med morgenchampagne med deretter egg og bacon.I dag har vi tatt berre ein runde her i marinaen med litt proviantering og middag «ute».

Vi barka Middelhavsfolket synes det var kjempevarmt i dag då vi måtte leite etter eit vindpust, men desse garva vikingane som no kom på besøk synes varmen er heilt ok.

I morgen hiv vi laust og fer sørover til ei ankringsbukt de vi skal bade og ta livet heilt med ro.,som vanlig:)

Her er det ikkje by, mas, shopping som gjeld, men rett og slett det å kjenne at vi lever og kor herlig det er.

Ha ein fin kveld

 

mvh

Fog V sjefen

Champagnevelkomst

Champagnevelkomst

 

PostHeaderIcon 8.juni 2013

Kan melde om varme dager no. I dag 30 grader, og i kveld ein flott fønvind. Har vaska og ordna  ombord i Aurora til Else Jenny(dotter av Velferds-og Forpleiningssjefen) og samboer Stian kjem på besøk i morgon  førmiddag.

Lurer på om eg skal forkorte denne flotte tittelen min til VF-sjef. så får eg berre legge til bokstaver etter kvart som eg stig i gradene 🙂

På mandag vert det nye oppdaginger av nye øyer og fantastiske bukter .

Ein lokal helt eller kanskje to?

Ein lokal helt eller kanskje to?

PostHeaderIcon 3.juni Carmen reiser

Etter å ha blitt kjent med Cathrine og Stian om bord i Carmen, var det ensten trist at dei reiste frå Hellas.Destinasjonen var Roma, for så vidare å vere med på Atlantic Cruise Race 2013, november med start frå Las Palmas, kanariøyane og ender i Karibien. Vi ynskjer dykk kun det beste.

Helsing Kaptein Bjarne og Forpleinings-og Velferdsjef samt ankeansvarlig, Henny

God tur om bord i Carmen!

God tur om bord i Carmen!

PostHeaderIcon 3.juni 2013

Natt til i dag  har vore våt. Det har tordna og lynt og vi snakker ikkje om mm nedbør.Her var det store centimeter. Har aldri sett så mykje vatn kome ovanfrå i så mange timer,

Det gode med det er at det var veldig reint,så vi har ein nyvaska båt.

Det andre er at vi atter har fått konstantert at S/Y Aurora er tett og at kalesje-systemet er fantastisk.

mvh

Velferds-og forpleiningssjefen;)

Enkelt drivhhus

Enkelt drivhhus