PostHeaderIcon 8.mai Nidri

Hjertelig velkomst med jollebåren champagne frå Svein

Hjertelig velkomst med jollebåren champagne frå Svein

Biscaya Baccalo under arbeid

Biscaya Baccalo under arbeid

Eit herremåltid under servering:)

Eit herremåltid under servering:)

8.MAI 2014 Nidri

30 grader og faktor 50. Lite vind, mange hunder ombord i båtane men eit fredelig samfunn likevel
Strikkepinner vart det ikkje i går, men derimot heklenål og tyrkisk garn. Summen av desse to faktorane vil de få vite om ei stund.

8. mai er ein stor dag for oss nordmenn, og vi feira den med festmiddag ombord.Flybåren klippfisk frå Vestreålen som på eit blunk var omgjort til Baccalao Biscaya, ei oppskrift som kom frå Spania via Kristiansund som igjen vart oppsnappa av Anna som la poteter i gryta. Ein lys Baccalao(for matinteresserte) der det ikkje er masse tomater som gjer den litt skarpe smaken, men derimot soltørka tomater osv..Oppskrift kan utleverast på forspørsel
Kokkane Harald og Torill laga eit fortreffelig måltid, og Svein Tore var sjølvsagt invitert, ein veldreven segler på alle hav, og som har funne sitt rike her nede.Han kom med med velkomstchampagne og vi hadde ein kjempekoselig kveld om bord .

Leave a Reply