PostHeaderIcon 5.mai 2014 på veg til Mourtos

Chiefen treng drivstoff

Chiefen treng drivstoff

Ja, vi er på rett kurs:)

Ja, vi er på rett kurs:)

Tid for å løfte anker og legge kurs mot Mourtos, ca 32 mil. Fantastisk ver til å bli solbrente på for ein nordisk kropp, men med faktor 50 kan vi unsleppe denne pina. Tips Høg faktor, ingen smerter
Undervegs vart det ein liten toalettreparasjon, men det er ingen sak med to drevne maskinister om bord med deler og verktøy som seg hør og bør for slike VOF-sjefen og Torill stod då sjølvsagt ved roret og styrte unna alle små og mellomstore farer som ferjer, måser og andre seglbåter..

Då ligg vi no her i Mourtos. Ei ikkje så stor hamn, men med mange båter likvel. Vi sler med halen mot
kaia så vass-spruten står til knes, men kva gjer vel det for vestlendinger og nordlenger som har kjent eit støvelskaft før
VOF- sjefen har enno ikkje fått i stand sitt internett, så ho skriv på word inntil det kan sendast avgarde.Både kapteinen og VOF sjefen har drøymt om å ete ein hamburger i 2 år no og her tok vi rev og bestilte oss kvar sin, ja det gjorde Torill og Harald også.For VOF-sjefen var tok tanken betre enn smaken, så det får bli med den eine ei stund

Varme 26 graders helsinger frå VOF-sjefen, kaptein Bjarne, Chiefen Harald og Kommunikasjons-sjef Torill

6.mai 2014 Lefkas
Vakna til ferdig frokost igjen, vel tilberedd av det Vesterålske mannskapet. Kasta loss i 10.30-tida med kurs for Lefkas , ca 40 mil i eit fantastik ver for oss soljenter, men for S/Y Aurora som liker litt vind i segla var det ikkje store håpet for det.
Vi tek godt vare på helsa vår her om bord, både med nok antioksydanter og urter Det er også appelsinsesong her så det hindrer at vi får sjørbuk.
Chiefen, Harald har fått oppgåve frå kapteinen å spleise tau, og det ser ut til at han som god sjømann har teken på dette. VOF sjefen har fått litteratur i gåve frå eine dottera som syner denne» flettinga» steg for steg, så ein gong kan det hende eg skal greie det .
Vi koser oss i 26 grader og reknar med å vere i hamn i 17 tida i dag.

Leave a Reply