PostHeaderIcon Albania, Serande 3.oktober 2013

3.oktober 2013

Kaster loss for  Albania, Serande, ei grei hamn som no er utbygd for ferjetrafikk. Dei har planer for småbåter, men det tek vel nokre år. Albania er eit flott land, både frodigt og karrigt. Dei har søkt om medlemskap i EU men det er nok ein lang veg å gå då dei har meir enn nok med å tilpasse seg ikkje-kommunisttida .Dei var trass alt kommuniststat inntil 1990-91.

I skrivandes stund er vi der.Nydelig ver og  «greie» priser. Mynteinheita er leca, og der får du  ca 140 leca for ein euro, så her svinger nullane fort. Middag for 2 m/tilbehør blir fort 2500 leca.dvs, ca 125 nok.Grei prisJ

I går bestilte vi guide, engelsktalande, og tok ein rundtur på 5-6 timer for å sjå meir av det sørlege Albania.

Var innom Nasjonakpark på Unesco`s liste,Butrint, og ei kjelde Blue Eye . Vi lærde mykje og er endå meir fasinert av landet.

Skal du dit med båt , må du få telfnr. til Port agent som ordner alt frå papir til sightseeing.

Hamna er ikkje stor for oss småbåter og ferjetrafikken med turister er heftig, men som gode globetrottera kan vi oververe dette.Det skjer i alle fall noko heile dagen, Mykje eksos og  til tider dieselutslepp, men vi har vaskemiddel og vatn, og ein god porsjon med» bagatell-oversjåing»J

Med andre ord, kapteinen og Velferds-og forpleiningssjefen har det veldig bra. Vi var faktisk 2 norske båter der. Koselege karer på tur. No er det berre vi att i hamna.

Vantnoppkome  kalla Blue Eye .Her vart vi klarsynte:)

Vantnoppkome kalla Blue Eye .Her vart vi klarsynte:)

albania okt (8)

Romersk bad i Butrint Albania.

albania okt (14)

Serande hamn

albania okt (50)

Møte med fortida

2 Responses to “Albania, Serande 3.oktober 2013”

  • Else Jenny says:

    Så herlig det såg ut! Albania er liksom eit land ein ikkje veit så mykje om, så det var kjempesmart at dykk hadde guide. Vi misunner dokke her heime. Ta ein ankerdram for oss! 😉 Klem

  • Hei, på dere! Det ser virkelig ut som Albania er et spennende mål. Vi «tok oss ikke tid» eller kanskje det er mer riktig å si at vi rett og slett ikke helt turde! Men dette ser jo fristende ut! Reklamer for Albania og måten dere kommer dere ut/inn på, kanskje på «langturseilerne»? – skriv hva det koster, hva agenten deres heter og hvordan dere fikk tak i guiden.

    Hyggelig å se at bloggen er aktiv igjen! Har dere anledning til å bli der en stund denne gangen også?

    Hilsen fra Bård&Gry

Leave a Reply