PostHeaderIcon 16.oktober 2013 Blues-kveld og laks

For ein kveld.! Vi var i utgangspunktet litt trøtte etter ein fantastisk laksemiddag ombord, men som gode vikingar kan ein ikkje avslutte eit slikt omega-måltid med å legge seg(sjølv om det var veldig fristande:))

Vi tok oss ein tur i landsbyen, og der enda vi i kapteinens yndlingshjørne med blues.BB King og heile fjøla. Ja Velferds-og forpleiningssjefen er nok også blitt smitta av denne musikken.

Midt i konserten , i ein ekte BB-King låt, entra ein av publikum scena. Underteikna Velferds-og forpleiningssjef hadde allerie oppdaga denne vesle karen, 160 på strømpelesten, god brun norsk vinterjakke, sixpence og ei altfor kort dongribukse og mutters åleine, så skal seie eg vart forundra over kva denne karen kunne lire ut av seg, Han hade 3 små munnspel i skjortelomma som han mestra fantastisk, og i tillegg ei stemme som var så grov som det grovaste brødet vi får heime.Som ein seier, ein skal ikkje skue hunden på hårene, eller hatten i dette tilfelle.Når han forlet scena , sa bandet: Who was that?

Vi hadde ein triveleg kveld saman med denne forunderlige karen, og vi var 2 glade lakser som for heim til Aurora .

I dag har det vore båtvask,og det er ein bra jobb i varmen, men resultatet vart godt:)

PS! Har problem med innlasting av bilder i kveld, så dokke får få dei i morgon om nettet og brukaren er oppegåande:)

Gode helsinger frå Velferds-og forpleiningssjefen og sjølvsagt kapteinen.

 

Leave a Reply