Archive for juli, 2014

PostHeaderIcon

Yr melder 21 grader her vi er. Dei FAKTISKE gradene er 35 !, så no held varmen på å ta oss:)

Kapteinen har proklamert at airconditions- maskina vår skal koplast på i kveld. Ja , VOF-sjefen kan faktisk vere enig i den beslutninga.

No er det like før heimreise og tilbake til restaurering av vårt staslige, freda hus i Stryn, lensmannsgarden Tingvoll. S/Y Aurora blir no liggande i marinaen i Lefkas, Hellas, til vi kjem tilbake i september.Vil så lang takke alle som er med oss på reisa via bloggen, og håper dokke har fått eit innblikk i korleis ein VOF-sjef har det.:) Ja, ein kan vel ikkje ha eit betre liv enn dette.

S/Y Aurora vel nøgd med sitt solsegl.Ja, det er mannskapet også

S/Y Aurora vel nøgd med sitt solsegl.Ja, det er mannskapet også

 

På denne "pieren" ligg S/Y Aurora. Ei gate med mange italienarar, jaja , det får no så vere:)

På denne «pieren» ligg S/Y Aurora. Ei gate med mange italienarar, jaja , det får no så vere:)

Kanskje dette blir vår nye farkost om mange, mange år:)Kanskje dette blir vår nye farkost om mange, mange år:)

Vi gleder oss til neste seglas!

Vi gleder oss til neste seglas!

PostHeaderIcon Flybilletter bestilt

Då er det avreise førstkomande torsdag.Mykje leiting etter billetter.Vi jobber og klargjer S/Y Aurora så ho kan ligge trygt og godt ved hamn i Lefkas , Hellas, til vi kjem tilbake i haust.

 

Segl er teke ned, kalesje vaska og pakka, og stuva i ein av lugarane

Segl er teke ned, kalesje vaska og pakka, og stuva i ein av lugarane

 

Capsane er hengt på plass, falma men velbrukte i varmen

Capsane er hengt på plass, falma men velbrukte i varmen

 

Ikkje akkurat S/Y Aurora, men eit fantastisk handlaga bursdagskort som VOF- sjefen fekk i år:)

Ikkje akkurat S/Y Aurora, men eit fantastisk handlaga bursdagskort som VOF- sjefen fekk i år:)

 

PostHeaderIcon Snart heimreise

Då har vi hatt besøk av familien Øen, vore 7 personer ombord og det har gått veldig fint.Har teke føre oss litt av «kremen» her i nærområdet, så no er det like før vi har andeføter grunna  bading:)

No er vi i hamn, vasker jolle, ned med segl, vaske i det store og heile.Ja litt motorgreie skal ordnast, men det er no kapteinens ansvar.Det får no vere grense for kva ein VOF-sjef skal kunne:)

Varmen et seg inn på oss, og sola steiker, men vi tenkjer først og fremst på å få i oss D-vitaminer frå sola, og antioksydanter fra all den gode vinen.

Då møntstrer mannskapet av for å reise til Parga på hotellferie

Då møntstrer mannskapet av for å reise til Parga på hotellferie

Kapteinen var ikkje verre på det enn å leie ein sykkel med motor

Kapteinen var ikkje verre på det enn å leie ein sykkel med motor

Nybada.Ein grunn for at VOF -sjefen har capsen der den er. Ganske våt badebukse under:)

Nybada.Ein grunn for at VOF -sjefen har capsen der den er. Ganske våt badebukse under:)

Med mykje gåing tek vi den enklaste løysinga.

Med mykje gåing tek vi den enklaste løysinga.

Vi kan trygt seie at Gyros var favoritten:)

Vi kan trygt seie at Gyros var favoritten:)