Archive for juni, 2014

PostHeaderIcon 26.06.2014 Varmen tek oss snart:)

Då er som sagt varmen komen i Hellas.35 grader  er ikke å forakte , men ein liiiiten bris hadde no vore godt, men uansett gjer det nok godt for kropp og sjel:), berre vi ikkje tek på oss altfor harde arbeidsoppgåver ombord.

Fekk i går kveld vitjing frå»Honndalen», kapteinens heimkommune og hans familie. Det vart eit koseleg gjensyn, så no skal vi segle avgarde med dei for nye opplevinger.Vi kaster loss i morgon.

Tradisjonen tru møter vi gjestene våre med ein god champagne.

Tradisjonen tru møter vi gjestene våre med ein god champagne.

 

Innsetting av ny propell i "påhengaren" har vi jammen svetta for:)

Innsetting av ny propell i «påhengaren» har vi jammen svetta for:)

 

VOF-sjefen i frukthimmelen

VOF-sjefen i frukthimmelen

 

Ja, vi er nybada!

Ja, vi er nybada!

 

PostHeaderIcon 25.juni Lefkas

Heihei

Ja no er det ei stund sidan sist vi har snakkast kjære lesarar.Det er rett og slett på grunn av at vi har vore på svai, både slik og slik:), altså for anker uten internett.

Port Atheni er ei fantastik bukt å ligge på svai. Hoppe i havet når varmen tek overhand, og vandre på land til små landsbyer.

Har sjølvsagt vore ein tur innom vår gode ven i Nidri, Svein, som alltid møter oss med godt humør og oppdateringer 🙂

No er vi i hamn i Lefkas marina der vi boltrer oss både med vatn og straum.Ja tenk på kor si set pris på slik «luksus», noko som ikkje streifer oss heime:(

I morgen får vi besøk frå Norge ei vekes tid. Kapteinen sin eldste son, Frank m/familie. Det blir då litt øyhopping.

Ellers er det no vedlikehald når vi er i land, som nye toalettslager, anker, flugenetting etc.Må igjen prise Ommedal Manufaktur for det svarte brudesløret som fungerer som all verdens beste myggnetting, og for ikkje å snakke om den fantastisk rullen med strikk. Jaja, kanskje ikkje så interessant for dokke, men vi kan sove trygt uten å vakne som to raudprikkete nordmenn.

Ha ein fin dag alle:)

VOF-sjefen

Her er VOF sjefen i full gong med veving av linstoff.

Her er VOF sjefen i full gong med veving av linstoff.

Ja slik kan det sjå ut når kapteinen tek fram smykkeskrina sine:)

Ja slik kan det sjå ut når kapteinen tek fram smykkeskrina sine:)

PostHeaderIcon Vathi 15.juni

Då forlater vi denne hamna. Har fått bunkra vatn og hatt landstraum.Her er faktisk heilt fullt med båter, sjølv om kapasiteten er stor her i Vathi.Forbausande mykje svensker, på godt og vondt:)

Nasjonalretten Gyros.Hellas sin fastfood.

Nasjonalretten Gyros.Hellas sin fastfood.

 

Temperaturen held oss fortsatt varme i den vesle trøya vi har på, og no går turen til Port Athena. Ny hamn, nye opplevinger.

Eit svabreg, sandaler og krystallklart hav, ei god investering for helsa 🙂
Vathi 24 juni 2014 (23)

PostHeaderIcon 14.juni Vathi

I følge yr.no er her 17 grader, men kan opplyse at her er dubbelt så mykje, 35 grader. Har jolla oss ut til eit  nes medbragt gode fordøyingssaker, bada og kosa oss verre enn verst. Du og du for eit liv!Ja dokke kan berre misunne oss 🙂 , men det er berre å ta fatt i  det korte 24 Vathi 24 juni 2014 (22) Vathi 24 juni 2014 (19)livet ein har:)

PostHeaderIcon 10.juni Abiliki bay

Nydelig bukt.Her ankra vi opp og  kosa oss med bading og god mat på resturanten til Svein:)

