PostHeaderIcon Nidri 7.- 9. juni

 

 

No er varmen verkeleg komen til Hellas. Vi har 30 grader  og fantastisk badever.

Plutselig i kveld mørkna det til og eit forrykande tordenver med tilhøyrande regn ausa over oss. Sjøen kokte av straumer, så her var det alle mann til gluggane for å late dei att!

Vi ligg på svai inne i ei fin bukt .Tydelegvis populær ankringsområde då vi faktisk er ganske mange her.

I går var det grilling ombord i Unique, med Svein som superkokk.   Ein kjempekoselig kveld.

Har framleis problem med bileta men dokke får berre misunne og forstille dokke kor superdupert vi har det:)))

Kor sjøvegen går vidare denne veka veit vi ikkje endå. Vi får sjå …

Framleis ein svett  VOF sjef. Har forresten ordna med nyggnetting frå Ommedal Manufatur i Stryn, og den strikken du leverte  Elin kan strekkast 100% og er heilt fantastik, og godt val med svart myggnetting, eller som nokon bruker det til, brudeslør, sjølv om det kan vere litt trist farge:). Den har  i alle fall spart oss for mange uplasserte stikk 🙂

 

Leave a Reply