Archive for oktober, 2013

PostHeaderIcon 19.oktober 2013- snart heimreise

Mr.Gilly,liten rund blueskar og kapteinen diskuterer BB King

Mr.Gilly,liten rund blueskar og kapteinen diskuterer BB King

 

Deilig føremiddag. Denne "bordpynten" har følgt oss heilt frå Shetland i 2011

Deilig føremiddag. Denne «bordpynten» har følgt oss heilt frå Shetland i 2011

 

Middelhavet for mine føter

 

 

God laksemiddag ombord

God laksemiddag ombord

 

Då ser vi fram til neste års eventyr i 2014.

Då ser vi fram til neste års eventyr i 2014.

Middelhavet for mine føterMiddelhavet for mine føter

O du herlige :)

O du herlige 🙂

 

Ser fram til neste års seglas

Ser fram til neste års seglas

 

Albania-Lakka-gouvia-Plataria mai 2013 (31)

Slik forgår det når vi tek med "Rollsen" for å erverve oss føde ombord:)

Slik forgår det når vi tek med «Rollsen» for å erverve oss føde ombord:)

No nærmer det seg heimreise for dette året, nærmare bestemt i morgon, søndag.Har skjøna at vi fer frå 30 grader til 5 grader.Då er det berre å starte planlegging for seilaset 2014 som starter i april:):) Inn i mellom må ein  få litt på kontoen også:)Akkurat no sit Velferds-og Forpleiningssjefn oppe på «verandaen» .Vi har hanka tak i eit nett frå ein restaurant, då vår Vodafone gjekk tom for desse «beita».

Må innrømme at i går kveld var vi på ein aldri så liten lime-slang.Du og du kor godt det smaker med denne «lånte» frukta:)

Vil takke alle som har følgt oss på bloggen i år.Håper det har vore litt interessant og at de har fått ei lita innsikt i kor fantastisk båtlivet kan vere.

Vennleg helsing Velferds-ogForpleiningssjefen og Kapteinen.

 

Skal igjen prøve meg på å få lasta  inn nokre bilete.

PostHeaderIcon 16.oktober 2013 Blues-kveld og laks

For ein kveld.! Vi var i utgangspunktet litt trøtte etter ein fantastisk laksemiddag ombord, men som gode vikingar kan ein ikkje avslutte eit slikt omega-måltid med å legge seg(sjølv om det var veldig fristande:))

Vi tok oss ein tur i landsbyen, og der enda vi i kapteinens yndlingshjørne med blues.BB King og heile fjøla. Ja Velferds-og forpleiningssjefen er nok også blitt smitta av denne musikken.

Midt i konserten , i ein ekte BB-King låt, entra ein av publikum scena. Underteikna Velferds-og forpleiningssjef hadde allerie oppdaga denne vesle karen, 160 på strømpelesten, god brun norsk vinterjakke, sixpence og ei altfor kort dongribukse og mutters åleine, så skal seie eg vart forundra over kva denne karen kunne lire ut av seg, Han hade 3 små munnspel i skjortelomma som han mestra fantastisk, og i tillegg ei stemme som var så grov som det grovaste brødet vi får heime.Som ein seier, ein skal ikkje skue hunden på hårene, eller hatten i dette tilfelle.Når han forlet scena , sa bandet: Who was that?

Vi hadde ein triveleg kveld saman med denne forunderlige karen, og vi var 2 glade lakser som for heim til Aurora .

I dag har det vore båtvask,og det er ein bra jobb i varmen, men resultatet vart godt:)

PS! Har problem med innlasting av bilder i kveld, så dokke får få dei i morgon om nettet og brukaren er oppegåande:)

Gode helsinger frå Velferds-og forpleiningssjefen og sjølvsagt kapteinen.

 

PostHeaderIcon Søndag 13.10.2013 28 grader i skuggen:)

jollevask gouvia

Jollevask

Å kor godt det var å bli kvitt lyn, torden og regndråper så store som  perler. Finveret starta i går, og då var det både jollevask g anna vask.Var forresten i 50års kalas i går.Ei sprudlande engelsk dame som har arbeidd på marinaen i mange år.

Slik skal vi ikkje ende opp.Reknar med at borna tek fatt i oss då og sender oss heom:)

Slik skal vi ikkje ende opp!.Reknar med at borna tek fatt i oss då og sender oss heim:)

PostHeaderIcon På appelsin-og lemon»slang»

Oj,oj. I dag har vi vore på god gammeldags «slang». Det kjendes akkurat slik som då vi stal eple frå gamle ,sinte naboer i «gamle dager».Spenninga var kanskje ikjke SÅ

Kapteinen på ville vegar, frista av Velferds-og forpleiningssjefen:)

Kapteinen på ville vegar, frista av Velferds-og forpleiningssjefen:)

 

Velferds-og Forpleiningssjefen er klar for HEILE treet

Velferds-og Forpleiningssjefen er klar for HEILE treet

stor no som då, for vi fann eit nedlagt bruk der det tydlegvis ikkje har vore aktivitet på mange år. Velferds-og Forpleiningssjefen fekk faktisk ærlege og lovlege kaptein Bjarne til å plukke» forbidden fruits» :)Dokumentert på bilete.

PostHeaderIcon 10.oktober 2013- Finveret på plass i gjen

Ja no ser det lysare ut. Klesvask kan hengast ut og solbrillene leitast fram att.

Bøttevask med eit veldig parfymert vaskemiddel. Vi lukter rosa lang veg..

Bøttevask med eit veldig parfymert vaskemiddel. Vi lukter rosa lang veg..

Flott feriehus

Flott feriehus

Bøttevask med eit veldig parfymert vaskemiddel. Vi lukter rosa lang veg..

