PostHeaderIcon Ombord igjen ! 29.september 2013

29.september 2013

Då er det tid for å  «opne» bloggen att, for no er  vi om bord i S/Y Aurora , den trauste kapteinen med sin  Velferds-og forpleiningssjef J

Har vore heime  i 3md no, kosa oss med familie og husrestaurering, delteke i oktoberfestival  og opplevd hausten att med herlege plomer, eple og pære i vår vakre hage. Heimen vår er faktisk freda med lik linje som stavkyrkjene  våre. Ei flott perle i Stryn sentrum, gamle lensmannsgarden.

No er det havet som gjeld. Ankom Korfu 29. september etter ei lang reise frå Stryn, ca 20 timer, men vi rakk å helse på born og borneborn inntil Ryanair tok oss dei siste timane til Korfu, nærmare bestemt Gouvia.

Båten var forbausande rein og fin,og ikkje minst , kjempeblid for å sjå oss att.S/Y Aurora smilte bredt då vi mønstra på.Nydelig ver og alt på stell. Mange av «naboane» våre var også komne for å få ei fin forlenging av sommaren.

Vi installerte oss.Tok så ein tur til Korfu by for å få Vodafone(internett) og ikkje minst noko som vi ikkje-EU medlemer «slit» med, dei spesielle bestemmelser innen kvart land i EU, korleis dei skal handheve lovene sine. Nok om det, dei har ein lang veg å gå, og vi må gå saman med deiJ Alt ordner seg i bønn , så kapteinen bruker å seieJ.

Butrint nasjonalpark Albania.Ei vandring gjennom 3000 år

Butrint nasjonalpark Albania.Ei vandring gjennom 3000 år

Leave a Reply