Archive for mai, 2014

PostHeaderIcon 15.mai 2014

sami 15 mai 2014 (17)sami 15 mai 2014 (27)sami 15 mai 2014 (21)No har veret «løya» og turen går vidare til Vathi til naboøya Ithaka i morgon. I kveld blir det islandsk torsk ombord, og vi har også fått tak i kål, så ein fårikålmiddag står for tur seinare.
Sami er ein sjarmerande plass og med litt listigheit på hamnekontoret, så er også dei snille mot oss.
I dag har vi hatt desidert tidenenes kortaste visitt på hamnekontoret: 3 min !!! Kanskje fordi der berre var herrer til stades og VOF sjefen som einaste female. Ein god dag 🙂

PostHeaderIcon Framleis Sami 14. mai 2014

Heihei
Etter gode råd frå medseglarar er vi framleis her. I går var det eit fantastisk bad i havet, men i natt kan vi seie det blåste opp litt. Vakna i 4-tida og då stod «han» godt på. Det vart tidleg morgon med ekstra fortøyinger og ikkje minst ekstra fendarar. Vi kom i seng igjen i 7.tida etter å ha ete litt bananer og drukke vatn, som er superkost for superseglarar:))), og i dag skin sola,

Mazda, den beste kvitløksbilen

Mazda, den beste kvitløksbilen

OlaKala i Nidri

OlaKala i Nidri

Vi ser på handleposen kvar vi er :)

Vi ser på handleposen kvar vi er 🙂

Har de ikkje sett hvitløksmannen, så er han her.

Har de ikkje sett hvitløksmannen, så er han her.

men framleis litt vind. Har meldt ein del vind i natt att, så vi tar det med ro her i dag. Nok om været..
Sum og summarium har vi det godt ombord.Akkurat no sit vi på kafe og menger oss i internett frå alle kanter. Kan det vere betre?

PostHeaderIcon Sami 13.mai

Anda på super`n

Anda på super`n

Esel til salgs, men vi avslo, sta som dei er :)

Esel til salgs, men vi avslo, sta som dei er 🙂

Vandringsmenn og kvinner på synfaring

Vandringsmenn og kvinner på synfaring

Ny hekla klesklypepose fra Torill. Tuuusen takk!

Ny hekla klesklypepose fra Torill. Tuuusen takk!

Nok ein fin dag, men som alltid, lite vind , men vi kjem oss fra likevel I det vi entra hamna stemde vi i med Sami Ednan, sidan det akkurat har vore Melodi Grand Prix der vi fekk med oss at noko skjeggete og rart tok gullet
Vi er no komne om lag midt på austsida av same øya.Her kjem vi til å vere til laurdag eller så, då det er meldt regn og vind.Det er vi for godt vane med heime, så derfor ligg vi tørt og trygt ved hamn.Igjen ei fin hamn , og her er det mest nybygg, då Sami vart ramma av dette jordskjelvet i 1953. Underteikna vart fødd då så midt i alt hurlumheiet merka eg ikkje dette ekstra skjelvet.
Kjære lesarar, tenk alt de får vite om desse plassane til de skal til Hellas med båt, bil ,sykkel, eler fly.:)
Som kapteinen sa i går når Vesterålingane skulle fortelje om nokon der i frå som skulle sykle til Tyrkia.
Sitat: Jammen har dei ikkje bil då?
I Sami vart filmen Captain Corelli`s Mandolin innspela.
Ellers har vi funne vannkrana her, så tankane er pr. no fulle, og vi har vaska klede.Solcellene ordner med straum, og med litt forsiktigheit ,( varsemnd)med varmevatnet kan vi kanskje dusje oss på trengande deler av kroppen. 
Eit godt liv for gode nordmenn.
Mvh VOF- sjefen samt Kapteinen, Chiefen og Kommunikasjons-og Vareleverandør, ja faktisk frokostsjef og. 

PostHeaderIcon Fiskardo 12.mai

Fiskardo

Fiskardo

Utleige av varm dusj:) og klesvask

Utleige av varm dusj:) og klesvask

S/Y Aurora

S/Y Aurora

Olivenpresse

Olivenpresse

Kaptein Bjarne i majoneshimmelen

Kaptein Bjarne i majoneshimmelen


Fiskardo er den nordlegaste hamna (for oss i alle fall) på øya Cephalonia, den største øya blant dei ioniske øyane.
Her var eit stort jordskjelv i 1953, men akkurat Fiskardo greidde seg bra.Ei grei hamn, men liten tilgong til vatn og straum. Dette er nok ein typisk turistdestinasjon . Det kunne vi sjå av dei litt høge prisane på restaurantane.
Ein triveleg kveld både om bord og på land. Vi lærde igjen noko nytt, og det var kva ein overlapper er. Det får bli svar på seinare også i lag med strikkepinnane og sjakkelet

PostHeaderIcon 10.mai Sivota

Nydelig dag og ei flott hamn. Her og er mange chartebåter.Akkurat no sit vi på ein bar og faktisk tek ein titt på Melodi Grand Prix. Her har vi også møtt ein annan norsk båt, Nala med Steinar Wiik og Camilla og Leiv Bleidin.Ein koselig gjeng.

