Archive for mai, 2014

PostHeaderIcon Hellas 1.mai 2014

Som nemnd tidlegare så har dokke nok fått med at vi skal på segling att. Det er ikkje så greit med nett, men her kjem ei lita oppdatering.
Reiste frå 20 grader heime, og kom til 20 grader og regn, men som døtra til underteikna sa: Dokke e no i utlandet så då spelar det vel inga rolle.
Jaja. Det har no regna godt men no ser vi lysning.Vi har teke fram seglerstøvlane våre som er grøne på høgrefoten og raude på venstrefoten.Det blir då styrbord grøn, og babord raud, som det heiter på båtspråket. Dette gjeld i alle fall alle som er over 5 år og tek støvlen på rette foten.
I dag mønstrar Torill og Harald på. Det kjekke mannskapet frå Bø i Vesterålen som har segla Middelhavet i Colin Archer.Til de som ikkje veit kva dette er, så er det ei treskute som vart konstruert av ein engelskmann som bygde denne som redningsskøyte i «gamle dager»
For de garva sjømenn som les bloggen vår vil underteikna, Velferds-og Forpleiningssjefen berre opplyse at underteikna og tek hensyn til lesarar som kanskje ein gong har tenkt seg på havet slik at dei skjønar ymse tekniske spørsmål.Velferds-og Forpleiningssjefen, heretter berre kalla VOF, har ein kaptein å spørje om slike vanskelige ting. Nok om det.:)
Då har vi fått fantastisk mannskap frå Bø i Vesterålen om bord. Champagnevelkomst høyerer med i lag med gode historier, og ikkje minst klippfisk, tørrfisk og Melbukaviar + anna godt som ein finn på ei utanlandsreise
Sidan det er 1. mai og helligdag her som elles i Europa, har vi øvd på parolesongen, men er ikkje heilt i mål med den endå.Hadde ikkje inter nett så vi kunne få notane frå han Stoltenberg før han fer til Nato, og no er dagen i ferd med å ebbe ut..
I morgon er planen Albania, eit interessant land som mange har høyrt om men ikkje vore der.Vi tok turen i fjor haust også. Det er ikkje eit land der du berre kan legge til kai utan vidare. Nei, du må ha ein agent i Albania som du har «booka» på førhand. Han tek seg av det formelle i transithamna.
Ha det godt kjære lesarar. Kjem med meir nytt når Vodafonen er plugga inn.

Mvh
VOF

aurora april 2014 (1)

1.mai 2014 gouvia (6)

1.mai 2014 gouvia (7)

Kjærlig velkomst .Vesterålen velkomen med champagne.

Kjærlig velkomst .Vesterålen velkomen med champagne.

1.mai 2014 gouvia (1)

VOF sjefen i nøttehimmelen

VOF sjefen i nøttehimmelen

Moods of Norway seglerjakke er berre heilt super !!

Moods of Norway seglerjakke er berre heilt super !!

Også jakke og sko.Kan anbefalast:)

Også jakke og sko.Kan anbefalast:)