PostHeaderIcon Gjesteblogg frå Lefkas

 

Slik ligg ein på svai har eg lært.

Slik ligg ein på svai har eg lært.

Kalispera, alle bloggens lesarar til lands og til havs!

Då var det endeleg på tide med ein ny gjesteblogg frå Stian og underteikna. Forrige gong var i Spania i 2011, og i år var vi ikkje verre enn at vi hengde oss på til Hellas. På sjøen, i eit Internettlaust landskap, er det lett at ein gløymer både tid og stad. Difor blir det nok ikkje enkelt då ein skal fortelje om alle desse eventyra og havnene ein er innom. Men som mormor brukar å seie : «Så kom dykk dit, og…?»

Jau, så kom vi dit. Vi landa i Korfu den 9.juni, og tok taxi til marianen, der Aurora (båten), Byssejenta (mamma) og Kapteinen ( Bjarne) venta på oss med champagne!

Etter dette har det gått kast i kast – solfaktor 30 og kvitvin har ikkje blitt spart på sidan vi slapp siste foten frå land. Vi har også hatt litt av eit drama, som i etterkant kan beteiknast som ein øvelse for heile mannskapet. Det som skjedde var at underteikna skulle børste håret sitt etter ein dusj (det er langt mellom slike laugardagar på sjøen, så når det først skal børstast, så gjer ein seg flid.) I iverens stund klarte eg å miste børsta på sjøen. Kapteinen foreslo med eitt at eg skulle hoppe uti og redde den, byssejenta hoppa av gammal vane på land for å få oversikt over situasjonen – medan eg kommanderte Stian med ein gong: hent håven på venstre sida i lugaren vår. Stian var snar (sjølv om det i panikkens øyeblikk virka som det tok ei evigheit å oppdrive den der håven) og plutselig hadde vi fått børsta om bord i båten igjen. Då kom det frå kapteinen: «No veit eg korleis du reagerer i ein nødsituasjon, og det er fint for meg som kaptein». For ei som etter eit titalls repetisjonar på både speider og Røde Kors-kurs framleis ikkje husker korleis ein gir hjarte og -lungeredning, så var dette ein bragd. Eg klarte å redde ei hårbørste frå den grusomme død på havet.

Ellers har livet på sjøen vore ganske så udramatisk. Vi har ete mykje deilig gresk mat (som er ein DRAUM i forhold til den spanske maten (eg klarte aldri heilt å legge min elsk på dei svette pølsene i Spania og det mygla brødet, men det er ei anna historie.)

Som det seg hør og bør på ein båt utan nettforbindelse og anna, så utviklar ein sine eigne små kvardagsprosjekt (noko eg kallar ein perfekt ferie der ein tek kvar dag som den kjem). Blant anna kan vi nevne at mamma og eg har vore på myggnett-shopping i eit desperat forsøk på å bli kvitt desse blodtørstige greske fuglane. Vi traff blink med ei gardin som sikkert hadde sett sine betre dager, men som gjorde ein nydelig jobb som myggnetting. Ho vi kjøpte det av selde også ei T-skjorte som fort vart ein favoritt blant mannskapet, med påfølgande tekst: «I am not a plastic bag, this is the dream of every woman.»

Vi maser oss til å segle, sjølv når det går for 2 knop.

Vi maser oss til å segle, sjølv når det går for 2 knop.

Ellers skal det også nevnast at vi følger nøye med på arbeiderpartiets forslag til innføring av dukskatt. Kvifor skal vi skatte på dukar, når dette er eit kvardagsprodukt med eit større potensiale enn berre bordflater (som skjerf, handkle og myggnetting). Vi ventar i spenning, og kjem til å stemme NEI til dukskatt om anledninga byr seg.

Overfartene veit Kapteinen er ein favoritt for oss landkrabbene, så vi har ikkje vore så lenge i kvar havn. Til no har vi vore innom : Ormiskos Valtou, Mourtos, Parga, Preveza og no ligg vi i Lefkada. Fem havner er ikkje dårleg på åtte dagar, og i morgon gleder vi oss til ei lang overfart på heile sju timar! Endå har vi heile seks dagar igjen av denne sommarens segler-eventyr, så følg med oss vidare når mamma blogger frå bøljan blå.

Ship O’hoi, over og ut, Kari og Knut. Sjøsprut.

Ankerdram-skål frå Else Jenny og Stian.

 

Trur ikkje vi kvalifiserer til VM i konebæring, men det ligg faktisk mykje kjærleik i dette biletet.

Trur ikkje vi kvalifiserer til VM i konebæring, men det ligg faktisk mykje kjærleik i dette biletet.

One Response to “Gjesteblogg frå Lefkas”

Leave a Reply