PostHeaderIcon 9. mai Nidri

Vi ligg på ei brygge for charterbåter. Har både vatn og straum og ei fin hamneleige på 10 euro pr.døgn.
I morgon går sjøferda vidare til Sivota , igjen ei bitte-bitte lita ferd på og vi tek nok helga der. Vi er då framleis på øya Lefkada,skrivemåten på dette strides blant dei lærde. Vi er eit nysgjerrigt mannskap som vil sjå og oppleve mest muleg på vår reise.
Ein annan dreven segler og Formel 1 kar som vi finn her i Nidri, er svensken/engelskmannen Arne.Han har rett og slått slått seg til ro her i sin seglbåt.På «cv» en sin kan han skilte med byggjing av bil til selveste Pink Floyd.
Hadde ei koselig stund ombord i Arnes båt, Tirana, saman med Eva.

Hyggelig møte med Arne og Eva

Hyggelig møte med Arne og Eva

Godt å ta fram shortsen:)

Godt å ta fram shortsen:)

PostHeaderIcon 8.mai Nidri

Hjertelig velkomst med jollebåren champagne frå Svein

Hjertelig velkomst med jollebåren champagne frå Svein

Biscaya Baccalo under arbeid

Biscaya Baccalo under arbeid

Eit herremåltid under servering:)

Eit herremåltid under servering:)

8.MAI 2014 Nidri

30 grader og faktor 50. Lite vind, mange hunder ombord i båtane men eit fredelig samfunn likevel
Strikkepinner vart det ikkje i går, men derimot heklenål og tyrkisk garn. Summen av desse to faktorane vil de få vite om ei stund.

8. mai er ein stor dag for oss nordmenn, og vi feira den med festmiddag ombord.Flybåren klippfisk frå Vestreålen som på eit blunk var omgjort til Baccalao Biscaya, ei oppskrift som kom frå Spania via Kristiansund som igjen vart oppsnappa av Anna som la poteter i gryta. Ein lys Baccalao(for matinteresserte) der det ikkje er masse tomater som gjer den litt skarpe smaken, men derimot soltørka tomater osv..Oppskrift kan utleverast på forspørsel
Kokkane Harald og Torill laga eit fortreffelig måltid, og Svein Tore var sjølvsagt invitert, ein veldreven segler på alle hav, og som har funne sitt rike her nede.Han kom med med velkomstchampagne og vi hadde ein kjempekoselig kveld om bord .

PostHeaderIcon 7. mai Lefkas

I dag var det dagen for Custom og Port Police. Jammen tok det berre 2 timer!!
Kaptein Bjarne og sin kjære VOF-sjef entra kontora med sin sjarm. Dei såg litt morskt på oss, men når tiltale blei berre til smil og gode historie, blir alt så greit.
Har vandra litt etter sjakkel og strikkepinner i dag, men har håp om å finne dette etter siestaen. Kva dette skal brukast til får de vite i eit seinare innlegg:)))) I morgon går seglaset til Nidri, ein bittebittebitte liten tur, men der venter Svein Tore med både kvite og raude antioksydanter:)

Helsing VOF

PostHeaderIcon 5.mai 2014 på veg til Mourtos

Chiefen treng drivstoff

Chiefen treng drivstoff

Ja, vi er på rett kurs:)

Ja, vi er på rett kurs:)

Tid for å løfte anker og legge kurs mot Mourtos, ca 32 mil. Fantastisk ver til å bli solbrente på for ein nordisk kropp, men med faktor 50 kan vi unsleppe denne pina. Tips Høg faktor, ingen smerter
Undervegs vart det ein liten toalettreparasjon, men det er ingen sak med to drevne maskinister om bord med deler og verktøy som seg hør og bør for slike VOF-sjefen og Torill stod då sjølvsagt ved roret og styrte unna alle små og mellomstore farer som ferjer, måser og andre seglbåter..

Då ligg vi no her i Mourtos. Ei ikkje så stor hamn, men med mange båter likvel. Vi sler med halen mot
kaia så vass-spruten står til knes, men kva gjer vel det for vestlendinger og nordlenger som har kjent eit støvelskaft før
VOF- sjefen har enno ikkje fått i stand sitt internett, så ho skriv på word inntil det kan sendast avgarde.Både kapteinen og VOF sjefen har drøymt om å ete ein hamburger i 2 år no og her tok vi rev og bestilte oss kvar sin, ja det gjorde Torill og Harald også.For VOF-sjefen var tok tanken betre enn smaken, så det får bli med den eine ei stund

Varme 26 graders helsinger frå VOF-sjefen, kaptein Bjarne, Chiefen Harald og Kommunikasjons-sjef Torill

