PostHeaderIcon Albania 3.mai 2014

Vi kjøpte oss nye sko i Albania. Frå venstre: Kapteinens - VOF sjefens sko -Kommunikasjonssjefens sko  og Chiefen sine :)

Vi kjøpte oss nye sko i Albania. Frå venstre:
Kapteinens – VOF sjefens sko -Kommunikasjonssjefens sko og Chiefen sine 🙂

I ly for regnveret i Saranda sentrum. Bakgrunnen gløymde vi å sjekke

I ly for regnveret i Saranda sentrum. Bakgrunnen gløymde vi å sjekke

Ein liten men fin overfart frå Korfu . Dette var møte med eit nytt land for Torill og Harald.
Vi hadde kjempefin hamneplass , for det ordna vår mann i Albania, VASIL. Ja det er no ikkje plass til meir enn 4-5 båter der, men det ser ikkje ut til at trafikken til dette ukjende landet er så stor. Vil likevel anbefale andre å ta turen innom, men husk igjen at du treng ein agent som tek i mort deg og som ordner med alle dokument. Myntenheita heiter Leke.Ein blir ein litt gjerrige her når vi tek ut 10.000 leke frå automat, men det er ikkje verre enn ca 75 euro Og, ein anna viktig sak. Kjem du frå Hellas og har stilla klokka ein time fram når du kjem heimafrå, må du stille den tilbake her.
Lure som vi er, leigde vi oss ein historiker med bil, ja tenk ein historiker med bil og ikkje sykkel! Vi tok ei synfaring i dette forjette landet som endeleg er sjølvstendig . Fattigsleg er det etter så mange styre og politiske retninger, men folket er framleis optimister og tek godt vare på oss turister og sjøfarande sjølv om det nok vil ta sin tid for å byggje landet, som det heiter så fint i VÅR nasjonalsong.

Vi kan vel seie at det stort sett regna dei 3 dagane vi var der, men for vest-og nordlendinger er det inga hindring for opplevingar og fanteri. Vi reiste til ein landsby ca 1,5 timers kjøyring, med namn Gjirokastra, der det m.a hadde vore okkupasjon av tyrkarar. Vi var Gjirokastra Castle som no var museum med kinesisk produserte kanoner og amerikanske fly. Ei tid vart festninga brukt som fengsel for menneske med andre politiske haldninger. Jaja, litt historie og viten må vi ta med på vår fantastike reise.Kanskje det ikkje interesserer dokke men vi må skrive det i denne blogg-dagboka vår, sjølv om kaptein Bjarne skriv sirleg og nøyaktig loggbok, trur vi mannskapet då
Kan no ta med som siste info at her er ca 60% muslimer, dei restrerande, som blir 40 % har VOF-sjefen lært i folkeskulen,ein skule der det er folk, er fordelt på kristne og ortodokse.

Det vart og ein tur til Blue Eye, eit naturoppkome av vatn som forsyner det meste av Serande, som hamnelandsbyen heiter.

Torill og Harald ved Blue Eye

Torill og Harald ved Blue Eye

To gode "busser" samla i ein trestamme:)

To gode «busser» samla i ein trestamme:)

Torill i VOF sjefen i damenes salong.

Torill i VOF sjefen i damenes salong.

Ein nøgd kar vi møtte på Gjirokastra Castle. Han likte at vi tok bilde.Ja det taler for seg sjølv.

Ein nøgd kar vi møtte på Gjirokastra Castle. Han likte at vi tok bilde.Ja det taler for seg sjølv.

Hadde for korte hender:) Legg merke til fuglen på hovudet, av skulpturen altså.

Hadde for korte hender:) Legg merke til fuglen på hovudet, av skulpturen altså.

Vi kjøpte oss nye sko i Albania. Frå venstre: Kapteinens - VOF sjfen-Kommunikasjonssjefen og Chiefen.

Vi kjøpte oss nye sko i Albania. Frå venstre:
Kapteinens – VOF sjfen-Kommunikasjonssjefen og Chiefen.

Leave a Reply