Archive for juni, 2014

PostHeaderIcon 16.-17.mai Vathi,Ithaca Hellas

 

 

16.-17.mai Vathi, Ithaca.

Kom tidleg på dagen då mange hadde vore til hamn grunna det litt travle veret som var i 3 dager.
Fekk koseleg besøk av 2 kjekke «ungdomer» frå Vang, som hadde segla frå Norge(ikkje Vang) i mai 2013 og skulle tilbake til Norge i august i år. Det var Hege og Harald med båten Monsunen, ei flott og velhalden trebåt.
Sidan vår nasjonaldag stod for tur neste dag vart det komitemøte for stadfesting av program, og mannskapet om bord i S/Y Aurora let ikkje ei feiring gå frå seg.
Vi nemnde i farta til nabobåten frå Østerrike, at vi hadde ein stor dag neste dag.
Først vakna kapteinen og VOF sjefen av eit voldsomt trommebrøl, som bestod av 2 pannelok.Deretter fyrte østerrikarane av med «tut på boks», signalflaggrekka vart høgtidleg heisa opp av Kapteinen og Chiefen, medan Torill stod for fanfaren med messingblåsertuten.Heiter nok horn på fagspråket og skal berre brukast 17. mai og i andre naudsituasjoner.
Hege og Harald kom om bord med 17.mai saft .Det vart is og lunsj på byen med medbrakt duk og servietter.
Hovedmenyen var om bord i S/Y Aurora , og gjett: Heimelaga fårikål. Vi åt oss ut av bord og benker, og kvelden enda med spel og fanteri.

 

Under ein ekspedisjon er det alltid godt å finne ein "kafe", om vi kunne kalle det denne gongen:)

Under ein ekspedisjon er det alltid godt å finne ein «kafe», om vi kunne kalle det denne gongen:)

 

Reine landhandelsen!

Reine landhandelsen!