Vi var faktisk 4 norske båter her, og det er sjeldent syn i ei lita bukt. Det var Boogie, Spinnwill,Unique og flotte Aurora. No har vi vore for anker ei og ei halv veke, så det er på tide å ta inn til hamn for å få vatn  og straum(varmtvatn) Kan vere godt å skylle seg med god effekt av såpa. Kapteinen fekk og sommerfrisyre av ambulerande frisør Hege frå båten Monsum.lefkas juni 2014 hege og harald (11)

Mange koselege grekarar på vår vandring gjennom bakgatene

Mange koselege grekarar på vår vandring gjennom bakgatene

PostHeaderIcon Nidri 7.- 9. juni

 

 

No er varmen verkeleg komen til Hellas. Vi har 30 grader  og fantastisk badever.

Plutselig i kveld mørkna det til og eit forrykande tordenver med tilhøyrande regn ausa over oss. Sjøen kokte av straumer, så her var det alle mann til gluggane for å late dei att!

Vi ligg på svai inne i ei fin bukt .Tydelegvis populær ankringsområde då vi faktisk er ganske mange her.

I går var det grilling ombord i Unique, med Svein som superkokk.   Ein kjempekoselig kveld.

Har framleis problem med bileta men dokke får berre misunne og forstille dokke kor superdupert vi har det:)))

Kor sjøvegen går vidare denne veka veit vi ikkje endå. Vi får sjå …

Framleis ein svett  VOF sjef. Har forresten ordna med nyggnetting frå Ommedal Manufatur i Stryn, og den strikken du leverte  Elin kan strekkast 100% og er heilt fantastik, og godt val med svart myggnetting, eller som nokon bruker det til, brudeslør, sjølv om det kan vere litt trist farge:). Den har  i alle fall spart oss for mange uplasserte stikk 🙂

 

PostHeaderIcon Lefkas 4. juni 2014

 

 

Jammen møtte vi på Hege og Harald om bord i Monsun. Det vart gledeleg gjenmøte og nokre koselige dager om bord.

For første gong fekk vi privat frisør om bord, så Hege kan verkeleg anbefalast! J

Vi tok farvel med dei i  Lefkas, då dei er på tur nordover til  Norge att etter eit godt år på havet.

Takk for eit svært hyggelig bekjentskapJ Håper vi møtast igjen, Harald børsemaker / snikker ,og Hege som  ein fantastisk frisør!

Her er det «sjitnett» så bilde får kome seinare.

 

Ein heit VOF sjef. Ha det fint alle som følger oss 🙂

PostHeaderIcon 1.juni Stryn 2014

Vi har vore heime snart 14 dager. I kveld går turen til Gardemoen og i morgon er vi i Lefkas.

PostHeaderIcon 19.mai framleis Kioni

Eit langt og trist døgn.Min far døde i kveld og vi drar heim til Stryn. Vi segler til Lefkas og vårt gode mannskap tek seg av det praktiske med S/Y Aurora. Dei blir ombord ei veke.

Torill og Harald. Eit fantastisk mannskap

Torill og Harald. Eit fantastisk mannskap

PostHeaderIcon 18.mai Kioni

 

Ein liten tripp rundt neset, så er vi i Kioni. Framleis på Ithaca, Odysseus øy. Tenkte vi no skulle sjekke opp om finn finn sjølvaste palasset og nymfegrottene.Sistnemnde er dei mannlege ombord mest ivrige på å finne.:)

Vesterålingane fekk også helse på gamle kjende frå vinteren i Cartagena.

Planen er kanskje å gå vidare til Frikes, framleis på same øy som vi er.

Det som imidlertid syner seg i dag er at VOF sjefen har tatt masse bilde  på 17. mai, men,men uten brikke.Den stod trygt og godt i laptoppen.!! HEILE

Vi lurte på ny traktor om jordbruksoppgjeret vart dårleg.

Vi lurte på ny traktor om jordbruksoppgjeret vart dårleg.

Ambulerande "Til Bords"

Ambulerande «Til Bords»

Kapteinen med nyproduserte strikkasokker. Design og handverk: Torill.

Kapteinen med nyproduserte strikkasokker. Design og handverk: Torill.