PostHeaderIcon Sami 13.mai

Anda på super`n

Anda på super`n

Esel til salgs, men vi avslo, sta som dei er :)

Esel til salgs, men vi avslo, sta som dei er 🙂

Vandringsmenn og kvinner på synfaring

Vandringsmenn og kvinner på synfaring

Ny hekla klesklypepose fra Torill. Tuuusen takk!

Ny hekla klesklypepose fra Torill. Tuuusen takk!

Nok ein fin dag, men som alltid, lite vind , men vi kjem oss fra likevel I det vi entra hamna stemde vi i med Sami Ednan, sidan det akkurat har vore Melodi Grand Prix der vi fekk med oss at noko skjeggete og rart tok gullet
Vi er no komne om lag midt på austsida av same øya.Her kjem vi til å vere til laurdag eller så, då det er meldt regn og vind.Det er vi for godt vane med heime, så derfor ligg vi tørt og trygt ved hamn.Igjen ei fin hamn , og her er det mest nybygg, då Sami vart ramma av dette jordskjelvet i 1953. Underteikna vart fødd då så midt i alt hurlumheiet merka eg ikkje dette ekstra skjelvet.
Kjære lesarar, tenk alt de får vite om desse plassane til de skal til Hellas med båt, bil ,sykkel, eler fly.:)
Som kapteinen sa i går når Vesterålingane skulle fortelje om nokon der i frå som skulle sykle til Tyrkia.
Sitat: Jammen har dei ikkje bil då?
I Sami vart filmen Captain Corelli`s Mandolin innspela.
Ellers har vi funne vannkrana her, så tankane er pr. no fulle, og vi har vaska klede.Solcellene ordner med straum, og med litt forsiktigheit ,( varsemnd)med varmevatnet kan vi kanskje dusje oss på trengande deler av kroppen. 
Eit godt liv for gode nordmenn.
Mvh VOF- sjefen samt Kapteinen, Chiefen og Kommunikasjons-og Vareleverandør, ja faktisk frokostsjef og. 

Leave a Reply