PostHeaderIcon 25.juni Lefkas

Heihei

Ja no er det ei stund sidan sist vi har snakkast kjære lesarar.Det er rett og slett på grunn av at vi har vore på svai, både slik og slik:), altså for anker uten internett.

Port Atheni er ei fantastik bukt å ligge på svai. Hoppe i havet når varmen tek overhand, og vandre på land til små landsbyer.

Har sjølvsagt vore ein tur innom vår gode ven i Nidri, Svein, som alltid møter oss med godt humør og oppdateringer 🙂

No er vi i hamn i Lefkas marina der vi boltrer oss både med vatn og straum.Ja tenk på kor si set pris på slik «luksus», noko som ikkje streifer oss heime:(

I morgen får vi besøk frå Norge ei vekes tid. Kapteinen sin eldste son, Frank m/familie. Det blir då litt øyhopping.

Ellers er det no vedlikehald når vi er i land, som nye toalettslager, anker, flugenetting etc.Må igjen prise Ommedal Manufaktur for det svarte brudesløret som fungerer som all verdens beste myggnetting, og for ikkje å snakke om den fantastisk rullen med strikk. Jaja, kanskje ikkje så interessant for dokke, men vi kan sove trygt uten å vakne som to raudprikkete nordmenn.

Ha ein fin dag alle:)

VOF-sjefen

Her er VOF sjefen i full gong med veving av linstoff.

Her er VOF sjefen i full gong med veving av linstoff.

Ja slik kan det sjå ut når kapteinen tek fram smykkeskrina sine:)

Ja slik kan det sjå ut når kapteinen tek fram smykkeskrina sine:)

Leave a Reply