6.mai 2014 Lefkas
Vakna til ferdig frokost igjen, vel tilberedd av det Vesterålske mannskapet. Kasta loss i 10.30-tida med kurs for Lefkas , ca 40 mil i eit fantastik ver for oss soljenter, men for S/Y Aurora som liker litt vind i segla var det ikkje store håpet for det.
Vi tek godt vare på helsa vår her om bord, både med nok antioksydanter og urter Det er også appelsinsesong her så det hindrer at vi får sjørbuk.
Chiefen, Harald har fått oppgåve frå kapteinen å spleise tau, og det ser ut til at han som god sjømann har teken på dette. VOF sjefen har fått litteratur i gåve frå eine dottera som syner denne» flettinga» steg for steg, så ein gong kan det hende eg skal greie det .
Vi koser oss i 26 grader og reknar med å vere i hamn i 17 tida i dag.

PostHeaderIcon Albania 3.mai 2014

Vi kjøpte oss nye sko i Albania. Frå venstre: Kapteinens - VOF sjefens sko -Kommunikasjonssjefens sko  og Chiefen sine :)

Vi kjøpte oss nye sko i Albania. Frå venstre:
Kapteinens – VOF sjefens sko -Kommunikasjonssjefens sko og Chiefen sine 🙂

I ly for regnveret i Saranda sentrum. Bakgrunnen gløymde vi å sjekke

I ly for regnveret i Saranda sentrum. Bakgrunnen gløymde vi å sjekke

Ein liten men fin overfart frå Korfu . Dette var møte med eit nytt land for Torill og Harald.
Vi hadde kjempefin hamneplass , for det ordna vår mann i Albania, VASIL. Ja det er no ikkje plass til meir enn 4-5 båter der, men det ser ikkje ut til at trafikken til dette ukjende landet er så stor. Vil likevel anbefale andre å ta turen innom, men husk igjen at du treng ein agent som tek i mort deg og som ordner med alle dokument. Myntenheita heiter Leke.Ein blir ein litt gjerrige her når vi tek ut 10.000 leke frå automat, men det er ikkje verre enn ca 75 euro Og, ein anna viktig sak. Kjem du frå Hellas og har stilla klokka ein time fram når du kjem heimafrå, må du stille den tilbake her.
Lure som vi er, leigde vi oss ein historiker med bil, ja tenk ein historiker med bil og ikkje sykkel! Vi tok ei synfaring i dette forjette landet som endeleg er sjølvstendig . Fattigsleg er det etter så mange styre og politiske retninger, men folket er framleis optimister og tek godt vare på oss turister og sjøfarande sjølv om det nok vil ta sin tid for å byggje landet, som det heiter så fint i VÅR nasjonalsong.

Vi kan vel seie at det stort sett regna dei 3 dagane vi var der, men for vest-og nordlendinger er det inga hindring for opplevingar og fanteri. Vi reiste til ein landsby ca 1,5 timers kjøyring, med namn Gjirokastra, der det m.a hadde vore okkupasjon av tyrkarar. Vi var Gjirokastra Castle som no var museum med kinesisk produserte kanoner og amerikanske fly. Ei tid vart festninga brukt som fengsel for menneske med andre politiske haldninger. Jaja, litt historie og viten må vi ta med på vår fantastike reise.Kanskje det ikkje interesserer dokke men vi må skrive det i denne blogg-dagboka vår, sjølv om kaptein Bjarne skriv sirleg og nøyaktig loggbok, trur vi mannskapet då
Kan no ta med som siste info at her er ca 60% muslimer, dei restrerande, som blir 40 % har VOF-sjefen lært i folkeskulen,ein skule der det er folk, er fordelt på kristne og ortodokse.

Det vart og ein tur til Blue Eye, eit naturoppkome av vatn som forsyner det meste av Serande, som hamnelandsbyen heiter.

Torill og Harald ved Blue Eye

Torill og Harald ved Blue Eye

To gode "busser" samla i ein trestamme:)

To gode «busser» samla i ein trestamme:)

Torill i VOF sjefen i damenes salong.

Torill i VOF sjefen i damenes salong.

Ein nøgd kar vi møtte på Gjirokastra Castle. Han likte at vi tok bilde.Ja det taler for seg sjølv.

Ein nøgd kar vi møtte på Gjirokastra Castle. Han likte at vi tok bilde.Ja det taler for seg sjølv.

Hadde for korte hender:) Legg merke til fuglen på hovudet, av skulpturen altså.

Hadde for korte hender:) Legg merke til fuglen på hovudet, av skulpturen altså.

Vi kjøpte oss nye sko i Albania. Frå venstre: Kapteinens - VOF sjfen-Kommunikasjonssjefen og Chiefen.

Vi kjøpte oss nye sko i Albania. Frå venstre:
Kapteinens – VOF sjfen-Kommunikasjonssjefen og Chiefen.