PostHeaderIcon Oktober og regndager

Vi har vore i hamn sidan søndag då det har regna noko enormt. I går,tirsdag, hadde vi koselig besøk frå Kongsvik i Hornindal.

gouvia 8.0kt 2013 (14)

Koseleg besøk frå Kongsvik

Veret ikkje av det beste akkurat no.

Veret ikkje av det beste akkurat no.

PostHeaderIcon Korfu, Gouvia 6.oktober 2013

Er no tilbake i Hellas etter fine dager i Albania.

Var føre var og kom  oss i hamn før regnskurane sette inne.Ser ut til at det skal vare nokre dager, så då er det berre å kose seg ombord ,og kle oss for veret, noko som vi nordmenn kan.

 

PostHeaderIcon Albania, Serande 3.oktober 2013

3.oktober 2013

Kaster loss for  Albania, Serande, ei grei hamn som no er utbygd for ferjetrafikk. Dei har planer for småbåter, men det tek vel nokre år. Albania er eit flott land, både frodigt og karrigt. Dei har søkt om medlemskap i EU men det er nok ein lang veg å gå då dei har meir enn nok med å tilpasse seg ikkje-kommunisttida .Dei var trass alt kommuniststat inntil 1990-91.

I skrivandes stund er vi der.Nydelig ver og  «greie» priser. Mynteinheita er leca, og der får du  ca 140 leca for ein euro, så her svinger nullane fort. Middag for 2 m/tilbehør blir fort 2500 leca.dvs, ca 125 nok.Grei prisJ

I går bestilte vi guide, engelsktalande, og tok ein rundtur på 5-6 timer for å sjå meir av det sørlege Albania.

Var innom Nasjonakpark på Unesco`s liste,Butrint, og ei kjelde Blue Eye . Vi lærde mykje og er endå meir fasinert av landet.

Skal du dit med båt , må du få telfnr. til Port agent som ordner alt frå papir til sightseeing.

Hamna er ikkje stor for oss småbåter og ferjetrafikken med turister er heftig, men som gode globetrottera kan vi oververe dette.Det skjer i alle fall noko heile dagen, Mykje eksos og  til tider dieselutslepp, men vi har vaskemiddel og vatn, og ein god porsjon med» bagatell-oversjåing»J

Med andre ord, kapteinen og Velferds-og forpleiningssjefen har det veldig bra. Vi var faktisk 2 norske båter der. Koselege karer på tur. No er det berre vi att i hamna.

Vantnoppkome  kalla Blue Eye .Her vart vi klarsynte:)

Vantnoppkome kalla Blue Eye .Her vart vi klarsynte:)

albania okt (8)

Romersk bad i Butrint Albania.

albania okt (14)

Serande hamn

albania okt (50)

Møte med fortida

PostHeaderIcon Ombord igjen ! 29.september 2013

29.september 2013

Då er det tid for å  «opne» bloggen att, for no er  vi om bord i S/Y Aurora , den trauste kapteinen med sin  Velferds-og forpleiningssjef J

Har vore heime  i 3md no, kosa oss med familie og husrestaurering, delteke i oktoberfestival  og opplevd hausten att med herlege plomer, eple og pære i vår vakre hage. Heimen vår er faktisk freda med lik linje som stavkyrkjene  våre. Ei flott perle i Stryn sentrum, gamle lensmannsgarden.

No er det havet som gjeld. Ankom Korfu 29. september etter ei lang reise frå Stryn, ca 20 timer, men vi rakk å helse på born og borneborn inntil Ryanair tok oss dei siste timane til Korfu, nærmare bestemt Gouvia.

Båten var forbausande rein og fin,og ikkje minst , kjempeblid for å sjå oss att.S/Y Aurora smilte bredt då vi mønstra på.Nydelig ver og alt på stell. Mange av «naboane» våre var også komne for å få ei fin forlenging av sommaren.

Vi installerte oss.Tok så ein tur til Korfu by for å få Vodafone(internett) og ikkje minst noko som vi ikkje-EU medlemer «slit» med, dei spesielle bestemmelser innen kvart land i EU, korleis dei skal handheve lovene sine. Nok om det, dei har ein lang veg å gå, og vi må gå saman med deiJ Alt ordner seg i bønn , så kapteinen bruker å seieJ.

Butrint nasjonalpark Albania.Ei vandring gjennom 3000 år

Butrint nasjonalpark Albania.Ei vandring gjennom 3000 år

PostHeaderIcon University Essays Buy

View it if your heritage trainer gives you an occasion for whenever a documentary on the Entire World War I or whatever is arriving on. Advertisement Your support could be really used by us! Please be detailed as you can in your explanation. Ask your parents, whenever you get trapped. Yes No golf How to reach on a fade Can you reveal about Property structure? Or do you get quickly diverted? Begin your preparation. Ensure that it truly is an article on WWI you have written, and not your newest website that is on your profile.

Never consider antidepressants with no advice and direction of the physician.

As water enables you to target maintain glass or a jar of water regional. While performing, you’ll be able to tune in to audio. Advertisement Warm up the human brain. Try informing oneself that you’re going to do your homework right when you are jogging home after you obtain home, or obtaining a ride home. university essays buy Advertisement Methods Receive any gear you will need first, such as university essays buy for example calculator, leader, pen, pad, etc. Or do a while to truly get your brain prepared for this routine that is mental is taken by you? Do not forget that choose something, although beats, and reputation, stone aren’t planning to enable you to finish that you appreciate. Your brain is obviously working, consuming the visible and audio data http://essayscustom.co.uk/buy-essay/ while you are resting observing the tubing.

Narrative poetry the poet narrates a tale through poetic diction’s university essays buy use. Read the rest of this entry »